Meldte Norge på VM – utan å ha nok spelarar

3 hours ago 2


– Å herregud, du skremmer meg kvar gong du bruker ordet VM!

Ho har stått på isen før, men denne gongen sklir Celine Halvorsrud inn i noko ho ikkje har heilt kontroll på.

– Det er første gong eg prøver dette utstyret. Eg har aldri kjent meg så stor nokon gong, ler Halvorsrud der ho sit med fullt verneutstyr og landslagsdrakt.

For: I august blir VM arrangert i paraishockey for kvinner for aller første gong.

Der er Noreg allereie påmeldt. Det er berre eitt problem: Landslaget har ikkje nok spelarar.

Derfor heldt forbundet nyleg ei landslagssamling, der både rykande ferske og meir etablerte utøvarar var på plass i hallen.

– Eg klarte i alle fall å sitte oppreist i kjelken, så det er ein god start, seier Halvorsrud med eit stort smil om munnen.

Når ein er ny på isen og skal til VM, må ein øva på å reisa seg igjen etter fall.

Snart blir pucken droppa: – Godt stilt

Halvorsrud og dei andre har tre månader på seg til å stille best mogleg førebudd i meisterskapen om tre månader.

– Vi måtte gjere ei vurdering. Trur vi at vi har eit norsk lag, eller trur vi ikkje det? Dette er så kult og så seljeleg at vi hadde trua på det, og vi er veldig godt stilte akkurat nå, seier sportssjef Espen Hogde.

en mann som holder en hockeykølle

SPORTSSJEF: Espen Hogde i det norske ishockeyforbundet.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

For sjølv om ikkje heile landslagskabalen er på plass, kan han krysse av éin ting på sjekklista: Flybillettane er allereie bestilte.

Vi har trua på prosjektet. Vi har så trua at vi kjøpte 14 billettar. Dei plassane får vi fylt opp, seier sportssjef Espen Hegde.

– Korleis skal de få fylt opp det?

– Her har vi nå ti jenter bak oss som skatar rundt og koser seg. Da er vi godt på veg.

Alt skal lærast, også korleis man på best mogleg måte kjem seg framover.

Åtte av utøvarane kjenner kvarandre frå før. Dei har vore med på «Women’s World Challenge» – den øvst rangerte meisterskapen for kvinneleg paraishockey.

Dei åtte er med oss framleis, og vi har klart å finne fem til som har vore interessert i å teste dette her, og håpar dei blir bitne av basillen og blir med heile vegen, seier Hegde.

Har is i magen

Blant dei åtte er Alexandra Larsen, som sjølv om ho berre er 18 år blir ein slags veteran på det nykomponerte landslaget.

Det ser mykje lysare ut nå enn det det gjorde for nokre veker sidan. For nå har jo vi potensielle gode spelarar, og vi har fått tak i målvakter nå. Så det såg ganske lyst ut, seier Larsen til NRK etter den første treninga med det nykomponerte landslaget.

Og nettopp Larsen er grunnen til at Halvorsrud nå er på isen i ein kjelke for første gong.

Dei to møttest gjennom Momentum, ein organisasjon for protesebrukarar, for vel eit år sidan. Om tre månader reiser dei kanskje saman til VM.

Ein lever berre ein gong. Får ein ein førespurnad, takk ja. Prøv det ut. Så ser vi korleis det går mot landslaget og VM, seier Halvorsrud.

Parautøvere på landslaget i ishockey på isen, foran ei tavle for å vise taktikk.

INSTRUKSAR: Nye og gamle spelarar følger med når Espen Hegde instruerer.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

– Her er det fullt mogleg å bli VM-klar på tre månader. Det er ein veldig ung idrett, og vi må starte ein stad, alle saman, seier sportssjef Hegde.

– Men nokon vil jo tenke at det er heilt useriøst at eit lag består av folk som aldri har testa før òg?

– Det kan folk gjerne meine. Dei som synest det kan møte opp i ishallen og sette seg i kjelke og kjenne kor useriøst det er, svarer sportssjefen.

Seks lag er påmeldt VM.

Vi har klare ambisjonar om å ta ein bronsemedalje. Ja, nei ... Den skal vi ha. Det fortener vi, seier Hedge.

VM blir arrangert i Slovakia i slutten av august.

Publisert 08.05.2025, kl. 17.18

Read Entire Article