Menn står for det meste av bookinga i festival-Noreg

1 hour ago 4


– Det er ingenting som tilseier at ein mann kan gjere den jobben betre enn ei kvinne, meiner bookingsjef Ingvild Nordfonn i Utkantfestivalen.

No etterlyser ho jamnare kjønnsbalanse blant bookarar i musikkbransjen.

Portrettbilde av kvinne med oppsatt hår. Ho er kledd i ein fargerik hekla bolero og rosa singlet og har havutsikt bak seg.

– Under årets festival er foreløpig det booka sju kvinnelege artistar av fjorten, fortel bookingsjef Ingvild Nordfonn i Utkantfestivalen. Alle artistar er ennå ikkje sleppt.

Foto: Henrik Hauken / Henrik Hauken

– Unge kvinner som skal inn i bransjen treng å sjå at det er mogleg å jobbe med desse tinga og at det ikkje berre er ein guteklubb.

Kartlagt for første gong

I fjor sommar rasa debatten om kjønnsbalanse etter at Stavernfestivalen berre hadde tre kvinner på plakaten.

Sammenligning av to bilder

Før

Lineup Stavernfestivalen

Etter

Line up stavernfestivalen uten menn

Her ser man andelen kvinnelige artister som blir igjen når man fjerner de mannlige.

Redigering: Janne Monsen Tveit / NRK

No viser nye tal frå Norske Kulturarrangører (NKA) ei klar overvekt av menn hos dei som bookar desse artistane.

– Det bekreftar ein tendens vi har mistenkt, men ikkje har hatt faktiske tal på tidlegare, skriv NKA på si nettside.

Og dette kan påverke heile musikkbransjen.

Det regner menn

Sjølv fortel Nordfonn om ein mannsdominert bransje med mangel på kvinnelege forbilde.

– Det er viktig å sjå folk som ser ut som deg, i roller du kunne tenke deg å ha.

Trass i at ho ser nokre utfordringar med å få til kjønnsbalanse på festivalen, jobbar ho aktivt for å få det til.

– Det er eigentleg ingen grunnar til at det ikkje skal vere kjønnsbalanse på eit festivalprogram.

Gunn Kvaale under Luttprisen 2025 på Samvirket i Dale

Artisten Gunn Kvaale frå Sogndal er ein av artistane som skal spele under årets Utkantfestival. Her avbilda under Luttprisen 2025.

Foto: David Zadig / NRK

Samstundes forklarar dagleg leiar Joakim Aadland i Balansekunst at det er viktig å vere bevisst på eigne haldningar under rekruttering av både artistar og kulturarbeidarar.

– Vi blir ofte ubevisst trekte mot menneske som liknar oss sjølve, som folk med same kjønn, musikksmak og stil.

Ein mann i vinrød pique-skjorte og svarte buksar står førre eit murbygg.

Joakim Aadland leier Balansekunst og meiner statistiske tal er eit nødvendig verktøy i likestillingskampen.

Foto: Angelika Jane Ela Bjørnstad / Balansekunst

Aadland presiserer at det ikkje betyr at menn alltid vel andre menn.

Likevel påpeiker han ein tydeleg samanheng.

– Dei som jobbar med booking i dag, er menn. Samstundes er det mest menn som blir spelar på festivalar, har flest nominasjonar til Spellemannprisen, og strøymingar på radio og Spotify.

Mangfald er meir enn eit tal

Martin Midtbø Rokkones bookar artistar for Vill Vill vest og Vinjerock og er ikkje overraska over tala.

Men han ønsker at mangfaldsdebatten blir tatt eit steg lengre.

Mann med kort hår og skjegg står førre ein kvit vegg og gliser i oransje skjorte.

Bookingansvarleg Martin Midtbø Rokkones for Vill Vill Vest og Vinjerock meiner kvotering bør vere eit av fleire hjelpemiddel for auka mangfald.

Foto: Arlind Sadiku / Arlind Sadiku

– Mangfald bør ikkje bli redusert til ei femti-femti fordeling mellom kvinner og menn. Vi kan ikkje seie oss fornøgde når statistikken ser bra ut.

Han meiner at mangfald er eit vidt omgrep, og trekker inn både etnisitet, sjanger, ulike instrument, og samansetninga av band som viktige faktorar.

– Det er destruktivt å vise eit program der alt ser og høyrast likt ut, fordi det ikkje er sånn samfunnet i den verkelege verda er.

Likevel vil han trekke fram at det allereie finst gode døme på at bransjen har kome lenger med mangfaldsjobbinga.

– Men ting tar tid, Rom blei ikkje bygd på ein dag, avsluttar han.

Vil løfte blikket

Booker Agnes Steen Eckersberg i Øyafestivalen stiller seg bak ønsket om ein mangfaldig musikkbransje.

Ei kvinne med mellomlangt hår i svart overdel smiler mot kamera

Booker Agnes Steen Eckersberg meiner det er eit felles ansvar å sørge for mangfald.

Foto: Julia Marie Naglestad / Julia Marie Naglestad

– Fleire perspektiv motarbeider eit einsidig musikkliv som berre når ut til ein liten del av befolkninga.

Ho meiner òg det er viktig å løfte blikket opp ifrå kjønnsfordeling. Der ser ho positivt på bransjen framover.

– Det er viktig å minne om dei dyktige kvinnene som allereie jobbar i live-bransjen, og som forhåpentleg kan inspirere andre til å satse, avsluttar ho.

Publisert 23.02.2026, kl. 05.40

Read Entire Article