Kristian Frisvold (70) har røysta Høgre i alle år. No skiftar han til Sp. Fordi det berre var Emilie Mehl (Sp) som kjempa mot skulenedlegging i Ap/Sp-regjeringa.
- Kristian Frisvold, ordførar i Lom, byter ut Høgre med Senterpartiet under stortingsvalget.
- Han gjer det på grunn av Emilie Mehl sin kamp mot skulenedleggingar då ho var statsråd i Ap/Sp-regjeringa.
- Frisvold rosar Mehl for motet hennar; ho var den einaste statsråden som kjempa mot skulenedleggingane.
- Mehl tek kommentaren som ein kompliment.
Frisvold er Lom-ordføraren som erklærte krig mot Ap, Høgre og MDG i Innlandet. Han vart forbanna då dei danna fleirtal for å legge ned seks skular og skulestader, mellom anna i Lom.
– Emilie Mehl var den einaste som hadde ballar nok til å seie det ho meinte i skuleprosessen. Det står det verkeleg respekt av, og eg gir mi stemme til Senterpartiet i år, seier Frisvold til VG.
– Ho viste stort mot og eit godt skjønn då ho gjekk ut mot nedleggingane og samarbeidspartiet Ap, legg han til.
Mehl sjølv flirer godt av utsegna til Frisvold der ho køyrer rundt på valkamp i heimtraktene i Hedmark valdistrikt.
– Det tek eg som ein kompliment. Eg set pris på kvar einaste stemme til Senterpartiet. For det er mykje som står på spel no. Mitt mandat
kan bli byta ut til fordel for Høgre eller Frp. Eg håpar verkeleg det ikkje skjer, så vi treng dei røystene vi kan få, seier Mehl til VG.– Har du fått den type skryt før?
– Eg veit ikkje om eg kan seie at eg har høyrt dette uttrykket brukt tidlegare, nei. Men det er jo friskt. Så eg tek det med meg i overført betydning som ein hyggeleg omtale, svarar Emilie Mehl.
Ho er tidlegare justisminister. Og det vekte oppsikt då ho tala Ap midt i mot om skulestriden i heimfylket medan ho sat saman med Støre og eit fleirtal av Ap-statsrådar i Ap/Sp-regjeringa.
Ville dempe Mehl
Mehl kritiserte Ap sin fylkesordførar Thomas Breen i Innlandet for å bryte Ap sitt løfte om å bevare skulane i distriktet, og påstod at han «prostituerte seg for å få makt».
Då reagerte sjefen sjølv i regjeringa, statsministar Støre, ifølgje TV2 denne veka. Han meinte omtalen av partikamerat Breen ikkje gjekk an.
Statsministeren skal ha bedt Sp-leiar Vedum om å dempe Mehl si deltaking i skuledebattar i Innlandet, noko Vedum ikkje ville etterkomme - sidan dette var ei hjartesak for Mehl.
Ordførar Frisvold i Lom hyllar politikarar som torer å seie rett fram kva dei meinar.
I Lom har han røysta Høgre i dei siste 12 stortingsvala. Heilt sidan Kåre Willoch, Erling Storvik og Jo Benkow sine dagar i partiet.
Men no er det altså slutt. Senterpartiet og Emilie Mehl trumfar Erna og Ine Marie (Eriksen Søreide).
Frisvold representerer rett nok Bygdelista
i Lom kommunestyre, der han er ordførar.I oktober i fjor fekk han sjølv trauste lomveringar til å setje rømmegrauten i halsen med utbrotet om krigserklæring mot skulenedleggingane i kommunestyret.
– Eg meinte kvart ord eg sa, og angrar ingenting. Eg er nok litt direkte av meg. Treffer eg ein dritsekk, så seier eg det i klartekst. Og eg likar ikkje at partigrupper tvingar folk til å røyste for noko dei eigentleg er mot, seier Frisvold.
Ville du byttet parti på grunn av én viktig sak?aJa, lett!bNei, aldricKanskje