Meiner skuleelevar kryssar jernbana – fryktar liv kan gå tapt

5 months ago 22


– Eg blei sjokkert då eg såg alle spora.

Det seier Ylva Baldersheim, nestleiar i elevrådet på Åndalsnes ungdomsskole i Rauma.

Ho veit om enkelte tilfelle der folk har gått over sporet, men blei overraska då ho såg bildet frå jernbanesporet.

Eg tenkte kanskje at det var ein og anna som tok ein liten snarveg, men det er jo ikkje bra om det blir mange. Eller, det er ikkje bra at det er nokon i det heile tatt, for det er jo ein farleg situasjon, seier ho.

Ylva Baldersheim er nestleiar i elevrådet på Åndalsnes ungdomsskule i Rauma

Ylva Baldersheim meiner det er viktig at ein setter fokus på farane ved å krysse jernbanesporet.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi har ingen liv å miste

Nyleg sende Bane Nor eit brev til politiet, Rauma kommune og skulane i bygda, etter å ha opplevd situasjonar der elevar skal ha kryssa toglinjene.

– Vi la merke til ferske spor i snøen. I tillegg har tilsette på Åndalsnes snakka til ungdomsskuleelevar som har kryssa sporet. Dei fekk beskjed om at dei ikkje måtte gå der, for det kan medføre livsfare, seier Bjørn Aasbakken, produksjonsleiar i Bane Nor.

Han seier at dei er bekymra for at det skal skje alvorlege ulykker. Han vektlegg at det er strengt forbode å krysse ei jernbane og at ein påkøyrsel kan få katastrofale følger.

– Vi har ingen liv å miste.

Kamera er plassert på jernbanesporet med tillatelse fra BaneNor.

Remi Sagen/NRK

– Stor risiko

Aasbakken er klar over at mange kan la seg freiste til å krysse jernbanespora fordi dei tenker at kysten er klar. Likevel meiner han det er ein stor risiko å ta, då det kan vere trafikk på jernbana utanom dei oppsette rutetidene.

At folk kryssar jernbana er ikkje berre eit problem på Åndalsnes, men noko Bane Nor opplever i heile landet.

Området der ein kan krysse jernbana på Åndalsnes er ikkje avsperra med gjerde.

NRK har spurt Aasbakken om Bane Nor burde tatt ansvar sjølv, ved å til dømes setje opp gjerde.

No når vi er blitt merksame på at dette er et problem, vil vi sjå på tiltak for gjerde forbi dette området. Vi har ikkje plikt til å gjerde inn heile jernbana. Det er forbode å krysse sporet utanfor planovergangane, seier Aasbakken.

– Viktig å sette fokus på det

Etter å ha fått meldinga frå Bane Nor samla rektor på Åndalsnes ungdomsskole elevane.

– Der informerte vi om problemet. Vi forventar at elevane ikkje kryssar jernbana, både i skuletida og elles. Vi har ingen å miste, seier rektor Bjørn Nord.

Rektor Bjørn Nord ved Åndalsnes ungdomsskole.

Rektor Bjørn Nord seier dei kalla inn til ei samling for å åtvare elevane mot å krysse spora.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ylva Baldersheim synest det er bra at dette blir tatt opp.

– Folk tenker kanskje at det ikkje er så farleg, så det er bra at ein setter fokus på det, seier ho.

Ho får støtte av elevrådsleiar Lucas Monge-Moen.

– Før høyrde du jo kjempegodt at toget kom, men no er det nesten lydlaust. Om du ikkje følger med så er det ein sjanse for å bli påkøyrt.

Elevrådsleiar på Åndalsnes ungdomsskule Lucas Monge-Moen

Lucas Monge-Moen trur enkelte ikkje tenker over farane ved å krysse jernbana.

Foto: Remi Sagen / NRK

Etterlyser bru

I 2019 reiv ein lastebil med seg gangbrua på Åndalsnes. Monge-Moen trur det har gjort at enkelte vel å krysse jernbana for å spare tid.

– Brua gjorde det enkelt å kome seg over, men no må folk gå omvegen som tek lenger tid.

Også rektoren på skulen håper at brua snart kan vere på plass igjen.

– I kommunen har det vore ein ganske stor diskusjon rundt denne brua. Så vi skulle gjerne fått den opp igjen, då blir det lettare for ungdomane å kome seg til og frå ulike ting, utan å måtte gå rundt, seier Nord.

Den gamle gangbrua i Rauma blei øydelagt då ein lastebil køyrde ned brua i 2019.

Det har tatt tid å få på plass ei ny gangbru etter at den førre blei rive ned i 2019.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ber folk om å ikkje krysse jernbana

Kirsti Welander, kommunedirektør i Rauma, er glad for at rektoren ved ungdomsskulen har følgt opp saka.

Ho seier at den gamle gangbrua ligg eit stykke frå der det ser ut som jernbana har blitt kryssa, og meiner at det er lite tid å spare på å gå over den, men ein stor risiko.

– Det er nok snakk om under 200 meter. Det kan vere frykteleg farleg og vi vil innstendig be både unge og vaksne om å vere forsiktige og ikkje krysse jernbana.

Welander seier vidare at kommunen er i ein svært krevjande økonomisk situasjon. Dei har difor ikkje sett rom til å kunne prioritere å bygge brua.

Publisert 10.02.2025, kl. 09.37

Read Entire Article