Mammaer og politikar-toppar: Skal bli betre skrollemodellar

3 hours ago 1


Skyhøg skjermtid og strenge skjermråd. No skal både Lene Vågslid (Ap) og Ida Lindtveit Røse (KrF) skjerpe eigen mobilbruk og bli skrollemodellar.

 Helge Mikalsen / VGSKJERMAR SEG: Barne- og familieminister Lene Vågslid vil skjerme både barn og seg sjølv mot for mykje skjermtid. Men ingen har sagt at det er lett. Foto: Helge Mikalsen / VG
Barne- og familiedepartementet / Stortinget, Oslo Oppdatert mandag 19. januar kl. 07:03
  • Lene Vågslid (Ap) og Ida Lindtveit Røse (KrF) vil skjerpe eigen mobilbruk, og bli betre scrollemodellar.
  • Helsedirektoratet sine nye skjermråd skaper debatt om barn og unge sin mobilbruk.
  • Barneminister Vågslid meiner klare råd og aldersgrenser på sosiale medier er heilt naudsynt.
  • Lindtveit Røse erkjenner si eiga høge skjermtid på 6–7 timar dagleg, og set seg nye mobilvanar for det nye året.

Dei nye skjermråda frå Helsedirektoratet kom for ei vekes tid sidan. Råda om korleis born, unge og foreldre skal bruke - og ikkje bruke smarttelefonen, har skapt debatt.

Er det hysteri eller relevante råd som er mogeleg å etterleve?

Både barneminister Lene Vågslid (39) og tidligare barneminister Ida Lindtveit Røse (33) meiner råda treffer både barn, unge og dei sjølv midt i magen. Og kvardagen.

 Frank Ertesvåg / VGIKKJE BERRE TULL: Ida Lindtveit Røse tullar med at ho er skjermavhengig - med mellom seks og sju timar skjermtid i snitt. - Men det er ikkje berre tull, seier KrF-representanten som også er 1.nestleiar i partiet. Foto: Frank Ertesvåg / VG

– Korleis i all verda følgje råd om at tolvåringar bør ha tilsyn frå foreldre medan dei brukar mobilen?

– Eg synest at me som foreldre bør følgje dei nye skjermråda. Dette er gode verktøy for å navigere i ein kvardag som som er blitt veldig digital. Me overbeskyttar kanskje barn i den fysiske-, og underbeskyttar dei i den digitale kvardagen deira, seier Vågslid til VG.

Kortare skjermtid

Ho er mamma til ein og bonusmamma til to.

Vågslid kan skryte av kortare skjermtid etter at ho vart barneminister for eit års tid sidan, og ligg no på mellom tre og fire timar dagleg.

For stortingsrepresentant Ida Lindtveit Røse (KrF) har kurva gått andre vegen.

Trebarnsmora seier ho er direkte flau over ei skjermtid på mellom seks og sju timar dagleg. I snitt.

– Me kan bevisstgjera oss sjølv som rollemodellar, ikkje minst for ungane våre - med å legge den vekk oftare, seier Vågslid om nettopp - mobilen.

 Helge Mikalsen / VGIKKJE HYSTERISK: Dei nye skjermråda er på ingen måte noko symptom på hysteri, fastslår Lene Vågslid på si breie Vest-Telemark-dialekt. Foto: Helge Mikalsen / VG

– Nokon meinar skjermråda nærmar seg hysteri?

– Det var sikkert mange som meinte det var hysterisk å kome med røykelova eller påbod om bilbelte i si tid også. Når det gjeld mobilen meiner eg barn og unge har blitt utsett for et eksperiment dei siste 10-15 åra. Eg trur me treng klarare råd. Og me treng aldersgrense i sosiale medier for å verne barna og ungdomane våre i den digitale tida me lever i, svarar Vågslid inne på sitt romslege kontor høgt oppe i etasjane i det gamle regjeringskvartalet.

I Stortinget sin vandrehall tuslar Ida Lindtveit Røse rundt med sin rådgjevar og tre ting ho alltid må ha med seg: Kaffikoppen, hårklemma og mobilen.

– Eg kunne verkeleg trengt skjermråd for vaksne også. Brukar altfor mange timar på den skjermen. Eg tullar med at eg er skjermavhengig. Men det er ikkje berre tull. Eg brukar den jo heile tida.

Er du ein skrollemodell for barn og unge i din mobilbruk?

aNei, der sviktar eg grovt, og brukar mobilen altfor mykje utan tanke på at eg kan virke fjern og for lite til stades.bJa, eg er svært medviten på at unge ikkje gjer som eg seier, men ser på kva eg gjer.

– Skjermtida di?

– Den er faktisk ned 34 prosent frå førre veke, men den ligg på mellom seks og sju timar i snitt. Det er jo ganske mykje då.

– Må skjerpe meg

– Ein del er vel jobbrelatert?

– Eg seier jo at eg er inne på VG.no som ein del av jobben. Men eg må jo ikkje det medan eg et middag eller er saman med ungane mine. Eg erkjenner at eg må skjerpe meg. Det er så vanskeleg å legge den vekk. Det er ganske vilt, men det er ein kostnad for meg å legge vekk den telefonen. Kva synest barn då? Altso, eg sit og ser på TV og skrollar på mobilen samstundes, klagar Røse på seg sjølv.

Vekk før leggetid

Ho har sett seg føre tre ting som skal endre eigne mobilvanar i det nye året:

  1. Mobilen skal ikkje vere det siste eg ser på før eg legg meg, men leggast vekk seinast ein time før leggetid.
  2. Mobilen skal leggast vekk under måltider.
  3. Og ikkje mobilbruk medan eg ser på TV.
 Ole Berg-Rusten / NTBKNIPSAR KOLLEGA: Lene Vågslid har sjølvsagt med seg mobilen i stortingssalen. Her blir regjeringskollega og justisminister Astrid Aas-Hansen knipsa i den muntlege spørjetimen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Også barne- og familieminister Lene Vågslid har potensial når det gjeld å skjerme eigen søvn og familieliv mot mobilen.

– Eit nyttårsforsjett eg har - er å kjøpe meg vekkarklokke slik at eg slepp å bruke mobilen på soverommet. Men i den rollen eg har som statsråd - så må eg ha telefonen i nærleiken. Mange kan nok gjere litt meir for å ta tilbake tida.

Read Entire Article