Mann mishandla familien sin – dømt til 11 1/2 års fengsel i lagmanns­retten

3 days ago 1


Den 10. juni dømte Møre og Romsdal tingrett ein familiefar til 11 år og 6 månadar i fengsel for å ha mishandla familien sin.

Spesielt eitt av barna skal ha blitt utsett for mesteparten av valden, som gjekk føre seg over fleire år.

Familiefaren anka dommen til Frostating lagmannsrett, som no har kome med dommen.

Dei var einige i avgjerda til tingretten, og dømde han igjen til 11 år og 6 månadar i fengsel.

  • Lagmannsretten har eit klart inntrykk av at (...) har kontrollert familien med bruk av vald og trugslar om vald.

Skal ha skjedd over fleire år

Mannen er mellom anna dømt for å ha forgripe seg seksuelt på eitt av barna sine.

Overgrepa skjedde både før og etter barnet var 14 år, og dei føregjekk over fleire år.

Mykje av mishandlinga skal ha skjedd i samband med at faren ville oppdra barna.

I dommen frå lagmannsretten står det:

  • Det store antalet overgrep og det lange tidsrommet gjer at straffenivå ligg vesentleg over normalstraffa for eitt tilfelle av seksuell omgang til samleie før fylte 14 år.

Fleire av barna har forklart at faren har utøvd sosial kontroll over familien, og at dei frykta valdsepisodar.

Fleire i familien har måtte ha lege- og tannlegehjelp etter å ha blitt utsett for vald.

Politihuset i Ålesund. Vi ser ein grå bygning med brune vindaugskarmar mot ein mørkeblå himmel. Sola skin, og vi ser eit stort skilt med ordet POLITI øvst på bygget.

Politiet har etterforska saka.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

I tillegg til fengselsstraffa, blei mannen i tingretten dømt til å betale erstatning på til saman 6,7 millionar kroner til familien; mest til barnet som vart utsett for store delar av mishandlinga.

Tingretten og lagmannsretten stadfestar at barnet har fått ei delvis funksjonsnedsetting som følgje av skadane faren har påført. Mesteparten av erstatninga går til tap av arbeidsinntekter.

Mannen anka fleire av erstatningskrava, og lagmannsretten forkasta fleire av desse ankane.

Etter lagmannsrettens vurdering, står tingrettens dom om å betale 6,7 millionar i erstatning, mesteparten til barnet.

Vil aldri få tilbake barndommen

Arnhild Skretting er bistandsadvokat til det barnet som blei utsett for mesteparten av valden.

Ho seier at den fornærma føler seg trudd av lagmannsretten.

– Min klient har opplevd å bli trudd og godt ivareteken heilt frå første møte med politiet og fram til saka blei behandla i Frostating lagmannsrett.

Advokaten seier at den fornærma likevel aldri vil få barndommen sin tilbake, trass i ein dom.

– Heile livet til min klient har bestått av vald og overgrep. Sjølv etter at fornærma klarte å rømme har livet vore prega av dette og det har vore vanskeleg for fornærma å komme i gang med eit eige liv.

Advokat Arnhild Skretting i Advokatfirma Skretting

Arnhild Skretting seier klienten hennar aldri vil få tilbake barndommen sin.

Foto: Anne Lise Norheim

Vil anke dommen

Oddvar Aarsæther er forsvarar til den tiltalte, og forklarer at mannen er skuffa over avgjerda.

– Han er skuffa over ikkje å bli trudd av lagmannsretten, og han har opplyst at han kjem til å anke dommen.

Då dommen kom frå tingretten i juni, nekta mannen for at hendingane skal ha skjedd.

Forsvarar Oddvar Aarsæther under ei tidlegare sak.

Oddvar Aarsæther er mannen sin forsvarar.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Inger Myklebust er statsadvokat, og meiner lagmannsretten har gjort riktig vurdering.

– Påtalemyndigheitene meiner lagmannsretten har avsagt riktig dom. På den måten er vi fornøgde med at tiltalte er domfelt for tiltalen.

Advokat Inger Myklebust.

Statsadvokat Inger Myklebust.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Publisert 03.10.2025, kl. 14.51 Oppdatert 03.10.2025, kl. 15.35

Read Entire Article