– Ein bur jo der ein bur. Ikkje alle i Noreg kan fly til Oslo eller Trondheim for å føde. Dei fleste gravide ønskjer å føde nær heimen.
Det seier tobarnsmor Benedicte Gjertsen-Amundsen (31) frå Lofoten.
Begge barna hennar er fødde på Nordlandssjukehuset på Stokmarknes – som med sine to fødestover og om lag 300 fødslar i året, er ei lita fødeavdeling.
I ein ny NTNU-studie kjem det fram at barn som blir fødde på små sjukehus med få fødslar har litt høgare risiko for å døy rett før eller rett etter fødselen, samanlikna med større sjukehus.
I Nord-Noreg er det berre Tromsø og Bodø som har over 500 fødslar i året. Ingen av dei har over 2000 fødslar.
Gjertsen-Amundsen er bekymra for at kvinner i distrikta skal bli unødig redde for å føde ved små fødeavdelingar.
– Eg trur ein skal vere litt forsiktig med å setje to strekar under svaret. Det er framleis trygt å føde ved mindre sjukehus, seier ho.
Både Jordmorforbundet og FHI-forskar Hilde Engjom delar bekymringa.
– Vi vil jo ikkje at kvinner i distrikta skal bli engstelege. Vi veit at for friske fleirgongsfødande er det ingen forskjell i dødelegheit. Uavhengig av størrelse på fødeinstitusjonen, seier leiar Hanne Charlotte Schjelderup-Eriksen i Jordmorforbundet.
Benedicte hadde eigentleg lyst til å føde på det næraste, men mindre sjukehuset i Gravdal i Lofoten. – Der er mykje nærare. Eg har berre høyrt positive ting om fødestova og menneska som jobbar der.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKOgså NTNU-forskarane peikar på at forskjellane mellom små og store sjukehus er små.
- Les svaret frå NTNU-forskarane lenger ned i saka.
Det var VG som først omtala studien.
– Kjende meg trygg
Begge barna til Benedicte Gjertsen-Amundsen er fødde på Nordlandssjukehuset på Stokmarknes.
– Eg følte meg veldig trygg då eg skulle føde. Vi opplevde at dei tilsette hadde god tid til å hjelpe. Det var ei god oppleving.
Benedicte ville helst føde på det næraste, og enda mindre, sjukehuset i Gravdal i Lofoten.
Fødestova der er jordmorstyrt og har ingen gynekologar på vakt.
Men etter at vatnet gjekk, skjedde det ikkje noko meir. Ho måtte sendast vidare til Stokmarknes for å bli sett i gang.
Det er mellom ein og ein halv til to timar frå heimstaden Svolvær til nabosjukehuset i Vesterålen.
– Eg følte meg absolutt trygg då eg kom til både Gravdal og Stokmarknes. Og det er jo ein sjølvfølge. Jordmødrer har lang utdanning og lang erfaring. Eg stolte på at dei visste om dei måtte sende meg vidare, og det gjorde dei.
– Trygt at all kompetanse finst på ei plass
Elin Henningsen Holmli (41) er oppvaksen i Lofoten, men bur i Trondheim.
I sommar fødde ho sitt andre barn på St. Olavs hospital. Hadde ho framleis budd i Kabelvåg, ville ho kanskje ha fødd ved sjukehuset i Gravdal.
– Eg hadde ei god fødselsoppleving ved St. Olavs. Eg merka at det var travelt, for det var det jo i sommar. Men det visste vi på førehand, seier Elin Henningsen Holmli, som jobbar som intensivsjukepleiar ved St. Olavs hospital i Trondheim. No er ho i permisjon med Synne på to månader.
Foto: Privat– Det er kjempefint at folk kan ha eit lokalt fødetilbod. Dersom eg hadde budd i Lofoten, ville eg nok hatt kjensler knytt til lokalsjukehuset.
Ho meiner det viktigaste er å ha kompetente jordmødrer som kan gjere dei rette vurderingane.
– Så får ein bli frakta til eit større sjukehus om ein treng det.
Sjølv er ho glad for å ha fødd på eit stort sjukehus.
– Det er noko med beredskapen når det ein sjeldan gong oppstår komplikasjonar. Då er det trygt å vite at all kompetanse finst på éin plass. Ein slepp å bli sendt med ambulansefly midt i ein fødsel.
– Færre fødeavdelingar enn flyplassar
Jordmorforbundet meiner at NTNU-studien har nokre svakheiter som er viktige å få fram.
– Vi meiner studien burde fokusert meir på korleis lang reiseveg til fødeinstitusjon aukar risikoen for barnedødsfall – opptil fire gonger høgare.
– Det er trygt å føde i Noreg, men ulik tilgang til helsehjelp skaper forskjellar. Små fødeavdelingar har god bemanning og mange fornøgde, seier Hanne Charlotte Schjelderup-Eriksen.
