Etter eit vellukka fleirtal på Stortinget om å kutte drivstoffavgifta i førre veke, har Framstegsparti-leiar Sylvi Listhaug fått blod på tann.
No ønsker ho fleirtal for å kutte i matmomsen.
– Eg vil utfordre Høgre, KrF og Senterpartiet til å vere med. No har dei vore med på å senke drivstoffavgiftene, no må dei bli med på matmomsen. Sverige får det til, det bør Noreg også.
Partileiaren er heime på Sunnmøre på påskeferie, og granskar butikkhyllene for matvarer ho kan ta med seg heim.
Ho peiker på at det har blitt dyrt i hyllene, og meiner det er dei som har minst som blir hardast råka.
For Sylvi Listhaug er det summen på kassalappen som tel.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– Matmomsen er neste, og vi må få redusert prisane. Det vil treffe dei som har lite og er avhengige av å kjøpe mykje mat, som for eksempel store familiar med dårleg råd, seier Listhaug.
Partileiaren har tidlegare sagt at ho vil kutte i bistand, havvind og andre klimatiltak for å få reknestykket til å gå opp.
Vil momskutt nå kunden?
Etter avgifta på drivstoff gjekk ned ved midnatt 1. april, var det fleire som følte seg snytt fordi prisen på drivstoff ikkje hadde gått særleg mykje ned på fleire bensinstasjonar.
Og etter momskuttet i Sverige onsdag, gjekk NRK på handletur i nabolandet for å samanlikne prisane med dei norske. Der viste det seg at det var lite å spare.
Likevel er Listhaug sikker på at eit momskutt vil nå kundane, fordi matvarekjedene har garantert at det kjem til å skje.
– Kva kan politikarane gjere viss matkjedene stikk av med pengane?
– Dei har garantert for at dette kuttet vil komme forbrukarane til gode. Dette vil mange følge med argusauge, både media, politikarar og folk flest. Då får vi komme tilbake til det, men eg har trua på at dette vil komme forbrukarane til gode, og at den garantien står ved lag, seier ho.
Øyvind Sandnes / NRK
Leif-Einar Kristiansen, saman med Marit Rønstad Kristiansen
- Kva synest du om at Listhaug vil redusere matmomsen?
Eg er heilt einig i at momsen på mat bør bli sett net. Den bør halverast, spør du meg.
- Kor skal ein ta pengane frå?
Vi har jo noko som heiter Statens pensjonsfond utland. Vi er tjukk i pengar, så det bør ikkje vere noko problem.
Øyvind Sandnes / NRK
Grethe Brusdal
- Kva synest du om at Listhaug vil redusere matmomsen?
Eg synest at mat har blitt dyrare, men blir det så veldig mykje billigare sjølv om staten skal setje ned avgiftene? I dag kjem dei med at dieselprisane er like høge som dei var for to dagar sidan. Når staten gir frå seg avgiftsinntektene så er det nokon som skor seg på dette. Og då blir det eit paradoks, det er jo nokon som tener pengar.
Øyvind Sandnes / NRK
Arne Karlsnes
- Kva synest du om at Listhaug vil redusere matmomsen?
Eg er einig med ho. Det er veldig viktig å få billigare mat for dei som har familie, er arbeidsledige eller uføre.
Vil ha borgarleg fleirtal
For å få til eit momskutt, ønsker Listhaug å få med seg dei andre borgarlege partia og Senterpartiet på eit fleirtal.
Finanspolitisk talsperson i Høgre, Nikolai Astrup, seier at dei alltid er opne for å diskutere forslag som styrker folk sin privatøkonomi. Likevel vurderer ikkje partiet momskutt endå.
Nikolai Astrup (H) trur skattelette er ei betre ordning for å lette på privatøkonomien til folk.
Foto: William Jobling / NRK– Høgre meiner kutt i matmoms er eit lite målretta tiltak, og det er derfor ikkje noko vi vurderer no. Det vil bety mest for dei som har mest, og det er uklart kor mykje av gevinsten forbrukarane sit att med, meiner han.
Astrup meiner skattekutt vil vere det beste tiltaket for å kutte i privatøkonomien.
– Høgre vil kutte kraftig i inntektsskatten. Det hadde vore det beste tiltaket, så folk sjølve kan bruke det på det dei vil. Dessverre har vi ikkje sett noko initiativ til slike tiltak frå Støre-regjeringa.
Benyamin Farnam / NRK
Bjørn Arild Gram (Sp)
Senterpartiet har over tid vore for lågare matmoms.
Tilbake i 2001 sørga Senterpartiet for at matmomsen blei halvert, og seinast i vårt forslag til statsbudsjett for i år foreslo vi å senke matmomsen til 10 prosent.
Senterpartiet vil ha rimelege matprisar, og sikre at folk kan ha trygg norsk mat på kjøkkenborda sine. Derfor vil vi jobbe vidare med å få lågare prisar på matvarer.
Vetle Hjortland / NRK
Jørgen Kristiansen (KrF)
Halvering av matmomsen ville ha kosta om lag 15 mrd. kroner, og ville ha komme folk med både god og dårleg råd til gode.
Om vi i staden brukar same beløp på å auke barnetrygd og auke personfrådrag, blir inntektsauken for personar med låge inntekter dobbelt så stor som eit momskutt.
KrF vil derfor heller ha auka barnetrygd og skattelette fordi dette gir mykje større hjelp til dei som treng det mest.
William Jobling / NRK
Nikolai Astrup (H)
Vi gikk til val på å kutte skatten til folk flest med 36 milliardar kroner i denne stortingsperioden.
Skattelette er det mest sosiale tiltaket, fordi vi kan gi folk med låge inntekter dei største letta.
Derfor meiner vi skattelettar er meir målretta. Og det er det vi jobbar for i skattekommisjonen saman med KrF og Venstre.
Listhaug er ikkje einig med Astrup i at eit skattekutt vil vere den beste måten å lette på folk sin privatøkonomi, og står på sitt.
– Ein skattelette vil ikkje treffe like målretta, og derfor meiner vi dette er det beste tiltaket når prisane stig så veldig.
Publisert 01.04.2026, kl. 16.36













English (US)