– Eg skjønte ikkje kva som skjedde. Kroppen gav etter. Eg reiste meg, datt på golvet og blei liggande. Eg venta berre på å døy.
Oda Finnanger var aleine heime då ho byrja å kjenne seg rar og uvel.
– Eg ringde far min og prøvde så seie at eg ikkje følte meg bra. Han høyrte at eg ikkje klarte å snakke, eg mumla veldig.
Faren kom heim og prøvde å få ho til legevakta – 17 år gamle Oda hadde fått eit hjerneslag.
På sjukehuset fann dei ut at ho hadde fått blodpropp i hjernestammen. Oda blei lam i heile venstresida av kroppen.
Ho blei sendt til rehabilitering på Ahus. Der var ho nokre veker før ho blei sendt til Sunnaas for å trene seg opp.
Hest.no har også omtalt Finnanger si historie.
Oda var på Sunnaas i om lag eit halvt år for å trene seg opp att etter slaget.
PrivatMåtte lære å gå på nytt
På Sunnaas måtte Oda lære seg grunnleggjande ferdigheiter.
– Eg måtte lære meg å gå på nytt.
Ho fekk hjelp av fysioterapeutar, ergoterapeutar, logopedar og psykologar.
– Eg klarte ikkje snakke ordentleg, fordi eg var lam i ansiktet. Det tok tid å lære seg å bruke ansiktet att.
Dei tilsette på Sunnaas blei overraska over kor fort Oda lærte å gå att
Etter omtrent eit halvt år, blei ho utskriven. Dei tilsette på Sunnaas blei overraska over kor fort ho lærte seg å gå att.
– Dei meinte at det kom av at eg hadde ein så aktiv bakgrunn, at eg var involvert med hest og budde på gard og slike ting.
Opp på hesten att
Hest og riding har vore ein stor del av livet til 25-åringen. Då ho fekk slag i 2017, blei det ein motivasjon for å bli betre.
– Eg var jo berre 17 år då livet mitt blei snudd på hovudet. Ein blir liksom så redd for kva folk tenkjer. Når ein forsvinn frå skulen, forsvinn frå venner. Hesten har vore ganske viktig for at ein kan føle seg heime.
Oda hadde ein eigen hest ho kunne kome heim til.
Foto: Privat / NRKVar redd ho ikkje var sjuk nok
Oda jobba i ein stall, for det som seinare skulle bli trenaren hennar. Trenaren hadde pararyttarar som ho trente.
– Eg såg andre pararyttarar og tenkte at eg ikkje var sjuk nok.
25-åringen må tilpasse ridinga til hennar fysiske føresetnader. Det inneber at ho heile tida jobbar med balanse, koordinasjon og kontroll – spesielt på venstre side av kroppen, som blei råka av slaget.
– Eg var jo så ung då dette skjedde. Eg måtte lære meg alt på nytt. Og så blei det liksom vanleg til slutt. Så eg følte meg aldri sjuk nok til å ta steget vidare, til å klassifisere meg som pararyttar.
Oda og hesten Fiona i 2023. Oda skildrar Fiona som den perfekte parahesten. – Ho er ein skikkeleg god parahest og overraskar stadig.
Foto: Equine Sport Photography / NRKKan vere skummelt
– Eg trur mange opplever at det kan vere skummelt. Det å skulle gå gjennom ein slik test kan vere krevjande, seier Kari Vanebo, rådgjevar for paraidrett, Noregs idrettsforbund.
Kari Vanebo er rådgjevar for paraidrett for Noregs idrettsforbund.
Foto: DAMTesten, som Vanebo nemner, inneber at fagpersonar bedømmer kva klasse ein skal inn i. Der må ein ha ein medisinsk- og ein teknisk klassifisering. Ho forklarar at klassifiseringa går føre seg på ulikt vis, avhengig av særforbund.
– Det er viktig å orientere godt i forkant til utøvaren om kva ein kan forvente å gå gjennom.
Det var ikkje før i 2021 at Oda torde å ta kontakt med ein som kunne klassifisere. Ho tok ei rekke testar, og blei til slutt klassifisert som pararyttar.
– Det har opna veldig mange dører og nye moglegheiter. Det var liksom ein heilt anna verd. Det har gjort det mogleg for meg å framleis konkurrere og drive med det eg likar.
Frå Noregsmeisterskapet i 2023. Oda rir på hesten Fiona.
Foto: Equine Sport / NRKLangrennsløpar Vilde Nilsen kan kjenne seg att i kjenslene til Oda. Nilsen var berre 8 år då ho fekk ein sjeldan bindevevssjukdom. Ho konkurrerte med dei funksjonsfriske til ho var 14 år.
– Eg visste på ein måte ikkje om dei moglegheitene for å bli parautøvar. Då eg fann ut av det. Så var eg litt usikker på om eg gjekk innanfor å vere parautøvar.
Vilde Nilsen er ein merittert langrennsløpar. Ho har delteke i fleire meisterskap og kapra til seg både gull og andre medaljar.
Foto: Aleksandr NedbaevHo fortel at ho til slutt kom i kontakt med Skiforbundet og klassifisørar for å ufarleggjere prosessen.
– Eg var veldig nervøs. Ein stiller jo opp med sin kropp, rett opp og ned, som nokon skal granske og bedømme. Enten så hamnar du innanfor eller så hamnar du utanfor. Hamnar du utanfor, så dett du jo litt mellom to stolar.
Langrennstjerna fortel at ho blei letta då ho blei klassifisert.
– Det har sørga for at eg har oppnådd mine største draumar i toppidretten, som ein kanskje ikkje hadde fått om ein ikkje hadde tatt sjansen og blitt klassifisert. Eg er veldig glad eg gjorde det, og torde.
Nilsen har fleire medaljar frå både paralympiske leiker og verdsmeisterskap.
Nordisk meister
I juni blei Oda og hesten Fiona nordisk meister i paradressur. Ho blei også noregsmeister i 2023 og 2024.
Oda Finnanger blei nordisk meister i juni.
Foto: PrivatOda sin draum er å delta i Paralympics.
– Ein vil jo heile tida bli betre og betre. Ein vil vere den beste eigaren til hesten. Oppfylle det hesten treng og bli ein betre ryttar.
Langrennstjerna sine tips for å nå dit, er å ha tolmod.
– Sjølv om ein er få parautøvarar, føler ein seg inkludert og varetatt. Mitt tips er å vere tolmodig og oppsøkje andre i miljøet, få inspirasjon. Det er viktig å ha trua på seg sjølv, jobbe mot måla og sparre med andre. Tore å følgje draumen sin.
Publisert 28.07.2025, kl. 17.30