Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_7840de280a2772951d57f0466de80073, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Meiner superløpet er eit «skremmeskot» for Ingebrigtsen: – Det blir vanskelegare - NorwayToday

Meiner superløpet er eit «skremmeskot» for Ingebrigtsen: – Det blir vanskelegare

3 hours ago 3


Før førre veke hadde ingen sprunge fortare på 1500 meter i år enn Jakob Ingebrigtsen, som sette ny verdsrekord innandørs med tida 3.29,63 i Liévin den 13. februar.

Men så skjedde det noko ellevilt i Paris.

Heile seks deltakarar frå løpet ligg nå øvst på lista over dei raskaste på 1500 meter i år.

– Det blir jo litt spekulert i løpsmiljøet verda over kvifor nivået har tatt seg opp så veldig og breidda har blitt så massiv, både på 800 meter og 1500 meter. For så vidt også på 5000 meter, seier NRK-ekspert Vebjørn Rodal.

Den 31 år gamle franskmannen Azeddine Habz sette personleg rekord og vann med tida 3.27,49, som er årsbeste i verda så langt.

Bak han følgde den 18 år gamle kenyanske løparen Phanuel Koech med tida 3.27,72, som gjer han til tidenes raskaste under 20 år på 1500 meter.

– Det er jo fascinerande at utviklinga i internasjonal idrett går den vegen at ein både ser topp og breidde som ein aldri har vore i nærleiken av før.

18-åringen imponerte enda ein gong med 3.29,05, da han vann i konkurranse med blant anna Narve Gilje Nordås i Ostrava tysdag.

Azeddine Habz sette fransk rekord på 1500 meter under Diamond League-stemnet i Paris.

Årsaka kan vere samansett

I tillegg til dei to nemnde superprestasjonane, kom også fire andre løparar under 3.30-grensa i Paris.

Rodal trekker fram ei rekke årsaker som kan vere grunnen til at vi stadig ser raskare tider i friidrettsverda.

Blant anna skotøy, og trening som matchar det nye skotøyet. Han peikar også på nye treningsmetodar, som dobbel terskel-metoden til Ingebrigtsen-brørne.

– I tillegg til stadig betre ernæringsprodukt. Kombinasjonen av både glykogen, nærings- og restitusjonsprodukt. Og ikkje minst bikarbonatprodukter, som gjer at du basisk er så langt på veg som mogleg når du startar ein konkurranse, seier Rodal.

Likevel er han overraska over at utviklinga er såpass tydeleg, også hos eldre løparar.

– Det er det som er litt interessant, at vi ser vaksne, etablerte utøvarar som plutseleg får massive løft på nivået sitt, seier Rodal om Habz sin prestasjon.

I tillegg til at det stigande nivået rommar heile aldersspennet, som 18 år gamle Koech viste i Paris.

– Han kjem som 18-åring og presterer heilt vilt. Han har prestert i dei stemna han har stilt opp på i år, og så klarer han å henge med på Diamond League-fart og. Det er jo ein utøvar som sjølvsagt blir spennande å følge utover sommaren.

En gruppe menn i atletiske uniformer

KONKURRENTAR: Azeddine Habz (til høgre) tok bronse på 1500 meter under innandørs-EM i mars. Jakob Ingebrigtsen tok gull.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Bør vere eit skremmeskot

Ifølge Rodal, er det sterke løpet eit bilde på ei utvikling som bør få varsellampene til å blinke for Jakob Ingebrigtsen.

– Det er for så vidt eit skremmeskot når det er fleire som er med på tider rundt 3.27, seier Rodal.

I tillegg trekker han fram at fleire av dei største konkurrentane til nordmannen, som Yared Nuguse, Josh Kerr og Cole Hocker, har konkurrert i Grand Slam Track og ikkje har trappa opp for å springe fort ennå.

– Dei vil jo òg mest sannsynleg komme inn her og vere ein del av det. Jakob har vore så godt kapasitetstrena at han har trøtta ut dei andre og rett og slett sprunge frå dei dei siste 600 meterane. Det blir vanskelegare nå, ser det ut til, seier Rodal.

Cole Hocker tar OL-gull på 1500 meter, mens Jakob Ingebrigtsen løper inn til fjerdeplass.

INGEBRIGTSEN-KONKURRENTER: Yared Nuguse (frå venstre), Josh Kerr og Cole Hocker tok pallplassane på 1500 meter i OL i Paris, da Jakob Ingebrigtsen blei nummer fire.

Foto: Reuters

Tidlegare storløpar Nick Willis, som kan vise til OL-sølv og -bronse på 1500 meter, er spent på korleis nivået på 1500 meter påverkar VM i Tokyo i september.

– Om nokon som Habz kan springe 3.27,4 etter å ha leidd dei siste 500 meterane, kan vi gløyme at det blir ein duell mellom dei to for sigeren i Tokyo, skriv Willis på X.

– Det kjem til å vere seks herrar som er i 3.26-3.27-form i finalen, fortset han.

Newzealendaren ser også inn i spåkula når det gjeld Ingebrigtsens deltaking i VM:

– Eg trur at Jakob står over 1500 meter i år, skriv Willis.

Ute med skade

Ingebrigtsen har slite med ein akillesskade sidan mai og har derfor måtta stå over alle konkurransar i juni.

Likevel trekker Rodal fram at Ingebrigtsen viste lysande form under innandørssesongen.

Blant anna da han sette verdsrekord innandørs på 1500 meter og éi engelsk mil i februar:

Jakob Ingebrigtsens sesongdebut kunne knapt gått betre.

Han tok også gull både på 1500 meter og 3000 meter under innandørs-VM og innandørs-EM i mars.

– Om han har varetatt mykje av forma gjennom denne skadeperioden, og får begynt å køyre litt konkurransespesifikk trening etter kvart med eit løp eller to i beina, så er det jo naturleg å tenke at han kanskje er betre framleis, konkluderer Rodal.

Publisert 25.06.2025, kl. 06.30

Read Entire Article