Meiner han kan løyse energimangelen i verda

3 hours ago 5


Gratis straum til eit heilt hyttefelt og elbilar med eigen innebygd straumforsyning. Dette er noko av det han ser for seg.

Ralf Larson

Ralf Larson har brukt store delar av livet på å tenkje ut smarte løysingar for verda.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Men det som er drivkrafta og den store draumen til Larson, er å forsyne straumlause landsbyar i utviklingsland med fri energi frå ein generator montert i ei kasse på storleik med ein stor koffert.

Det er neimen ikkje småtteri den svenske oppfinnaren byr på.

Verda treng energi

I årevis har entusiastar verda over prøvd å hente fri energi frå kvantefelt utan å lykkast. For to halvstuderte journalistar i sin beste alder er det slett ikkje lett å henge med når denne mannen forklarar korleis han har funne løysinga.

Oppfinnelse

Dette er Larsons oppfinning. Forstå det den som kan.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– I denne generatoren skapar eg kvantefelt som når nullpunktfeltet. Nullpunktfeltet ligg i ein heilt annan dimensjon enn den me lever i. Det er her den frie energien finst. Det gjeld berre å kunne transformere den. Det einaste som kostar noko, er sjølve maskina.

– Ehhh ... forstår du at dette er vanskeleg å forstå?

– Ja.

Larson humrar, og legg til at han elskar å finne opp nye ting som kan hjelpe menneska på jorda.

Ralf Larson

I verkstaden i Nore og Uvdal blir stadig nye oppfinningar til. Kan den siste vera ein verdssensasjon?

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Og straum er noko som manglar overalt. Ta berre alle elbilane som kjem no. Det gjer at det ikkje kjem til å halde.

Vil du redde verda?

– Ja, om eg kan.

Ralf Larson er opphavleg kjemiingeniør. I sitt snart 80-årige liv, har han bak seg fleire oppfinningar han har tatt patent på, og selskap som er starta og seld vidare.

  • En 3-D printer i metall. Ser ut som en stor ropert.

    Den største oppfinninga Larson har gjort, er 3D-printeren Arcam, som skriv ut delar i metall og titan. Det kan t.d. vera implantat i menneskekroppen, men også delar innan flyindustrien.

  • Ei lensepumpe for båter. Består av to slanger og en slags sort kobling i midten.

    Den enklaste oppfinninga til Larson er lensepumpa som skal monterast i fortøyinga til små opne båtar. Når det rykkjer i fortøyinga, blir vatnet lensa frå båten og skoten ut med naturleg kraft. Pumpa er på marknaden i 20 land.

  • En stor ovn, med rødglødende riller.

    Det første selskapet Ralf Larson starta var Triab, som produserar infraraude strålingsomnar til industri over heile verda. I dag, 50 år seinare, er dei framleis i produksjon.

Millionane han har tent, er brukt på å utvikle nye produkt. Det han held på med no, reknar han som sjølve livsverket. Målet er å få ferdigstilt generatoren i løpet av året, og sett han i produksjon. Førebels er dette ein prototype som berre genererer ei spenning på nokre få volt, men Larson er overtydd om at det kan komme opp i 400 volt.

Frå Göteborg til Numedal

Sjølv kallar han seg innovatør. Han kom frå Sverige til Noreg i 2012 på grunn av ein spesiell skifer som finst her i landet. Generatoren ligg nemleg i ei kasse belagt med Ottaskifer.

Oppfinnelse

Omgitt av skifer frå Gudbrandsdalen ligg generatoren som ifølge Larson skal laga gratis straum ut frå kvantefelt.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Ifølge Larson er konsistensen på denne bergarten slik at biomagnetiske felt, som visstnok finst rundt alt levande på jorda, lett slepp gjennom. Samstundes ligg generatoren godt beskytta innanfor dette laget med stein.

I Nore og Uvdal fann han vakker natur og kommunestyrerepresentantar som fekk stjerner i augo av planane han hadde. Dei besøkte oppfinnaren då han budde i Göteborg, og fekk tru på mannen, som dei visste hadde starta framgangsrike selskap, og gjort spennande oppfinningar. Kraftkommunen såg for seg nye arbeidsplassar, gav han 2 millionar kroner i næringslån, og la til rette for gründerverksemd.

Sidan, har det vore knytt mykje mystikk rundt aktiviteten på det lokale industriområdet. Det er ingen som heilt har visst kva som har gått føre seg bak dei lukka dørene. Ordføraren er likevel optimist, og håpar dei snart kan smykke seg med ein verdssensasjon.

Oddvar Svendsen, ordfører nore og Uvdal (Frp)

Ordføraren i Nore og Uvdal, Oddvar Svendsen, gler seg over at Larson snart er i mål med det mystiske prosjektet sitt.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Sjølvsagt har me trua. Det har jo tatt nokre år no, og me er jo veldig spent på om han snart kjem i mål med ideane sine.

Pseudovitskap?

På Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo forskar dei mellom anna på kvantefelt. Forskar i partikkelfysikk, Anders Kvellestad, har stor respekt for tidlegare oppfinningar Ralf Larson har bak seg, men akkurat dette har han ingen tru på.

Anders Kvellestad, fysiker

– Om det hadde vore hald i desse idéane til Larson, så trur eg me ville hatt denne løysinga for lenge sidan, seier forskar Anders Kvellestad.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Hypotetisk sett, om maskina skulle gjera det Larson hevdar, så ville det vera heilt revolusjonerande. Då kan Larson i praksis ta toget rett til Stockholm og plukke opp neste nobelpris.

Men Kvellestad kallar dette pseudovitskap kopla med eit genuint ønske om å hjelpe verda. Forskaren trur me hjelper verda meir effektivt ved å fokusere på meir truverdige idear enn dette.

– Larson seier han skapar eit kvantefelt. Men kvantefelt er ikkje noko me kan skapa.

Om det er nokon som kan skapa kvantefelt, så er det Vårherre.

– Og så snakkar han om dette nullpunktfeltet, som om det er noko anna enn eit kvantefelt. Men nullpunktfeltet er berre eit gammaldags, litt rart namn på den lågaste energitilstanden i kvantefeltet. Så dette er ikkje to ulike felt.

Anders Kvellestad, fysiker

Fysikar Anders Kvellestad meiner det ikkje er sant at fysikarar er konservative i tankegangen. Han vil heller kalle dei radikale, og meiner det er ingen ting dei likar betre enn å oppdage noko heilt nytt.

Foto: NRK / Caroline Bækkelund Hauge

Men er det ikkje ein bitte liten sjanse for at det kan vera noko her?


– Som forskar så vil eg jo aldri si at det er 0 % sannsynleg for at det kan vera noko. Reint rasjonelt så bør me alltid bevare ein liten grad av usikkerheit.

Men spør du meg, så trur eg det er meir sannsynleg at Dovre fell i morgon, enn at Larson her trekkjer ut energi frå kvantefeltet.

Men oppfinnaren er sikker i si sak. Han brukar å lykkast, og bryr seg lite om kva forskaren seier.

– Det blir hans problem når eg etter kvart viser fram ei fungerande maskin, seier Larson overberande.

Publisert 17.01.2025, kl. 22.56

Read Entire Article