Ein mann i 30-åra frå Sunnfjord er dømt til seks månader fengsel etter at han i fjor sommar tok livet av nyfødde kattungar ved å halde dei under vatn i toalettet før han spylte dei ned.
Kattungane var berre eitt døgn gamle.
Retten slår fast at dyra døydde av drukning, anten før eller etter at dei vart skylt ned i avløpet.
Avlivingsmetoden førte til ein «dødsprosess over fleire minutt med intens stressrespons, frykt og smerte».
To av kattungane mista medvitet etter om lag eitt til to minutt, medan den siste sat fast i vasslåsen og vart liggande i fem til seks minutt før den flaut tilbake til toalettskåla.
I dommen kjem det fram at mannen skal ha kjent kattane sprelle under vatn, men forsikra seg likevel ikkje om at dei var døde før han spylte ned.
Mannens forsvarar, Ivar Eivind Hauge, seier til NRK at mannen ikkje godtek straffa
– Min klient har anka straffeutmålinga. Han meiner straffa er for streng.
Nabo høyrde skrik frå avløpet
Årsaka til at saka i det heile vart oppdaga, var fordi ein nabo høyrde mjauing frå sluket i dusjen.
Ho reagerte straks og ringde både politi og brannvesen.
Politiadvokat Inger Helen Stenevik omtalar det som eit under at nokon høyrde lyden.
– Det var naboen som fekk med seg dette, ho reagerte veldig sterkt og begynte å grine. Ho gjorde det ho kunne for å prøve å hjelpe dyra, seier Stenevik.
Politiadvokat Inger Helen Stenevik omtalar saka som svært alvorleg.
Foto: Bård SiemNaboen filma lyden, og retten omtalar mjauinga som «desperate skrik». Ifølgje dommen er det høgst sannsynleg at minst éin av kattungane var levande og medvitslaus då den vart spylt ned i røyrsystemet.
– I ettertid har eg fått opplyst at ho opplevde dei heile som traumatiserande, forklarar politiadvokaten.
Stenevik omtalar saka som særs alvorleg.
– Denne saka er graverande. Når ein tar levande dyr ned i toalettskåla, og ikkje forsikrar seg reelt om at dei er døde, blir dei hjelpelause nede i avløpssystemet.
Då saka var til behandling i januar i år, tilstod mannen utan atterhald.
Tilståinga gav han strafferabatt, og straffa vart sett til seks månader utan vilkår, i staden for åtte.
Mannen har forklart at han trudde drukning var ein «human metode», og at han ønskte å spare kattungane for smerte.
Får forbod mot å ha dyr
Under etterforskinga fann politiet fleire teikn på at mannen over tid hadde hatt dårlege forhold for dyra sine. Mannen hadde fire vaksne katter.
Politiet fann katteavføring innandørs, sterk lukt av urin og avføring, og to av kattane hadde store flokar i pelsen. Kattane budde ute på altanen til kvar ein tid, med to kurver og berre pledd som isolasjon mot kulda.
Mannen er dømd for å ha avliva tre kattungar på ein uforsvarleg måte, for grov vald mot dyr og for dårleg og uforsvarleg dyrehald.
Foto: Erlend Blaalid OldeideMannen forstod heller ikkje at den eine katten hans var drektig før kattungane vart fødde.
På bakgrunn av dette får han no forbod mot å eige, halde eller stelle dyr i framtida.
– Han har fått forbod mot å ha dyr, alle slags dyr, seier Stenevik, som meiner Mattilsynet burde vore kopla inn tidlegare.
– Viss Mattilsynet hadde komme inn tidlegare i dette dyrehaldet, så kunne kanskje denne valden og avlivingsmetoden vore unngått.
Mannen må også betale kr 3300 for sparte veterinærkostnadar, som kunne blitt brukt til avliving.
Publisert 13.02.2026, kl. 06.23 Oppdatert 13.02.2026, kl. 07.43












English (US)