Det gyngar under føtene til familien Waage.
Fritidsbåten deira har akkurat kryssa Fensfjorden. Trass i at det går mot slutten av mai, er det ruskete på fjorden denne vårdagen i 1982.
Men det skal ikkje bli vinden og bølgene mamma Sølvi vil huske frå turen.
Familien tek som vanleg sjøvegen heim til Solund frå hytta i Austevoll. Ei av dei deilige langhelgene som mai byr på, går mot slutten.
7-åringen, 5-åringen og 3-åringen er allereie godt sjøvante.
Planen er at Geir på to månader skal bli det same.
Inne i lugaren har bølgene for lengst vogga vesle Geir i søvn. Han ligg på magen i babybagen.
Sølvi passar på at dei eldste ungane ikkje går over ende når bølgene treff baugen.
Så gløttar ho bort mot Geir.
Plutseleg er det ikkje berre sjøen som er uroleg. Sølvi blir fylt med ei vond frykt.
To månader med Geir
Det mørke babyhåret som vanlegvis er mjukt og luftig, ligg no klistra inntil hovudet. Gjennomvått av sveitte.
Sølvi forstår med ein gong at det er noko som ikkje stemmer. Ho løfter opp babyen sin.
Sjølv om ho ikkje vil innsjå det, forstår ho kva som har skjedd.
Så ropar ho opp til ektemannen i styrhuset.
Geir er død.
Familien hastar til land for å finne ein telefon og ringe etter hjelp. Men legen som kjem, kan ikkje redde Geir.
Etter kvart tek ambulansebåten med seg den livlause babyen og legg frå kai.
Då ser Sølvi noko ho aldri kjem til å gløyme.
– Ambulansebåten firte flagget på halv stong. Då seig det inn over meg kva som hadde skjedd.
På dagen to månader etter at Geir vart fødd, blir han ein del av ein dyster statistikk over krybbedød.
Dette er eit stort problem i Noreg på 1980-talet. Kvart år skjer det med rundt 100 barn.
Eit enkelt grep skal kome til å snu alt. Men det er det ingen som veit endå.
For Geir er det for seint.
«Sudden infant death syndrome»
Geir blir ført inn eit register med overskrifta SIDS. Det står for «sudden infant death syndrome».
Betre kjend som krybbedød.
Denne diagnosen blir brukt når eit tilsynelatande friskt barn døyr heilt plutseleg, og legane ikkje finn nokon dødsårsak.
På 1980-talet skjer det stadig oftare. Tala aukar år for år.
Dei fleste som døyr er mellom to og fire månader gamle. Ofte døyr dei om natta.
I media florerer teoriane om kva som kan vere årsaka.
Legane kallar det for ein epidemi.
– Vi skjønte eigentleg ingenting. Det var tunge dagar, seier Trond Markestad.
Han er barnelege på Haukeland på 1980-talet, og står midt i fortvilinga og frykta.
Her kjem det på det verste inn eitt barn annakvar veke som har døydd plutseleg og heilt uventa.
– Foreldre var livredde. Mange tok kontakt med oss fordi dei frykta at ungane deira hadde risiko for krybbedød.
Trond skal bli viktig i historia om krybbedød. Han skal etter kvart finne det enkle grepet som skal bli livsviktig.
Ingen forstår
Gong på gong må Trond og dei andre barnelegane gå frå barneklinikken til akuttmottaket på sjukehuset. Der skal dei gje ein vanskeleg beskjed.
Turen dit går gjennom ein tunnel under bakken.
Lyden av klogger som treff det harde golvet ljomar mellom tunnelveggane. Heile vegen gruar Trond seg.
I andre enden ventar ein død baby.
Kvar gong går Trond og dei andre legane gjennom det same.
Foreldra ventar på eit rom med kvite gardiner. På eit bord står tente lys. Men for foreldra er alt mørkt.
Trond gjer alltid det han kan for å trøyste. Han seier at dei ikkje veit kvifor dette har skjedd. Men at foreldra ikkje kunne gjort noko annleis.
Så må han undersøke det døde barnet.
Statistikkane er dystre. Og verre blir det.
I 1989 toppar det seg: 145 barn døyr i krybbedød i Noreg.
