Løysinga er å leve saman

2 hours ago 1


Alle eg kjenner over 60 år er uroa for framtida.

Dei gruar seg til alderdomen, og er livredde for å hamne på institusjon, der dei med god grunn fryktar at ingen vil ha tid til å ta skikkeleg vare på dei.

Tilsette fortel om eldre som unngår å drikke vatn av omsyn til dei overarbeidde pleiarane.

Alle unge eg kjenner, er minst like uroa for si framtid.

Klimakrisa vil råke dei hardt, KI trugar alle potensielle arbeidsplassar, og korleis skal dei nokon gong kunne kome seg inn på bustadmarknaden?

Eg er uroa sjølv.

Moren og datteren til Sigrid Z. Heiberg– MDGs fraksjonsleiar for byutvikling, Oslo bystyre

Dottera til forfattaren, Rosa, teiknar med besta.

Foto: Privat

Kva skal eg gjere når foreldra mine blir for gamle til å klare seg sjølve i huset sitt på bygda? Når dei ikkje lenger kan køyre bil? Når eg sjølv bur langt unna, og sjukeheimsplassar er vanskelege å få tak i? Og korleis skal barna mine vere trygge når Golfstraumen ser ut til å kollapse?

Riksrevisor Schjøtt-Pedersen har slått alarm om eldrebølgja.

At Noreg i tiåra framover vil få stadig fleire eldre innbyggjarar, har vi visst lenge. Men akkurat som med klima- og naturkrisa: Dei store partia skyv problemet framfor seg, og behandlar dei kvar for seg, med tiltak som ikkje monnar.

Norske kommunar er ikkje førebudde på det som trugar liva våre.

No er det på tide med reelle endringar, og at vi løyser samfunnsproblema heilskapleg. Og grønt er den raude tråden som går att i alle dei smarte løysingane.

Det vil redde natur og redde liv.

Alle samfunnsproblem kan løysast – også einsemd. Medan 200.000 bustader står tomme, byggjer Noreg samstundes no ned meir natur enn noko anna europeisk land, ifølgje NRK.

Både eldre og yngre innbyggjarar opplever aukande einsemd. Studentar slit med høge leigeprisar og mangel på rimelege bustader.

Kan eitt av svara vere å bu saman?

Sigrid Z. Heiberg på sykkeltur med far.

Forfattaren på sykkeltur med far.

Foto: Privat

Openbert er svaret ja: vi treng ei enorm satsing på urban og smart bustadpolitikk i Noreg. Det vil nemleg bidra til å løyse nesten alle samfunnsproblema vi står i.

Tette og sosiale «landsbyar» i heile landet.

I staden for at folk bur i bilbaserte einebustader langt frå kvarandre, bustader som dei unge ikkje har råd til og som dei gamle ikkje har evne til å ta vare på, må vi ha ein politikk som byggjer gode, sentrale nabolag i alle bygder og byar i Noreg.

I staden for å bygge bilbaserte kjøpesenter i utkanten av byane, bør me bygge vakre sentrale bustader.

Det må vere næringstilbod i første etasje, og med sosiale løysingar som gjer at naboar som møter kvarandre, kan hjelpe kvarandre.

Dei må kunne gå, sykle eller rulle i rullestol til nødvendige tenester og tilbod utan å vere avhengige av bil.

Det krev systemendringar og modige politikarar som vågar å vere opne om problema og finne løysingar.

Besten nyt sommaren med is.

«Lat unge og eldre bu trygt under same tak». Besten nyt sommaren.

Foto: Privat

Smartare arealbruk og betre arkitektoniske løysingar vil gi mykje meir effektive helsetenester, men ikkje minst gi nabolag som fungerer betre for alle generasjonar.

Det vil skape sosiale møteplassar og utløyse meir samvær og meir livskvalitet.

Om barn kan gå trygt til barnehagen og til fotballbana, og eldre har kort veg til kafear, apotek, legesenter og naboar, vil det òg bli lettare å få den daglege trimmen og halde ved lag sosiale relasjonar.

Og veit du kva? Eg trur det norske tenåringar og unge vaksne treng meir enn noko anna, er fleire vaksne som har tid til dei. Og unge menn kan være strålande barnevakter.

Eg trur unge norske menn treng mindre tid i nettsamfunn og meir tid i ekte lokalsamfunn.

Dei treng nokon å vere viktige for, og nokon som ser dei.

Lukka finn vi berre i fellesskap. Eg veit av eiga røynsle at det vi småbarnsforeldre ønskjer oss mest, er meir tid til barna våre og dei andre vi er glade i.

Vi ønskjer oss enkle måtar å vere sosiale med andre på, vi ønskjer oss hjelp og avlasting, og vi vil gi barna våre ein fri kvardag og ei tryggare framtid.

Tre generasjonar lager middag. Forfattar, sonen Bill og besta.

Tre generasjonar lager middag. Forfattar, sonen Bill og besta.

Foto: Privat

Gode nabolag gir oss alt dette. Men i dag er slike nabolag mangelvare, både i by og bygd.

Eg kjenner ingen som angrar på at dei brukte mykje tid saman med bestemora si, eller med barna sine, eller saman med ein gammal nabo dei var glade i.

Internasjonal lukkeforsking er heilt tydeleg på kva som er viktig for oss menneske.

Det er ikkje mest mogleg pengar, flest mogleg nye ting eller klede, eller lengst mogleg tid brukt i bilkø. Det er relasjonar til andre, fysisk aktivitet, å vere til stades i livet, lære noko nytt, gjere noko hyggeleg for andre.

Det er faktisk mogleg å løyse samfunnsproblema, men då trengst det handling.

Vi treng politikarar som lyttar til vitskapen og sunn fornuft. Vi må faktisk byrje å gjere ting annleis på alle politiske område. Inkludert korleis vi byggjer byane og bygdene våre.

Lat oss starte no.

Publisert 13.07.2026, kl. 16.07

Read Entire Article