Mann i 40-åra dømd til forvaring i 10 1/2 år etter valdtekt av fleire barn

3 days ago 3


Onsdag blei det sett punktum så langt etter ei fleire veker lang rettssak i Sunnmøre tingrett.

No har dommarane avsagt dom:

Mannen i 40-åra er dømd til forvaring i 10 1/2 år, med ei minstetid på sju år.

Han må også betale nesten 800.000 kroner totalt til fleire av barna, og misser retten til å ha Snapchat og Whatsapp i fem år.

I dommen heiter det:

«Aktiviteten rettet mot barn på internett har både økt i omfang og eskalert i intensitet.»

– Eg konstanterer at det er i tråd med vår påstand, vi er fornøgde med at retten har vore enige med oss i våre vurderingar, seier statsadvokat Inger Myklebust, som var aktor i saka.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å få nokon kommentar frå mannen sine forsvarar, det er difor uklart om dommen blir anka.

en person i dress (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Statsadvokat Inger Myklebust var aktor gjennom rettssaka, og bad då om at mannen blei fengsla i 10 1/2 år på forvaring.

Foto: NRK

Vippsa pengar til barna

Under rettssaka la politiet fram det dei meiner er bevis på at mannen vippsa ungane pengar i bytte mot ulike seksuelle tenester.

For å unngå at foreldra skulle oppdage kva som skjedde, blei pengane vipsa til kompisar eller venninner.

Andre barn skal ha fått kjeks, energidrikk og brus.

No må han gje frå seg til saman tre mobiltelefonar, ein pc, ein gps og fleire kontoar som han skal ha brukt til å halde kontakt med barn.

Under rettssaka konkluderte rettspsykiatarane med at mannen har ein pedofili-diagnose, og at det er nærliggande fare for at han vil forgripe seg mot barn på nytt.

Det er grunnen til at han ikkje er dømd til ordinær fengselsstraff, men til forvaring:

«Etter en samlet vurdering, der det særlig legges vekt på det eskalerende handlingsmønsteret, NNs diagnose og historikken med gjentatte seksuallovbrudd mot barn, er retten ikke i tvil om at gjentakelsesfaren er nærliggende».

Tidlegare dømd fleire gonger

Politiet kom første gong på sporet av mannen i 2019. Då blei han dømt for å ha avtalt eit møte med eit barn under 16 år for å ha sex. Han blei også dømt for å ha fått bilde som seksualiserte barn under 18 år, og for seksuelt krenkande åtferd mot barn under 16 år.

I 2023 blei han dømt igjen, denne gongen for seksuelt krenkande åtferd mot ti barn.

Han blei også dømt i 2024, for å ha hatt seksuell handling med eit barn under 16 år.

Mannen har heile tida hevda at han er uskuldig.

I dommen heiter det:

«...fremstår per i dag ikke å ha tatt innover seg alvoret i handlingene, og viser ingen tegn til anger».

Hevdar at han ikkje huska

Gjennom heile rettssaka hevda mannen at han ikkje hugsa nokon ting som helst frå overgrepa.

Samtidig har han ifølgje aktor Inger Myklebust god oversikt over andre hendingar i den same perioden.

Han møtte fysisk opp i retten dei første dagane, men fekk følge resten av rettssaka digitalt fordi han fekk helseutfordringar undervegs.

– Det verkar skremmande dersom det er eg som skal ha gjort det, sa han gjennom videolenke frå cella si i fengselet siste dag i retten.

Han sa då at han ønskjer hjelp og han trudde framleis ikkje på det han er skulda for.

Publisert 29.04.2026, kl. 12.15 Oppdatert 29.04.2026, kl. 12.39

Read Entire Article