Framleis er det ingen som forstår kvifor.
Dei vanskelege spørsmåla
På 1980-talet jobbar forskarar over heile verda på spreng med det same spørsmålet.
Kvifor døyr tilsynelatande friske babyar plutseleg?
Det er mange teoriar.
Fleire av dei handlar om hjernefunksjonar som kanskje ikkje fungerer som dei skal.
Andre hevdar at giftstoff frå gamle skumplastmadrassar kan vere ei forklaring.
Snart skal Trond få ideen som skal endre alt.
Det skjer i 1988. Trond er blitt med i eit forskingsprosjekt om sorg etter å ha mista eit barn.
Arbeidet han startar med no, skal han seinare omtale som den enklaste forskinga han har gjort – men den som har hatt størst betyding.
Han vil stille foreldra detaljerte spørsmål om dei døde barna.
Spørsmål som kan vere vanskelege å få på akuttmottaket. Kanskje er det enklare å svare når dei har fått alt litt på avstand.
Kan han finne nokre fellestrekk ved dei mange dødsfalla?
Trond lagar eit spørjeskjema. Han spør om alt han kan tenke seg at kanskje kan spele inn.
Skjedde det noko spesielt i svangerskapet? Var barnet vaksinert? Hadde det hatt forkjøling og infeksjonar? Hadde mor røykt då ho var gravid?
Foreldra får over ti sider med forskjellige spørsmål.
Når svara snart begynner å kome inn, ser han det ganske fort.
Det første teiknet på det som skal bli løysinga.
Nesten alle babyane låg på magen, med ansiktet ned i madrassen.
Det var også slik Sølvi fann sonen Geir, då han døydde i båten.
Magetrenden
Dei neste månadane skal Trond fort forstå meir.
Han veit at det finst fleire forskarar rundt om i verda som har begynt å legge merke til det same. Men mange meiner det trengst meir forsking på samanhengen mellom mageleie og krybbedød.
For Trond startar no jobben med å få bekrefta samanhengen.
Men kvifor ligg eigentleg barna på magen?
Frå 70-talet og framover blir ei amerikansk magetrend vanleg også i Noreg.
Det finst ikkje nokon offisiell norsk anbefaling om å legge babyane på magen, men fleire og fleire gjer det.
Tidlegare har det vore vanleg å legge barna på sida eller ryggen.
Blant argumenta for mageleie er betre motorisk utvikling og lågare risiko ved oppkast.
Trond mistenker no at det er heilt andre risikoar som oppstår når barna ligg på magen.
Viss løysinga er så enkel som å endre sovestilling, må han få gjort noko med det fort.
Dei neste månadane kverner det nesten konstant i hovudet hans. Ei natt han ligg vaken og grublar, får han ein ny idé.
Ein avgjerande graf
Trond bestemmer seg for å ta kontakt med alle overjordmødrene i Noreg.
Han vil finne ut når dei gjekk over til å legge babyane på magen. Så nøyaktig som mogleg.
Tanken er at foreldra truleg gjer det på same måte som på fødeavdelingane.
Trond forventar ganske omtrentlege svar. At det har vore ein gradvis overgang frå rygg- eller sideleie til mageleie.
Men når svara etter kvart kjem inn, blir han overraska.
Fire av fødeavdelingane kan tidfeste ganske nøyaktig kva år dei begynte å legge babyane på magen.
Trond finn fram eit ruteark og ein penn.
Så teiknar han opp ein graf med årstala han har fått frå overjordmødrene. Etterpå teiknar han ein strek som viser den fatale utviklinga av krybbedød.
Når han legg ned pennen og ser på rutearket, er det som tida stoppar opp.
Grafen skal bli heilt avgjerande for Trond sin karriere. Men også for norsk fødselsomsorg.
Samanhengen
Trond blir sitjande heilt stille på det romslege og ryddige kontoret sitt i øvste etasje på Barneklinikken. Utafor vindauget her det haustleg novembervêr.
Herfrå kan han sjå utover Bergen. Men det han stirar på no, er truleg endå vakrare for ein forskar som har leita i årevis etter svar.
Trond hadde aldri innbilt seg at resultatet skulle vere så tydeleg.
