Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_8c59c57ea76160bd02c6e4df74cce0cf, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Måper av prestasjonane til nordmannen: – Dette er ellevilt - NorwayToday

Måper av prestasjonane til nordmannen: – Dette er ellevilt

4 hours ago 3


– Dette er ellevilt. Vi har drøymt og håpa, men at det faktisk skjer, er enormt stort, skriv Thor Hushovd i ei melding til NRK.

Det er nokre timar sidan torsdagsetappen i Tour de France, der Tobias Halland Johannessen imponerte stort og blei nummer fire på den første verkelege fjelletappen i rittet.

Engasjementet lyser likevel gjennom tekstmeldingane.

– Dette blir det neste og det nye. Vi skal sikte mot gult i den neste femårsperioden, skriv Hushovd, som er lagsjef for det norske Uno-X-laget.

Smadra store stjerner

For det har ikkje mangla på superlativ etter torsdagsetappen.

– Dette er ein draum. Dette er starten på eit nytt, norsk sykkeleventyr, det som vi er vitne til, sa TV 2s ekspertkommentator Mads Kaggestad mot slutten av etappen.

– Det Tobias held på med nå, er unikt i norsk samanheng, sa ekspertkollega Dag Otto Lauritzen.

Framfor Johannessen var berre Tadej Pogačar (Tour de France-vinnar i 2020, 2021 og 2024), Jonas Vingegaard (Tour de France-vinnar i 2022 og 2023) og stjerneskotet Florian Lipowitz.

Resten, som store stjerner som Primoz Roglic og Remco Evenepoel, blei regelrett knust av nordmannen.

– I norsk samanheng er det ein rimeleg historisk prestasjon, seier Stig Kristiansen, sportsdirektør hos Uno-X, til NRK.

– Ho har stått i 45 år

I norsk sykkelsport har det vore langt mellom ryttarane som har hatt høve til å hevde seg i toppen i Tour de France.

Jostein Wilmann har sidan 1980 hatt den beste norske samanlagtplasseringa med ein 14. plass.

– Ja, ho har stått i 45 år nå, nærast seier han overfor NRK.

1980 var Wilmann sitt første år i Tour de France og starten på ein treårsplan.

– Eg skulle køyre tre år og vinne Touren det siste året. Eg køyrde jo hjelperyttar i 1980, så det var ikkje lett. Eg skulle gjerne hatt den Touren-sigeren i 1982 som eg hadde tenkt, seier Wilmann, som måtte bryte i 1982 med sjukdom.

Nå trur han tida er inne for at den norske bestenoteringa får seg ei oppgradering.

– Slik som han køyrer nå, så trur eg nok han tar ho. Det er eg sikker på at han gjer, seier 72-åringen.

– Det er 45 år sidan Noreg har hatt nokon som kan køyre i fjella. Det er noko ein har mangla i norsk sykkelsport, seier Wilmann.

Jostein Wilmann

VETERAN: Mykje har endra seg sidan Jostein Wilmann køyrde Tour de France. Her frå 1980-utgåva, der han blei nummer 14 samanlagt. Framleis er det den beste norske samanlagtplasseringa i rittet.

Foto: NTB

Trur på topp ti

Tilbake til Frankrike. Stig Kristiansen tar seg god til NRK mens ein ventar på middagen. 54-åringen er blant dei som har følgt Johannessen og tvillingbroren Tobias i lang tid.

Han har også ein mannsalder bak seg i sykkelsporten, både som aktiv ryttar, landslagssjef og nå i fleire år sportsdirektør hos Uno-X.

Inn mot Tour de France heldt dei ein låg profil. Etappesiger var målet for laget, som Jonas Abrahamsen sikra onsdag.

– Går ein høgt ut, så er det som å stikke hol på ein ballong dersom det mislykkast. Det store målet har vore etappesiger, da er det greitt å ikkje gå for høgt ut med ting ein kan oppnå, seier han.

For nå blir det høgt sikta. Kristiansen meiner ei samanlagtplassering mellom femte- og tiandeplass nå ser realistisk ut. I så fall den første norske topp-ti-plasseringa i Tour de France samanlagd nokon gong.

en gruppe mennesker som bruker hjelm

FORNØGD: Stig Kristiansen er blant dei mest rutinerte i Sykkel-Noreg. Han seier noko av det mest spennande med Johannessen-brørne er at laget enda ikkje har starta med spesifikke førebuingar som utbreidd løyperekognosering til Tour de France. Der trur han det kan vere enda meir å hente i framtida.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Og det sjølv om Johannessen knapt kunne sykle gjennom store delar av våren på grunn av ein skade.

– Han responderer jo ekstremt godt på trening. Ein stor del av det vi prøver på er å halde han på beina. Få inn gode veker i lang, lang tid. Det er mange potensial som står att, seier Kristiansen.

– Kor kan han vere om han får eitt år utan problem?

– Med eitt til to år gode utan avbrekk, så vil han vere podiekandidat. Det er eit stort steg opp til Pogačar og Vingegaard, men 3.–5. plass i Tour de France vil vere mogleg. Da er du ein kandidat til å vinne ganske mange andre etapperitt og harde éindagsritt. Det er den sparsame spådommen min.

– Du har ingen gul draum på vegner av Johannessen?

– Eg prøver å vere måtehalden. Ein trur jo på at vi i framtida kan skape noko over tid som i alle fall er podiemuligheter. Eg veit ikkje om det er Tobias eller andre, men eg tenker podiet er ein stor nok draum i seg sjølv, seier han.

– Må drøyme stort

Den beste norske plasseringa i eit trevekersritt er ein åttandeplass. Det har både Carl Fredrik Hagen (Vuelta a España 2019) og Andreas Leknessund (Giro d’Italia 2023) klart. Og det kan snart bli overgått.

– Eg tenker topp fem er mogleg om alt går perfekt og nokon fell frå. Ein må drøyme stort, seier Hagen, som er ekspertkommentator for Eurosport under Tour de France.

– Men mitt beste tips: Ta éin dag av gongen. Ikkje køyr over evne. Hald fokus, og berre gjer det beste ut av kvar etappe, seier han.

Og Johannessen sjølv?

– Eg kjenner vi må dag for dag og ta vare på den flyten vi er inne i med laget, sa han til TV 2 torsdag.

Så står det att å sjå kor langt det tar 25-åringen.

Her går det galt: – Plutselig bare lå jeg der 00:49

Publisert 18.07.2025, kl. 11.29

Read Entire Article