Likestilling skaper trøbbel for Stavås Skistad: – Ho blir skadelidande

1 hour ago 1


– Ja, 100 prosent, svarer trenar Sofienlund på NRK sine spørsmål om det ville vere lik behandling av kjønna om det hadde vore ulik lengde på sprintløypene.

– Det meiner eg berre er tullball, det at jenter og gutar skal gå like langt, seier Sofienlund.

Nå er det altså endeleg klart at OL-sprintløypa i Val di Fiemme blir like lang for kvinner og menn. Ho blir like hard som ho var i Tour de Ski.

– På generelt grunnlag synest eg det er synd at sprintløyper blir lange. Eg tenker sprintløyper bør vere mellom 2:45 og 3:15, og at tida bør vere styrande. At gutar og jenter bør gå like langt på tid. Eg tenker det er mest rettferdig. Eg synest det er synd at sprintkonseptet drar seg til å bli lengre for det trur eg, blir mindre spennande og mindre show for langrennssporten, seier Lage Sofienlund.

– Har vore førebudd

Han er likevel ikkje pessimist på vegner av eleven sin, Kristine Stavås Skistad.

– Når det gjeld OL og når det først har blitt sånn, så har vi vore førebudde på det og eg trur det skal gå an å få til eit bra OL uansett.

– Kor stort handikap er det for Skistad at løypa er som ho er?

– Eg trur at Kristine har blitt betre denne sesongen. Om vi ser litt på kva som har skjedd, så gjer ho jo ein god sprint i Ruka der ho gjer det bra i siste bakken. Det har ho ikkje fått til tidlegare. Ho går veldig godt, og styrer eigentleg heile sprinten i Toblach på mellomhøgde der det er ei «jobbete» løype og eigentleg ein ganske tøff sprint. Der styrer ho frå tet. Så i det sprintformatet har ho vist styrke.

Lage Sofienlund.

TRENAR: Lage Sofienlund.

Foto: Geir Olsen / NTB

Trenaren fortset:

– Kristine er ikkje redd for ei 3:45 eller ei 3:50 sprintløype. Ho får pausar mellom dei fire delane, hentar seg inn og er klar på nytt. Så eg har trua på at ho skal vere godt førebudd og få til ein god prestasjon der borte, seier Sofienlund - og siktar til OL.

Lage Sofienlund fryktar at sprintarane i langrenn, som han samanliknar med 400-800-meter-løparar i friidrett, skal få konkurranse frå ekspertar på lengre distansar.

– Klart minus

– Langrennssporten blir fattigare, det blir færre som får høve til å nå opp, og sprinten blir ein til distanse for den aerob sterke distanseløparen, meiner den anerkjente skitrenaren.

NRK-ekspert Pål Golberg er klar på at Kristine Stavås Skistads OL-sjansar er mindre, fordi FIS (det internasjonale skiforbundet) står på at kvinner og menn skal gå like langt.

Pål Golberg.

NRK-ekspert: Pål Golberg.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Det er eit klart minus for Kristine. Frå å vere blant favorittane kvar gong, handlar det kanskje om å kjempe om ein finaleplass. Ho blir klart skadelidande av det nye systemet med at kvinner og menn skal gå like langt. Det er uheldig i eit OL.

– For ein reindyrka sprintar som Kristine blir det tøft når det er så endra føresetnader, meiner Pål Golberg.

– Likestillingskortet

– Burde det ha vore slik at kvinner og menn gjekk like langt i tid?

– Dette er to diskusjonar. Likestillingskortet er drage for at kvinner skal gå like langt som menn. Men etter mitt skjønn er likestilling like moglegheiter. Det har det vore i mange år i langrenn.

– For herrane har ikkje dette så mykje å seie. For kvinnene er det annleis. Dei typiske sprintarane blir no skadelidande i OL.

Maja Dahlqvist.

EINIG: Maja Dahlqvist meiner sprintløypa er for lang for kvinnene.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Sveriges Maja Dahlqvist er heilt einig med trenaren til Skistad:

– Det er misforstått at alle skal gå same distanse. Eg var mot dette heilt frå byrjinga, for eg har meir tru på at lik løpstid er rett. Når vi bruker fire minutt og gutane 3.20 minutt, så blir det jo to heilt ulike måtar å trene på, seier Dahlqvist til NRK.

– Det blir i lengste laget for oss.

– Kva tenker du om Kristine Stavås Skistads moglegheiter i ei slik løype?

– Vi svenskane kan nok handtere dette betre. Det er annleis for Skistad som er rundt topp 10 på distanse.

Lagvenninna Emma Ribom er også heilt klar på at OL-løypa favoriserer distanseløparane, men seier samtidig:

– OL-løypa har eit oppløp som passar henne bra. Eg trur det er mogleg å vinne på mange måtar i OL.

Publisert 31.01.2026, kl. 07.37

Read Entire Article