Meiner valdtektsdømde transkvinner ikkje skal få sona i kvinnefengsel

16 hours ago 4


Ei svært alvorleg sak var nyleg oppe i Hordaland tingrett.

Til saman tre personar vart dømd for seksuelle overgrep mot ei jente under 16 år.

Overgrepa skal ha skjedd både hausten 2022 og under Pride-helga i Bergen i fjor sommar.

Jenta var 12 år fyrste gongen ho vart valdteken av ein av dei to transkvinnene.

  • Ei transkvinne i 40-åra var dømt til fengsel i fem år og ni månader.
  • Ei transkvinne i 30-åra vart dømt til fengsel i eitt år og seks månader.

Dei sa i retten at dei var transpersonar, og bad om å verta identifisert som kvinner. I dommen er begge omtala som «ho».

Ein mann i 40-åra vart dømd til fengsel i 60-dagar i samband med overgrepet i fjor sommar.

– Skal ikkje sitje i eit kvinnefengsel

No rasar debatten om kvar dei to transkvinnene skal sona.

Ifølgje dommen skal transkvinner som hovudregel sona i kvinnefengsel. Dette er i tråd med Kriminalomsorga sine retningslinjer.

Stortingspolitikar Peter Frølich er klar på kva han tenkjer. Han er justispolitisk talsmann for Høgre, og utdanna jurist.

På si opne Facebook-side skriv han at det «strir mot absolutt all sunn fornuft» at to biologiske menn, som er dømde for overgrep mot ei 12 år gamal jente, kan få sona i kvinnefengsel.

– Nokon som har grovt valdteke kvinner eller jenter, som i dette tilfellet, skal ikkje sitje i eit kvinnefengsel, utdjupar han til NRK.

en person i dress og slips

Justispolitisk talsmann Peter Christian Frølich (H) meiner at nokon som grovt har valdteke kvinner eller jenter ikkje skal sitja i eit kvinnefengsel.

Foto: Javad Parsa / NTB

Han meiner dommen reiser spørsmål rundt tryggleiken til kvinner under soning.

Ei slik avklaring meiner han må gjerast i retningslinjene for soning – at det er handlinga, og ikkje kjønnet, som blir lagt til grunn for kvar ein domfelt skal sone.

Det vil også vere avklarande for retten og for resten av samfunnet.

Vil ta opp saka i Stortinget

Frp-leiar Sylvi Listhaug seier til NRK at det ikkje er aktuelt at dei to transkvinnene skal i noko kvinnefengsel.

Spesielt sidan dei er dømde for valdtekt.

– Det er heilt forferdeleg å sjå ei sak der transpersonar har valdteke ei ung jente. Og at ein då planlegg å setja desse i kvinnefengsel, der dei openbert kan vera til fare for andre innsette. Slik kan me ikkje ha det i Noreg, seier Listhaug.

Ho varslar at dei vil ta opp saka i Stortinget.

– Transpersonar har ingenting i eit kvinnefengsel å gjera, seier Listhaug.

en person med blondt hår

Frp-leiar Sylvi Listhaug meiner at transpersonar ikkje har noko i eit kvinnefengsel å gjera. Dei kan vera til fare for andre innsette, meiner ho.

Foto: Lise Åserud / NTB

Justis- og beredskapsdepartementet opplyser at dei har fått eit skriftleg spørsmål om temaet, og at det gjer at dei må svara Stortinget før dei svarar media.

Også Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk og samfunnsdebattant Kjetil Rolness, har kasta seg inn i debatten.

Rolness gjer eit nummer ut av formuleringa i dommen om at «ho mista ereksjonen» og meiner det er ei formulering han aldri vil gløyma.

– Piskar opp stemninga og kapar frykt

NRK har vore i kontakt med både Forbundet for transpersonar i Noreg (FTPN) og Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold (FRI).

FTPN seier i ein uttale at situasjonen er svært beklageleg for dei som er råka av saka i Hordaland tingrett, men at retningslinjene til Kriminalomsorga vil kunne vareta dei ulike behova under soning.

Professor Mads Andenæs ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo har menneskerett som eitt av sine hovudområde.

Han reagerer på uttalane frå Høgre og Frp.

Jusprofessor Mads Andenæs, UiO

Jusprofessor Mads Andenæs er trygg på at norske fengselsstyresmakter set inn nødvendige tiltak som sikrar tryggleiken om transkvinner sonar i kvinnefengsel.

Foto: Bjørn Olav Nordahl

– Dommen verkar forsvarleg. Norske fengselsstyresmakter vil naturlegvis handtera dette godt og syta for at ingen vil vere trua i fengselet. Slike uttalar er ei gåvepakke for transfobi og populisme. Det å spela på frykt er ein kjent politisk teknikk, som piskar opp stemninga og skaper frykt, seier han.

Diskusjon i fengsla

Også blant dei tilsette i norske fengsel er det diskusjon etter dommen.

– Vårt oppdrag er å syta for at straffa vert gjennomført på ein trygg og forsvarleg måte, seier forbundsleiar Asle Aase i Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund.

Dei organiserer om lag 3.500 tilsette i norske fengsel.

– Me held oss til gjeldande regelverk, men gitt diskusjonen som kjem no, må me ta ein ny runde på dette i forbundet, seier Aase.

Skjer ut frå juridisk kjønn

Kriminalomsorga, som organiserer gjennomføringa av soning etter dom, viser til teieplikta og kan heller ikkje kommentera einskildsaker.

Seniorrådgjevar Marianne Endresen i Kriminalomsorgsdirektoratet viser til retningslinjene for transpersonar i varetekt eller under straffegjennomføring.

Der heiter det mellom anna:

«Hovudregelen er at innkalling til og innsetting i fengsel skjer på bakgrunn av personnummer, dvs. juridisk kjønn.»

Sidan dommen ikkje er rettskraftig er det ikkje avklart kvar soninga skal skje.

– Eg har ingen kommentar til debatten, seier advokatfullmektig Arnfinn Strømsli Hallanger. Han forsvarte ein av transkvinnene i retten.

NRK har ikkje lukkast med å få ein kommentar frå advokat Ivar Abrahamsen. Han forsvarte den hovudtiltalte.

Publisert 29.05.2025, kl. 17.03

Read Entire Article