Ein 60-år gammal mann er funnen i live etter å ha vore sakna i to døgn i Trollstigen. Den nederlandske mannen blei meldt sakna av familien då han ikkje kom tilbake frå ein fjelltur torsdag ettermiddag.
Ifølgje politiet står fram mannen som medtatt, men kommuniserer med frivillig mannskap frå Røde Kors.
– Eg har ståpels på armane. Vi er veldig takknemlege for at det har gått bra, seier innsatsleiar Geir Helge Ådneram.
Lege og redningsmann er nå satt av ved mannen, opplyser politiet klokka 14.32.
Mannen skal ikkje vere skadd, men er prega av å ha tilbrakt to døgn ute i relativt dårleg vêr. Han er kald, men i god form, seier legen som har undersøkt han.
Mannen blir no send til sjukehuset på Hjelset i Molde, melder politiet.
Personen blei funnen på rundt 1050 meter mellom Storegrovfjellet og Trollveggen.
Slik såg det ut på Trollstigen fredag.
Foto: Remi Sagen / NRKKrevjande forhold
Tett tåke og dårleg sikt har gjort søket etter mannen krevjande.
Natt til laurdag og laurdag formiddag har det blitt søkt med helikopter og drone etter mannen. I 11-tida laurdag måtte helikopteret igjen avbryte søket på grunn av dårleg vêr.
Klokka 13.32 melder politiet at dei igjen vil forsøke å gjere søk med helikopter.
– Utfordringa er sikt og tåke som kjem og går. Det er krevjande fordi vi tidvis har avgrensa sikt, seier Ådneram.
Betre leiteforhold
Over 30 personar frå politiet, Røde Kors Hjelpekorps, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder har deltatt i søket etter mannen.
Også alpin redningsgruppe har deltatt med leiting i brattare terreng.
– Sjølve turområdet er ein grei sti, men det er ein del fjellformasjonar og tidvis stein og ur. Det er tidvis ganske ulendt, seier Ådneram.
Dei har heile tida trudd at dei ville finne mannen i live.
Søket vil fortsette for fullt utover dagen og natta.
Foto: Remi Sagen / NRKSkulle på 1400-meter høgt fjell
Mannen blei meldt sakna då han ikkje kom heim frå tur som planlagt. Mannen skulle etter planen gå til det populære Stabbeskaret (1431 moh.), ikkje så langt unna Søndre Trolltinden, saman med kona og dottera.
Turen blir regnet som krevjande, og tar normalt 4–5 timar. Kona og dottera valde og snu like før toppen, mens mannen valde å fortsette.
Då mannen forsvann var det meldt høgste farenivå for styrtregn og lyn i området. Familien var på førehand kjent med dårlege vêrmeldingar.
Mannen skal ikkje vêre turvant.
Turen er populær blant turistar, og endar der fjellet går loddrett fleire hundre meter til Rauma. Politiet har også gjort søk på den sida av fjellet, men seier det er mindre truleg å finne mannen der.
Mannen skal ha gått frå Trollstigplatået, forbi Stigbotnvatnet og opp i retning mot Søndre Trolltind.
Publisert 26.07.2025, kl. 13.26 Oppdatert 26.07.2025, kl. 14.58