I ei kyrkje på Sofienberg strøymer ein god gjeng inn ein torsdag ettermiddag.
Dei er ikkje samla for tru, men for å bruke tid på sporten dei elskar.
Bordtennis.
Dette er altså ikkje frå filmen «Marty Supreme», men frå Sofienberg kyrkje der det blir spelt ping pong no på vinteren.
Foto: Åsmund HasliI filmen «Marty Supreme» møter vi Marty Mouser, ein mann som ønsker å bli andletet ovanfor omverda for ein framveksande sport på 1950-talet. På den tida var bordtennis framleis langt frå allment kjend.
Filmen er òg storfavoritt før Golden Globe-utdelinga, som går av stabelen sundag.
Karakteren Marty Mouser gjer alt for å vise at han er best.
Truverdig
Åsmund Hasli meiner filmen gir eit truverdig bilete av bordtennismiljøet.
– Det kjennest som eit kjærleiksbrev til pingpong.
– Det er ekstremt lett å kjenne seg att i kor mykje som står på spel for desse folka, om dei vinn eller tapar. Det er bokstaveleg talt liv og død, seier Hasli.
Åsmund Hasli brukar mykje av tida si på sporten.
Foto: Tuva Marie Sørum / NRKHan kjenner seg òg att i det sterke konkurranseinstinktet til Marty.
– Eg likar òg å vinne, ja.
– Det treff midt i blinken.
Hasli har sjølv laga dokumentarfilm om miljøet «Oslo Street Ping-Pong».
Grünerløkka har Norges mest populære bordtennisbord. Men noen av entusiastene har et noe mer liberalt forhold til rus enn kommunen setter pris på.
Om vinteren trekkjer dei nokre gonger inn i Sofienberg kyrkje i staden for parken, på grunn av kulda.
– Det er så mange karakterar i denne sporten, folk med sterke personlegdomar.
– Det er akkurat det filmen treffer så godt på.
I filmen svindlar han også andre for pengar.
Foto: Nordisk Film DistribusjonInteressa for bordtennis er aukande, meiner han.
– Eg trur mange blir trekt til sporten fordi ein ikkje treng mykje ressursar for å vere med. Det er ein svært inkluderande idrett.
Han håpar filmen kan bidra til å auke interessa endå meir.
– Kanskje bordtennis blir litt kult igjen på grunn av filmen.
– Det håpar eg, seier Hasli.
Ikkje alt stemmer
I filmen blir det spelt mykje om pengar, og karakterane tyr til ganske ekstreme middel for å kome seg til VM.
Det er ikkje noko alle bordtennisspelarar kjenner seg att i.
– Det er ein veldig amerikanisert film. Vi spelar ikkje om pengar, seier Jan Heymanns, medarrangør i «Oslo Street Ping-Pong».
Jan Heymanns meiner filmen ikkje er heilt riktig.
Foto: Tuva Marie Sørum / NRK– Sporten vår er svært inkluderande. Vi er eit tett fellesskap der alle er gode vener.
Han merkar at interessa har vakse.
– Før hadde vi tre bord i parken, no har vi elleve.
Dei pleier å spele i parken.
Foto: Skjermbilde InstagramHeymanns er likevel glad for at favorittsporten hans får sitt eige kinolerret, sjølv om filmen ikkje er heilt «rett».
– Når ein spelar bordtennis og ser det framstilt slik på film, blir ein jo heilt «wow».
– Filmen vekkjer fascinasjonen for bordtennis til live, og det er veldig fint, avsluttar Heymanns.
Publisert 11.01.2026, kl. 16.38
















English (US)