– Det er heilt på trynet at folk skal få «woke-vin» på plastflasker når dei vil kosa seg med eit glas. Det er latterleg symbolpolitikk, seier stortingsrepresentant Kristoffer Sivertsen (Frp).
Frp-politikaren har tatt seg ein tur på Vinmonopolet på Madla i Stavanger.
Ikkje for å handla drikkevarer, men for å kritisera polet sine nye klimatiltak (sjå meir under).
Det viktigaste tiltaket er å få fleire av produkta over på lettare emballasje.
Produksjon og transport av tunge glasflasker gir nemleg store klimagassutslepp.
1. januar blei kravet om at all vin utan bobler til ein prislapp på under 250 kroner, skal tappast på lettare flasker.
I hovudsak er det snakk om lettare glas, men fleire vinar skal også over på aluminium, kartong eller plastflasker.
– Det er jo heilt spesielt at ein ikkje kan kjøpa vin på glasflasker dersom dei kostar mindre enn 250 kroner. Me må finna andre måtar å få ned klimagassutsleppa enn å pina innbyggarane med særnorske krav, seier Sivertsen.
Kristoffer Sivertsen meiner det er symbolsk klimapolitikk med fleire plastflasker på polet.
Foto: Erik Waage / NRK– Påfører folk klimaskam
Miljøkravet påverkar om lag 84 prosent av det totale salet av stille vin på flaske, noko som tilsvarer i overkant av 21 millionar liter, ifølge Vinmonopolet.
I dag veg dei tyngste glasflaskene opp mot 1,5 kilo utan innhald, og dei lettaste glasflaskene under 400 gram.
– Det nye kravet kan gå ut over smak og aroma på vinen. Men den store tingen er at ein påfører folk klimaskam fordi ein ønsker eit glas vin frå glasflaske. Plast på avvege er jo også eit problem, meiner Sivertsen.
– Men store glasflasker er ei klimautfordring, ifølge Vinmonopolet. Bør ein ikkje løysa dette?
– Me kan godt sjå på gode løysingar for å få ned klimagassutslepp, men problemet er at Noreg har urealistiske klimamål. Her blir innbyggarane pinte til å ikkje få velja den vinen dei ønsker eingong. Dei må kjøpa «woke-vin» med plastikk.
På Vinmonopolet på Madla i Stavanger er det delte meiningar om vin på plastflasker:
Erik Waage / NRK
Hildur Steingrimsdottir
– Eg synest det er bra dei tenker på klima, men eg likar jo best vin på glasflasker.
– Kvifor det?
– Det gir betre smak.
– Har du tenkt på at flaskene på polet gir klimaavtrykk?
– Det har eg aldri tenkt på før. Eg trur det er andre ting ein burde tenkt på enn å fjerna glasflaskene i klimakampen.
Erik Waage / NRK
Eilen Pettersen
– Eg tenker at alle monnar drar, og at alt me kan gjera for klimaet er bra. Alle som kan bidra bør gjera det.
– Er du opptatt av emballasjen på vinflaskene?
– Når polet sjølv seier at den nye emballasjen ikkje forringar kvaliteten, tenker eg at det berre er å køyra på.
– Kva synes du om vin på plastflasker?
– Eg veit ikkje, men dersom ekspertane seier det er bra, er det greitt for meg.
Erik Waage / NRK
Kurt Bolianantz
– Eg tenker at dersom folk har tenkt gjennom dette og funne ut at det er bra for miljøet, er det ein bra ting.
– Er det viktig for deg at vin er på glasflasker?
– Når det er meir ekslusiver vinar, så har det kanskje litt å seia. Men om det er vin til under 250 kroner, så trur eg ikkje det har så mykje å seia.
Klimaministeren avviser kritikken
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) tar kritikken frå Frp med knusande ro.
– Det er bra å ha produkt som er lettare. Då blir det for eksempel lettare å transportera varene. I tillegg er det pant på plastflaskene og me kan bruka pantesystemet vårt. Det gjer at me får betre berekraft.
– Et det glasflaskene som er miljøproblemet?
– Det treng ikkje å vera eit problem, men det kan vera ei god ordning med plastflasker som du kan resirkulera på ein god måte. Det tenker eg me som forbrukarar lever godt med, slik som med plastflasker på cola og andre produkt.
– Frp kallar det symbolpolitikk. Kva svarer du til det?
– Eg opplever eit Framstegsparti som har førehandsbestemt seg for at dei er imot absolutt alle ting i Noreg som kan vera med å gi betre klima- og miljøavtrykk. Eg trur me toler godt å drikka av både glas- og plastflasker.
– Smaken blir ikkje dårlegare
Vinmonopolet avviser at smaken blir dårlegare for vin på plastflasker. Heller ikkje på lettare glasflasker.
– Verken vekta eller tjukkleiken på glaset påverkar kvaliteten eller lagringsevna til vinen. Ved å byta til lettare glasflasker, fjernast altså berre den unødvendige vekta på flaska, seier fagansvarleg for klima og miljø i Vinmonopolet, Rolf Erling Eriksen.
Butikksjefen ved Vinmonopolet Madla i Stavanger meiner Frp tar feil når dei hevdar smaken på vinen blir dårlegare med plastflasker.
– Kvaliteten er akkurat den same, og haldbarheita er nesten den same. Og så er jo vin på plastflasker noko som skal konsumerast. Det er uansett ikkje lagringsvinar som bli putta på plastflasker, seier butikksjef Rita Sissel Selnes.
– Kor viktig er klima og miljø for polet?
– Eg synest det er kjempeviktig. Me må gjera det me kan, meiner butikksjefen.
Butikksjefen ved Vinmonopolet Madla, Rita Sissel Selnes.
Foto: Erik Waage / NRKDet nye kravet fører til at 3000 tonn mindre glas blir produsert og frakta til Vinmonopolet sine butikkar kvart år.
– Det tilsvarer 100 fullasta trailerar. I tillegg kuttar det klimagassutsleppet vårt med heile 2800 tonn CO₂. Det er om lag 10 prosent av Vinmonopolet sitt totale emballasjeutslepp, seier Eriksen.
I 2025 selde Vinmonopolet i underkant av 1,4 millionar liter vin på plastflasker, og dei ser ein jamn etterspurnad etter vin på flasker av plast.
Plastflasker utgjorde likevel berre 0,3 prosent av vinsalet i fjor.
Publisert 27.02.2026, kl. 06.03










English (US)