Mari (33) datt ned i bresprekken – vart redda av ryggsekken

11 hours ago 5


– På veg over frå Søre Illåbreen og opp mot fjellryggen på Store Tverrbottinden kjende eg berre at snøbrua under meg kollapsa. Eg datt igjennom, men vart heldigvis sitjande fast takka vere ryggsekken og skia som var på ryggsekken, seier Mari.

33-åringen frå Byåsen fortel om dramatikken som oppstod på slutten av den strålande påskedagen i Jotunheimen laurdag 19. april.

– Beina hang berre i lause lufta og eg klarte ikkje å kome meg opp. I starten var det berre litt komisk tykte eg, men etter kvart så gjekk det opp for meg kor alvorleg det faktisk var.

  • Permafrosten tiner raskt i høgfjellet og det gjer fjellet farlegare:

Gjekk med sele og hadde med tau

Ho fekk ropt etter hjelp frå dei andre i turfølge som kom og hjalp ho.

– Kven veit kva som kunne ha skjedd dersom eg hadde falt ned. Eg såg jo ikkje under meg og i ettertid har vi skjønt at det kunne gått riktig ille. Da dei andre redda meg passa vi på at dei sto på stein.

Mari og dei andre i turfølge er godt vant i fjellet. Dei gjekk også med sele og hadde med seg tau i sekken i tilfelle noko skulle skje.

Ulukka skjedde rett ved Leirløyfte, ein stad som er eit naturleg stoppestad for å pakke om og ta seg ei pause i fjellområdet. Det er også rett ved den populære Høgruta som går gjennom Jotunheimen.

– Etter ulukka og seinare på kvelden prata vi mykje om det skjedde og kva vi kunne gjort annleis. Eg tykkjer også det er fint å dele historia slik at andre kan lære.

  • Truls Gjefsen hang opp ned i ein bresprekk i fleire timar. Les den dramatiske historia her:

– Lett å vere etterpåklok

Over noko godt å drikke på turisthytta har vennegjengen ein liten debrief.

– Det hadde vore ein fin dag, og vi gjekk på fleire breer den dagen. Snøen var fin og eg følte vi tok våre forholdsreglar og hadde det utstyret vi skulle ha.

Et svart-hvitt-bilde av en sky

Mari datt ned denne bresprekken i Jotunheimen ved Leirløyfte. Bresprekken var stor nok til at Mari datt ned og vart sittande bom fast, men sidan ho hadde på seg ryggsekk datt ho ikkje lenger ned.

Foto: Steinar Bøe / Privat

Sett i ettertid har dei vorte samde at det burde ha gått ein alarm hjå dei da dei oppdaga eit mindre hol i snøen før det gjekk gale.

– Vi oppdaga eit hol som var så stort at ein hjelm kunne gått ned der. Da burde vi sjølvsagt teke nye vurderingar og vore meir forsiktig. Men det er lett å tenke i ettertid. På det tidspunktet tenkte vi at det ikkje kom til å skje noko.

Klar for nye turar

Sjølv om det kunne gått skikkeleg gale er ho klar for nye turar.

– Det er skikkeleg fint i Jotunheimen, men eg skal nok bli flinkare til å lese terreng i naturen og tolke signal betre i framtida.

  • Lene Marie og Frank fekk nok av byen og flytta til bygda for å kome nærmare naturen:

Steinar Bøe frå Surnadal var med i turfølget og priser seg lykkeleg for at det gjekk bra.

Etter hendinga la han ut ein rapport på Varsom Regobs – ein app frå NVE som brukast aktivt av folk som ferdast i fjellet.

– Vi har god erfaring med å gå på rando og på bre. Denne dagen hadde vi gått heile dagen og kost oss i finvêret. Dette var den siste toppen vi skulle opp på og eg såg mange spor i nærleiken, seier Bøe.

En gruppe mennesker på et snødekt fjell

Mari (til høgre i bilete) storkosa seg i Jotunheimen i påska og fekk mange fine turar saman med venene sine.

Foto: Paul Thrane / Privat

– Beina dingla i lufta

Han fortel at dei hadde ei lita matpause i Leirløyfte før dei starta på turen oppover mot toppen. For å kome seg gjennom steinpartiet og breen tok dei skia på ryggsekken.

– Mari ropte at ho trengde hjelp, men sidan ho lo var det litt vanskeleg å skjøne alvoret. Da vi kom bort skjønte vi jo at dette var langt meir alvorleg enn vi fyrst trudde, seier Bøe.

  • Noregs siste alpinbre smeltar bort. Vurderer å redde den med kunstsnø:

Dei drog henne enkelt opp frå holet, og det var fyrst da dei såg at holet kunne vere skikkeleg djupt og i verste fall ha ført henne ned under breen.

– Ho kjente jo ikkje botn med beina som berre dingla i lause lufta. Vi var ikkje flinke nok til å tenke at det var farleg mellom breen og fjellet.

En gruppe mennesker på ski

Mari med fjellselfie tidlegare på dagen før det gjekk gale.

Foto: Mari Vatn / Privat

Breforskar: – Glad dei deler

Han er glad for at dei gjekk med sele og hadde med tau.

– Det er fint å vite iallfall. Før turen hadde vi trent på snøanker på breen og heise nokon opp, men det slapp vi heldigvis denne gongen. Det er likevel ein vekker og bra å seie ifrå så andre kan lære.

Ein av dei som er glad for at dei deler historia si er Liss Marie Andreassen, isbreforskar i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Det gjer at vi andre kan lære av det og registrere det i våre databasar.

Ho fortel at breene er i stadig endring.

– Der det var trygt før treng ikkje å vere trygg no. Sprekkene kan også dukke opp nye stader, seier Andreassen.

Liss Marie Andreassen

Liss Marie Andreassen, NVE. Her frå synfaring på Storbreen nyleg.

Foto: Privat / Privat

Ber folk vere forsiktige

Når ein går på bre er det viktig å ha med seg sele, tau og vere forsiktig, opplyser breforskaren.

– Breene er alltid i endring, og det kan også oppstå dreneringsbrønner under isen som vatnet renn ned i. Dei kan bli skumle. Når breen smelter tilbake kan det bli farlege glipper mellom bre og fjell.

Når det gjeld snøbruene så er desse sterkast om morgonen før sola varmar. I høgfjellet er det fleire stader som har lite snø og no kjem ho med ei klar åtvaring.

– I år starta smeltinga mykje tidlegare. Eg tilrår folk om å vere forsiktige, og er ein usikker anbefaler eg alltid å gå i taulag. Det er også fleire aktørar som tilbyr brekurs. Det kan vere ei god investering.

Hei!

Takk for at du leste artikkelen. Vi prøver heile tida å skrive relevante nyheitssaker. Om du har eit tips vi bør sjekke opp eller ein sak du meiner vi må omtale er det berre å ta kontakt. 

Publisert 25.04.2025, kl. 22.43

Read Entire Article