– Eg er sjokkert, seier Thazin til NRK.
Sjokket kjem på grunn av avsløringane i NRK. Der kjem det fram kva av det som skjedde rett før mannen hennar blei arrestert. Og at det dreier seg om statseigde Telenor og selskapets verksemd i Myanmar.
Ristinga
Men nå er Thazins sjokk omgjort til handling. Telenor får denne veka varsel om eit digert søksmål. Det blir fronta av ei enke. For historia enda så gale som ho kunne. Thazins mann lever ikkje lenger.
Lykkelegare tider. Zeya Thaw og Thazin feirar bursdagen hennar i 2021. Seinare same året blei han arrestert av militæret i Myanmar.
Foto: Privat– Eg er forferda over at Telenor gav bort min manns teledata til juntaen i Myanmar. Og at det skjedde berre nokre veker før han blei arrestert. Det er derfor eg reiser dette søksmålet, fortel Thazin.
– Vi stolte jo alle på Telenor. Det var derfor vi kjøpte SIM-kort frå selskapet.
Veskeberaren
Telenor opererte i Myanmar frå 2014. I februar 2021 blei landet ramma av eit brutalt militærkupp. Men det norske selskapet fortsette verksemda under det brutale regimet, i 14 månader til. NRK har tidlegare avslørt korleis det norske selskapet lydde juntaen. Sensitive kundedata til hundrevis av abonnentar blei overlevert militæret.
Phyo Zeya Thaw var folkevald i to periodar. Her kjem han til parlamentet i Myanmar.
Foto: APSvært mange av Telenors kundar tilhøyrde motstandsrørsla. Éin av dei var Zeya Thaw. Både kjendis og politikar. Særleg kjent som fredsprisvinnar Aung San Suu Kyis høgre hand. Etter kuppet engasjerte han seg i den væpna motstandskampen.
Vil truleg bli arrestert
31. oktober 2021 fekk Telenor eit krav frå militæret i Myanmar. Kuppmakarane ville ha trafikkdata knytte til Zeya Thaws telefonnummer.
Kven hadde han ringt til?
Og kven hadde ringt til han?
«Avsløring av slik informasjon om enkeltpersoner, vil sannsynlegvis føre til arrestasjon».
Dette skreiv Telenor i si eiga, interne vurdering.
Likevel utleverte selskapet trafikkdataene.
Fengsla og dømt
18 dagar seinare omringa hundrevis av soldatar bygningen der Zeya Thaw var. Han blei arrestert og fengsla. Seinare blei han dømt i ei lukka rettssak.
Zeya Thaw blei openbert mishandla etter at han blei fengsla
Foto: Skjermdump / MWDNRK har tidlegare spurt Telenors toppsjef i Myanmar om saka. Var det nokon samanheng mellom utleveringa av trafikkdata og arrestasjonen?
– Det har ikkje nokon direkte samanheng. Men det kan vere ein del av eit større puslespel, uttalte Jon Omund Revhaug nå i sommar.
Telenor seier i ein kommentar at det ikkje er lagt fram noko nytt i varselet.
Toppadvokatar
Enka etter Zeya Thaw står ikkje aleine i søksmålet. Med seg på laget har Thazin andre som meiner seg ramma av Telenors utleveringar. Det er både enkeltpersonar og organisasjonar. Tre toppadvokatar i Simonsen Vogt Wiig køyrer saka. Dei har erfaring frå regjeringsadvokaten, internasjonale domstolar, FN og høgsterett. Advokatane er spesialistar innan menneskerettar, EU-rett, telekommunikasjon og medierett.
Advokatane Jan Magne Langseth, Ingrid Flom (midten) og Jenny Sandvig har brei internasjonal erfaring.
Foto: SVW Advokatfirma«Grunnlaget for kravet er at Telenor systematisk har utlevert personopplysninger fra Telenor Myanmar til militærjuntaen».
Dette påpeikar advokatane i prosessvarselet. Det blei sendt selskapet måndag denne veka. Der understrekar dei at Telenor var vel vitande om at utleveringane ville føre til brot på menneskerettane.
Advokatane skriv at det dreier seg om «forfølgelse, vilkårlig fengsling og likvidering av motstandere av juntaen».
– Bevisa er overveldande. Det har jo NRK også dokumentert, seier Jan Magne Langseth. Han er éin av tre advokatar på teamet som jobbar med saka.
Langseth meiner det er svært viktig at Telenor blir halde ansvarleg gjennom eit søksmål.
– Er statskontrollert, norsk føretak skal ikkje kunne operere på denne uetiske måten. Sjølv om ein er i eit anna land.
Advokaten trekker fram Thazins historie.
– Der gjekk det jo så gale som det kunne gå.
23. juli 2023 blei Zeya Thaw avretta av juntaen i Myanmar ved henging.
Økonomiske krav
Advokatane skriv vidare i prosessvarselet:
«Det er årsakssammenheng mellom Telenors utlevering av personopplysninger til militærjuntaen og de sivile og økonomiske tap saksøkerne har lidt.»
Det er ikkje foreløpig fastsett noko erstatningskrav i søksmålet. Men ifølge advokat Langseth blir det høgt.
– For alle dei som er ramma eller direkte skadde, vil dreie om store summar. Truleg i 100 millionersklassen.
Thazin Nyunt Aung har lenge ønskt å ansvarleggjere Telenor.
Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRKInformasjonssjef i Telenor, David Fidjeland, seier til NRK den tragiske utviklinga i Myanmar har vore behandla av både politi og rettsvesen tidlegare. Men at det ikkje har ført fram.
– Telenor Myanmar hamna i ein forferdeleg og tragisk situasjon og hadde diverre ingen gode val, seier Fidjeland.
For eitt år sidan møtte NRK Thazin på grensa mellom Myanmar og Thailand. Da sa ho:
– Telenor har samarbeidd med dei aller verste folka. Dei tente blodpengar. Eg vil at verda skal vite om det som har skjedd. Selskapet burde stillast for ein internasjonal domstol.
Nå får den unge enka i alle fall delar av ønsket sitt innfridd.
Publisert 07.10.2025, kl. 07.32