Meiner trønder skaut Janne bakfrå for så å slå han i hovudet med hagla

3 hours ago 2


– Handlinga må sjåast på som grov, og var overraskande for offeret. Framgangsmåten var planlagt.

Det seier aktor Annukka Juntunen i det ho les opp tiltalen mot den drapstiltalte trønderen i 60-åra.

Han hadde undersøkt kven som var Puhakka sin nye partnar, legg Jotunen til.

I tillegg meiner aktor at trønderen hadde beskrevet til ein ven at han ville drepe ekskjærasten sin i forkant av drapet.

Ifølge tiltalen skal trønderen ha skutt Puhakka to gongar bakfrå før han slo ekssambuaren i hovudet med hagla.

Aktor seier at trønderen skal ha kyssa den døde Puhakka før han tok eit bilete av han. Deretter skal han ha informert Puhakka si mor og ein eigen ven om dødsfallet.

Den drepte er tidligere ishockeyspiller Janne Puhakka. Han var kjent i Finland og var den første åpent homofile spilleren i Finlands toppserie.

Puhakka var ein kjent finsk ishockeyspelar og sett på som eit førebilete for å vere den første opne homofile mannen i den maskuline sporten.

Saka mot den drapstiltalte trønderen går for retten i Esbo i Finland frå 13. til 18. mars.

Kan få «livstid» i fengsel

Mannen er tiltalt for overlagt drap på ekssambuaren Janne Puhakka (29). Difor har aktor bedt om Finland si strengaste straff, «livstid» i fengsel.

Mannen i 60-åra har erkjent at han skaut og forårsaka Puhakka sin død. Men han nektar for at drapet var overlagt og planlagt, slik aktor meiner.

Handlinga var ikkje på nokon måte planlagt. Det vil seie at det ikkje var gjort med forsett og me nektar også for at det var ei særleg grufull eller brutal handling.

Det seier forvarar Ville Luoto til den finske allmennkringkastaren Yle.

Ville Luoto, forsvareren til drapssiktet nordmann i Finland

Ville Luoto, forsvararen til drapssikta trønderen, på veg inn i rettssalen i Finland.

Foto: Silja Viitala / Yle

Publisert 13.03.2025, kl. 09.31 Oppdatert 13.03.2025, kl. 09.41

Read Entire Article