Meiner nordmenn snyltar på svensk straum

1 week ago 10


– Dette får konsekvensar for heile den nordiske straummarknaden.

Det seier den svenske leiarskribenten Karin Pihl i Expressen til NRK.

– Det kan få store konsekvensar for svenske forbukarar som kan få høgare straumprisar, seier ho vidare.

Onsdag trer noregspris i kraft.

Den statlege ordninga skal sikre at straumrekninga til norske straumkundar ikkje blir for høg. Allereie første dagen ein kunne bestille noregspris signerte 334.000 kundar avtale.

Ein provokasjon

I Sverige fryktar dei no at nordmenn vil bruke meir straum. Det kan forstyrre prismekanismane i Norden. Ein fryktar at nordmenn vil bruke meir – og ikkje mindre straum – når dei får subsidiert straum.

– Nordmenn har kalas på Sverige si rekning, skriv Karin Pihl i ein kommentar i den svenske avisa Expressen.

Skjermdump fra Expressen. Karin Pihl mener norgespris vil la norge snylte på svensk strøm

Denne kommentaren vart publisert på Expressen tidlegare i september.

Foto: Faksimile/Expressen / Expressen

Ho kallar noregspris ein provokasjon;

«Sverige betalar når nordmenn varmar opp boblebadet».

Pihl viser til ein rapport frå konsulentfirmaet Thema som har rekna på kva noregspris vil koste svenskane.

Den konkluderer med at prisane vil bli 7 øre dyrare enn utan noregspris.

– Det er kortsiktig tenkt av den norske regjeringa å innføre dette, seier Pihl til NRK.

Ifølge Pihl er det særleg sterke rekasjoner i Skåne i Sør-Sverige som vil bli hardast råka av noregspris.

Tysdag var Karin Pihl gjest i Politisk kvarter. Sjå heile debatten her:

Norgespris er statlege subsidiar og sabotasje som øydelegg den nordiske straummarknaden, meiner svensk skribent. Har svenskane eit poeng?

Avviser kritikken

Kai Steffen Østensen (Ap) frå Farsund gjer no sin debut på Stortinget. Han kjem sjølv frå eit av dei dyraste prisområda, NO2.

Han er glad for at regjeringa innfører noregspris.

– Eg som bur i NO2 ser at straumrekninga er for høg og vanskeleg å handtere, seier han.

en mann i grå skjorte som smiler til kameraet

Kai Steffen Østensen er nyvald stortingsrepresentant frå Vest-Agder.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Han trur ikkje noregspris vil ha den verknaden Expressen legg til grunn.

– Rapporten legg til grunn at alle nordmenn vel noregespris. Det er ikkje riktig. Det kjem ikkje til å skje, for det vil ikkje vere lønsamt i Nord-Noreg eller Trøndelag.

Han meiner det heller ikkje er riktig å anta at noregspris vil auke straumforbruket med 30 prosent.

– Premisset for diskusjonen bygger på feil data, seier han.

Vil ha betre ordning

MDG-leiar Arild Hermstad meiner det er viktig å anerkjenne at prisane på straum vil gå opp for fleire – både i Sverige, og for bedrifter og norske kommunar.

mann med blås ksjorte og hvit skjorte

Arild Hermstad er leiar for MDG.

Foto: Benyamin Farnam / NRK

Han meiner noregspris fører til at insentiv for å spare på straum og investere i solceller og energisparing forsvinn.

– Det er elendig klimapolitikk, og det er dårleg fordelingspolitikk. Det er dei rikaste som får mest frå staten når noregspris vert innført.

MDG skal no forhandle med valvinnaren Ap. Der vil partiet argumentere for at dei som har problem med straumrekninga får ei betre ordning.

– Vi vil til dømes sjå på nettleiga og støtteordningar til fornybar energi, fordi dei er for dårlege.

Publisert 30.09.2025, kl. 12.41

Read Entire Article