Foto: Per-Kåre SandbakkFrå 1967 til 2016 blei talet på fødestader i Noreg reduserte frå 182 til 48. I dag finst det 43 fødetilbod i Noreg.
– Vi har færre fødeavdelingar no enn flyplassar. Sentralisering og nedleggingar gir større ulikskap og bekymring. Det er viktig at vi beheld dei få fødestadene vi har igjen i Noreg.
Jordmorforbundet er kritisk til at studien ikkje vurderer konsekvensane dette får for kvinner i distrikta, og fryktar at han gir et skeivt bilde.
– Kvinner skal ha trygg og lik fødselsomsorg – uansett kor i landet dei bur, meiner leiar Hanne Charlotte Schjelderup-Eriksen.
– Det seier seg jo sjølv at det er større risiko viss du endar opp med å føde i ein bil på veg til sjukehuset.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK– Men det er ei kjensgjerning at fødestova med færrast fødslar tar imot 11 barn i året?
– Dei mindre fødeavdelingane har ofte tilgang til ein til ein-omsorg. Alle jordmødrer er trena i fødsel, uavhengig av kor mange fødslar dei har. Sommarstengde fødeavdelingar gjer også at vi får mengdetrening.
I fjor var det 54.460 fødslar i Noreg, ifølge Medisinsk fødselsregister ved FHI. Ullevål sjukehus i Oslo toppar lista med 5937 fødslar. Deretter følger Ahus med 5074 fødslar. Færrast var det ved Sonjatun fødestue i Nord-Troms med 11.
Foto: nrkForskar: – Kan skremme unødig
Hilde Engjom er forskar og overlege i Folkehelseinstituttet. Ho synest studien er grundig, men at formidlinga av bodskapen blir unyansert.
Også ho er redd for at konklusjonen kan skremme kvinner i distrikta heilt unødig.
– Nyare data frå Medisinsk Fødselsregister viser at dødfødsel og død i første leveveke no er sjeldnare også i fylke med spreidd befolkning og små sjukehus.
– Studien viser det andre forskarar har peikt på tidlegare. At det har blitt meir ulikskap mellom kvinner som bor i dei største byane og dei som bur i distrikta. Dei har gjort avanserte analysar, men ikkje undersøkt korleis det går med kvinner i område der nærmaste fødestad blir nedlagd.
Forskarane har sett på dødsfall frå veke 22 i svangerskapet til éin veke etter fødsel.
Det er problematisk, meiner Engjom.
– Perioden omfattar både svangerskapsomsorg i primærhelsetenesta, helsetenesta ved fødsel og tilgang til nyfødd-helsetenester i første leveveke. Dei fleste av desse barna dør i mora sitt liv før termin og før fødselen startar, seier Engjom.
– Trygt å føde i Noreg
NTNU-forskarane bak studien har undersøkt over ein million fødslar i Noreg.
Dei meiner at funna i studien kan bidra til å dempe uro blant fødande, uavhengig av kor dei bur.
– Studien understrekar at det er trygt å føde i Noreg, og at risikoen for dødsfall rundt fødsel er blant dei lågaste i verda, seier Johan Håkon Bjørngaard. Han leiar studien, som er publisert i det internasjonale tidsskriftet Epidemiology.
Foto: NTNU– Studien vår viser at lang reiseveg aukar risikoen for uplanlagde fødslar utanfor institusjon. Men vi fann ingen auka risiko for at fosteret eller det nyfødde barnet døyr ved lengre reisetid, seier Johan Håkon Bjørngaard, som er professor i helsetenesteforsking ved NTNU.
I perioden 1999 til 2016 døydde om lag 5 av 1000 barn rundt fødsel. Så sjølv om risikoen er 55 prosent høgare ved små sjukehus, snakkar vi om ein liten forskjell i praksis, ifølgje Bjørngaard.
– Studien vår viser at både sjukehusvolum og reiseavstand har betydning, men han konkluderer ikkje med at små fødeavdelingar er utrygge.
Han set pris på faglege innspel og diskusjon.
– Jordmorforbundet representerer ei sentral profesjonsgruppe i svangerskapsomsorga. Vurderingane deira må takast på alvor. Vi deler uroa for korleis formidling av forskingsfunn kan påverke tryggleikskjensla hos fødande, og vi meiner det er viktig å kommunisere nyansar og kontekst.
Bjørngaard meiner funna i studien gir viktig kunnskap for framtidig organisering av fødetilbodet.
– Studien er eit bidrag til debatten om korleis fødetilbodet bør organiserast, spesielt i lys av demografiske endringar og ulikt sjukehusvolum.
Publisert 12.10.2025, kl. 12.41