USA sin president Donald Trump var «ikkje overraska» etter Russland gjennomførte eit missil- og droneangrep natt til tysdag i Ukraina, melder Det kvite hus.
Fem dagar tidlegare lova Russland sin president Vladimir Putin at Ukraina ikkje skulle bli bomba på ei veke.
Det etter at Trump personleg hadde bede Putin om å stoppe angrepa.
Men Russland og Ukraina skal ha vore ueinige om tidsramma for stansen, melder Reuters.
Helsearbeidarar, redningsmannskap og politibetjentar evakuerer ein bebuar frå bustadblokka som vart treft av eit russisk droneangrep i Kharkiv i Ukraina natt til tysdag.
Foto: ReutersTilsette i World Central Kitchen deler ut gratis suppe i eit nabolag i Kyiv som opplevde straum- og varmebrot etter angrepet i natt.
Foto: ReutersDenne katten vart redda ut tysdag morgon frå ei bustadblokk i Kharkiv som vart treft av ein russisk drone.
Foto: APDenne kvinna var ein av mange bebuarar i Kyiv som opplevde straum- og varmebrot etter dei russiske angrepa natt til tysdag. Her får ho suppe frå World Central Kitchen.
Foto: Reuters
Bombinga skjer like før dei planlagde møta i Abu Dhabi onsdag og torsdag, som Zelenskyj varsla om på Telegram søndag kveld.
– Dersom ikkje USA og Europa kan stoppe russiske angrep, kven vil då tru at det finst ei evne til å garantere at ein ny krig ikkje bryt ut, seier Zelenskyj tysdag kveld, skriv Reuters.
Representantar frå Russland og Ukraina skal ha nye samtalar om ein mogleg våpenkvile og ei avslutning på krigen.
Fredsforhandlingane om Ukraina
- Kva blir gjort for å få slutt på krigen i Ukraina?
Russland angreip Ukraina i strid med folkeretten i 2014, og så i 2022. Det er gjort mange forsøk på å finne ei fredsløysing. Etter at Donald Trump blei president i USA, sette han saka høgt på sin dagsorden. Trump har møtt både Putin og Zelenskyj. USA har fått i stand ei rekkje møte mellom forhandlarar frå USA, Ukraina og Russland. Også europeiske leiarar arbeider for å finne ei løysing, gjennom den såkalla "koalisjonen av villige", som blir leia av Frankrike, Tyskland og Storbritannia. Det er lagt fram ein 20-punktsplan som er utgangspunktet for forhandlingane no.
- Kva må til for at det skal bli våpenkvile eller fredsavtale i Ukraina?
Ifølgje president Volodymyr Zelenskyj er partane samde om 90 prosent av den planen som ligg på bordet. Men dei siste ti prosentane er ein vanskeleg floke. Stikkord er blant anna landområde og tryggingsgarantiar. Russland annekterte Krim i 2014. I 2022 annekterte dei også fylka Luhansk, Donetsk, Zaporizjzja og Kherson i Donbas-regionen, men har ikkje full militær kontroll over dei. Russland krev å få behalde alle fire, og at ukrainske styrkar trekkjer seg heilt ut av dei delane av fylka som Russland berre delvis okkuperer. Ukraina avviser dette, og viser til at det er i strid med grunnlova å gje frå seg landområde. Kjernekraftverket i Zaporizjzja er også eit stridstema.
- Kva er ein tryggingsgaranti?
Ein tryggingsgaranti for Ukraina skal sikre landet mot nye russiske angrep etter at ein fredsavtale er eit faktum. Garantien vil likne Natos artikkel 5, der andre land stiller opp dersom eitt av landa blir utsette for angrep. Planen er at ein fleirnasjonal, europeisk styrke skal sikre luftrommet, havområda og også vere til stede på land. Dei skal dessuten vere med på på byggje opp igjen den militære kapasiteten i Ukraina. Ein tryggingsgaranti frå USA til Ukraina må godkjennast av Kongressen og det ukrainske parlamentet.
Hundretusenvis utan straum og varme
Dei russiske angrepa råka områda Kyiv, Kharkiv, Dnipro og Sumy, melder Reuters.
– I dag angreip russarane oss med 71 missil og 450 dronar, skreiv Zelenskyj på Telegram.
– Vi forventar ein reaksjon frå USA på dei russiske angrepa. Det var nettopp USA sitt forslag å stanse angrepa mot energisektoren så lenge diplomatiet går føre seg og vintervêret er så kaldt, legg presidenten til.
Russland har i lengre tid gjennomført angrep mot Ukraina sin energiproduksjon og bustadområde.
Det skjer samtidig som ukrainarane opplever ein kald vinter med temperaturar ned mot 20 kuldegrader – noko som fekk Zelenskyj til å erklære unntakstilstand tidlegare i vinter.
Tysdag morgon vakna hundretusenvis av ukrainarar opp til bustadar utan straum og varme.
Nær 270.000 innbyggarar i Kharkiv er utan straum og varme. Det same gjeld for rundt 1170 bustadar i Kyiv, melder Reuters.
Dei raude områda viser ukrainsk territorium som Russland har militær kontroll over. Dei grå områda er framleis under ukrainsk kontroll. Kartet er laga ved hjelp av datasett frå Institute for the Study of War, 28. januar 2026.
Trur ikkje ein våpenkvile er innan rekkevidde
– For ukrainarar er dette ei påminning om at Russland sine ord ikkje er noko verd og at bruken av våpenmakt mot sivile er ein integrert del av Russland si kigføring.
Det seier Iver B. Neumann, diplomati-forskar og direktør ved Fridtjof Nansens Institutt, til NRK.
Neumann trur ikkje ein våpenkvile er innan rekkevidde.
– Russland har ikkje skifta sin posisjon i det heile tatt, seier han.
Han peikar på at det framleis stor usemje mellom landa i forkant av møta.
Følg utviklinga i Ukraina her:
Nato-sjefen besøkte Kyiv
Få timar etter dei russiske angrepa mot Ukraina sin hovudstad Kyiv, var generalsekretær i Nato, Mark Rutte, på plass.
– Under mitt besøk i Kyiv i dag såg eg eit sivilt varmeanlegg råka av russiske missil. Det har overhovud ingen militær verdi – angrepa er berre til for at folk skal lide, skriv Rutte på X.
– Men Ukraina står sterkt. Og Nato står saman med dykk, legg han til.
Tysdag deltok Volodymyr Zelenskyj og Mark Rutte på ein minneseremoni ved monumentet for falne ukrainske soldatar på Uavhengighetsplassen i Kyiv, Ukraina.
Foto: Ukrainas presidentkontor via APZelenskyj og Rutte byrja dagen med å leggje ned blomar til minne om ukrainske soldatar som har mista livet i krigen, skriv Zelenskyj på X.
– Det er viktig at Natos generalsekretær er med oss i Ukraina i ein så tøff augneblink av denne krigen når russarane nok ein gong har ignorert innsatsen til den amerikanske sida, skriv Zelenskyj på Telegram.
Zelenskyj er klar for direkte samtalar med Putin. Les meir om det her:
Interessert i det som skjer i verda? Høyr Urix sin podkast:
Publisert 03.02.2026, kl. 22.29










English (US)