Fleire har følgt med på Bård Tufte Johansen og Lars Lenth si jakt på å finne monstermakrellen, i serien ved same namn.
Der får vi sjå at gigantfiskane blir merka, slik at forskarane kan få ei betre forståing av korleis fiskane beveger seg.
Det gjer dei ved å setje på fiskane satelittustyr som følgjer rørslene deira.
Etter 365 dagar losnar merket, og forskarane kan sjå korleis fisken har oppført seg gjennom djupnemålingar av havet, vasstemperatur, soloppgang og solnedgang.
Ein av fiskane som vart merka, er makrellstørja «Ola Tunfisk». Han vart merka for eitt år sidan, og no er resultatet klart.
Her kan du sjå augeblikket då dei merka makrellstørja:
Utdrag frå «Jakten på monstermakrellen». Her merkar dei makrellstørja Ola Tunfisk.
Trivst best på mørekysten
Tidlegare denne veka vart merket til fisken plukka opp like ved Ona i Ålesund.
– Det er ei fantastisk rute denne fisken har svømt, seier havforskar Keno Ferter.
Havforskar Keno Ferter held merket i handa. Frå venstre: Keno Ferter, Michael Breen, Neil Anders, Jan Hinriksson og Gunnar Didriksen.
Foto: Havforskningsinstituttet / PrivatHan har følgt reisa til makrellstørja, og forklarer at fisken har svømt godt over 30.000 kilometer på reisa si, men at den likte seg best i Noreg.
– Her var den heilt til desember i fjor før den kryssa Atlanterhavet, for å så svømme sørover til Azorene og Kanariøyane. I mai gjekk den inn i Middelhavet for gyting for den kom tilbake til Noreg i slutten av juli i år.
Her kan ein sjå reiseruta makrellstørja har tatt.
Foto: Havforskningsinstituttet / PrivatMen sjølv om fisken har vore på rundtur, trivst den best på mørekysten.
– Det har vore ein lang tur, men vi har kalla han Ola Tunfisk, fordi han likte seg i Noreg, ler forskaren.
Han forklarer at makrellstørjene vanlegvis forlét norsk farvatn i midt av oktober.
– Det var ganske overraskande at den oppheld seg så lenge i Noreg. Men det var ganske varmt i fjor, så det er kanskje derfor den oppheld seg her så lenge. Og så må det jo vere mat i tillegg, legg han til.
Jakta på monstermakrellen
Lars Lenth var med ut og fiska med havforskninginsituttet i TV-serien «Jakten på Monsermakrellen».
Han var eigentleg der for å observere, men så skjedde det noko uventa.
– Plutseleg dukka det opp to på ein gong, to 300-kilos fiskar, og så måtte eg berre trå til. Det var eit sjokk.
Bård Tufte Johansen og Lars Lenth i tv-programmet Jakten på Monstermakrellen på NRK1.
Foto: NRKTVHan forklarer at dei beheld den eine fisken, medan den andre vart merka og sendt ut.
Han synest funnet som er gjort av merkinga er fascinerande.
– Det er jo heilt fantastisk, heilt utruleg, at eit sånt vesen kan fangast, også fyk den til Middelhavet for å gyte, også tilbake igjen same ruta.
Publisert 13.09.2025, kl. 19.34