– Eg sa vel her ein gong at den enklaste sigeren var den første, og det stemmer. Det stemmer ganske godt. Eg har ikkje blitt mindre nervøs med åra, for å seie det sånn, fortel han.
30-åringen frå Rælingen er kjent for å gå sine eigne vegar og er ikkje redd for å seie kva han meiner.
Det er no elleve år sidan han debuterte i verdscupen i finske Levi. Trass i dette fortel Kristoffersen at han framleis slit med nervar på startstreken.
– Det er ikkje det fysiske det står på. Det er ikkje noko problem. Det er meir det mentale, seier Kristoffersen.
– Det er ekstremt slitsamt å skulle køyre renn, vere nervøs, ta seg saman og prestere heile tida. Treningsbiten er eigentleg den enklaste, sånn sett.
– Det tærer på
Det gjer også at han har gjort seg opp nokre tankar om framtida.
– Har du begynt å reflektere noko rundt om kor lenge du har tenkt å halde på?
– Det har eg, ja.
– Og kva har du kome fram til, då?
– Ja, no stiller du vanskelege spørsmål her. Nei, kva har eg kome fram til? Det kjem jo litt an på korleis ting går og alt sånt. Det blir i alle fall denne sesongen og to til, tenker eg. Så får vi sjå litt kva som skjer etter det. Det tærer på å vere toppidrettsutøvar på eit visst nivå også, svarer alpinisten til NRK og andre medium framfor verdscuphelga i sveitsiske Adelboden.
Mentalt krevjande
Kristoffersen avfeiar både at han har mista gløden og motivasjonen. Samtidig er han open rundt det faktumet at toppidrettslivet tærer på han.
– Det er berre at det er mentalt slitsamt å skulle ha dei forventningane heile tida og det presset som eg heilt klart legg på meg sjølv. Når du har vunne «x-antal renn og vore x-antal gonger på pallen», så er det jo ei viss forventning utanfrå om at det skal gjenta seg. Det blir ikkje akkurat overskrifter om eg blir nummer fem.
– Det å heile tida skulle gå rundt med det presset frå seg sjølv. Eg er nok meir nervøs no enn eg var då eg begynte å køyre verdscup.
Han fortel at det ikkje er uvanleg at han kastar opp rett før starten av ein konkurranse.
Austerriksk finte
I samband med dette deler han også ein episode frå verdscupsirkuset frå då ein austerrikar vende seg til fysisk trenar Daniel Tangen.
– Austerrikaren spurde om han kunne ha med seg ein spade på starten og spa bort det som kom opp frå meg før rennet, fortel han.
Akkurat den mentale finta beit ikkje den norske leiren på:
– Om dei klarer å vippe austerrikarar så lett av pinnen, burde dei gjorde det før kvart renn. Men det er jo slitsamt då. Det fysiske er éin ting, men det er meir det mentale som tar på og krev mykje. Det er ikkje berre undervegs i sesongen. Det går litt utover sinnstilstanden.
Trass i utfordringane seier det norske alpinesset at han ikkje har tatt problemet opp med personar i støtteapparatet rundt det norske alpinlandslaget.
– Eg har fått beskjed av fatter’n at når eg synest synd på meg sjølv, så må eg ta opp hanskane og slåst. Det er stort sett det. Slutte å synest synd på seg sjølv, klargjer han.
Forstår Kristoffersen godt
NRKs alpinekspert, Lars Elton Myhre, seier han ikkje er overraska over at Henrik Kristoffersen begynner å sjå enden av karrieren sin.
– Henrik slo gjennom veldig tidleg. Det har vore mykje kjas og mas sidan han var 17 år. Henrik blir vel 31 år i år. Så at det tærer på, den ser eg, seier Myhre.
Og minner samtidig om at Kristoffersen også har blitt familiemann.
Myhre meiner det er logisk at Kristoffersen synest det blir meir krevjande å vere i alpinsirkuset no enn då han var yngre.
– Henrik har lagt ekstremt mykje i det og vore den proffaste av dei alle heile vegen. Sjølv om det har gått litt opp og ned har han heile vegen eigentleg vore eksepsjonelt stabil. Ein må vere veldig motivert for å heile tida legge mykje krefter i dei små detaljane. Så at det er ein tung jobb og ei tung oppgåve når du har vore med så lenge, det forstår eg godt, seier Myhre.
Likevel kjenner han seg ikkje heilt trygg på at Kristoffersen legg opp allereie om to sesongar.
– Når den sesongen er over så er det vel ikkje så lenge til neste OL igjen, humrar Lars Elton Myhre.
PS! Laurdag blei Kristoffersen nummer tre i slalåmrennet i Adelboden. Søndag er det storslalåm same stad.
– Du skjønner jo hvor fæl fyr han er! 01:14
Publisert 11.01.2025, kl. 22.00