Grafen for krybbedød har eit heilt tydeleg punkt, der den skyt fart. Punktet for når jordmødrene endra praksis og la babyane over på magen, er rett på knekkpunktet.
Det betyr at tilfella av krybbedød auka markant då babyane blei lagt på magen.
No er det ingen tid å miste. Ingen fleire babyar å miste.
Snuoperasjonen startar
For Trond er det heilt openbert at han må få foreldre til å snu babyane.
I andre fagmiljø finst det skeptikarar som meiner han handlar for raskt.
Men for Trond er det ingen alternativ å vente.
– Tala var så tydelege. Men frykta for å gje eit råd som skulle vise seg å ikkje stemme, låg i bakhovudet.
Trond får grønt lys frå sjefane sine til å sende brev til helsestasjonane og fødeavdelingane i Hordaland. Når 1989 går mot slutten, går skrivet ut:
Snu babyane.
Snart når anbefalinga også resten av landet.
For mange sit det langt inne å endre på rutinane. Men jordmødrer, barnepleiarar og fysioterapeutar blir likevel raskt med på snuoperasjonen.
Men har foreldra også snudd barna?
I månadene som følger går Trond med hjartet i halsen.
Kvar morgon kjenner han på redselen for at det ventar ein baby på akuttmottaket som har døydd på rygg.
Bekreftinga
I 1990 har det skjedd noko på Haukeland sjukehus.
Morgonmøta startar ikkje lenger med den tunge beskjeden om eit nytt tilfelle av krybbedød.
Ingen lange turar gjennom tunnelen til akuttmottaket for å undersøke ein død baby, utan å finne ei forklaring.
Først etter to-tre månader skjer det igjen.
Trond er spent når han blar opp i rapporten og skal sjå korleis barnet blei funne.
På magen.
Han pustar letta ut.
– Då tenkte eg at dette var riktig. At anbefalinga om å snu barna var ein suksess.
Framleis synest nokon det er for lite forsking bak den nye anbefalinga.
For andre er rådet så enkelt at det er vanskeleg å tru.
Eit livsviktig vendepunkt
Resultata let likevel ikkje vente på seg.
I 1989 døydde 145 barn i krybbedød. I desember same år gav Trond rådet.
Allereie året etter var talet på tilfelle av krybbedød halvert.
Tala går ytterlegare ned i åra som følgjer.
Fram til i dag har nedgangen vore på over 90 prosent.
Når helsemyndigheitene si offisielle anbefaling om ryggleie kjem nokre år seinare, i 1992, har foreldra tilsynelatande snudd barna for lengst.
– Det seier noko om merksemda rundt krybbedød, og at folk verkeleg var på jakt etter ei løysing.
Trond Markestad blei legen som snudde babyane. Og statistikken for krybbedød.
Danmark og Sverige følger snart etter Noreg.
Andre plassar må dei sette i gang eigne forskingsprosjekt før dei gjer det same. Men det tek ikkje mange år før også amerikanske babyar blir lagt på rygg.
Markestad har fått fleire prisar for arbeidet sitt med krybbedød.
Han er blitt kalla «snuoperasjonens far».
– Han har redda mange liv.
Det seier fagsjef Trine Giving Kalstad i Landsforeningen uventa barnedød.
Foreininga blei oppretta i 1985, då som Landsforeningen til støtte ved krybbedød.
– Det var modig at han turte å gjere dette, trass i at det var uvisse om det var godt nok grunnlag for å snu barna.
Kalstad er ein av mange som skryt av Markestad sin innsats i arbeidet med krybbedød.
– Me veit at forskarar i andre land også begynte å sjå ein samanheng, noko som truleg inspirerte Markestad. Hans arbeid har hatt stor betydning for spedbarnshelsa i Noreg.
Men tilfella av krybbedød er endå ikkje null.
Framleis er ingen heilt sikre på kvifor dette skjer.
Men fleire ytre risikofaktorar er no kjent. Mageleie blir rekna som den enkeltfaktoren som gir høgst risiko.
100 sovande babyar
Etter at babyane blei snudd, fortsette Trond og teamet hans å forske på krybbedød.
Mellom anna fekk ein stipendiat over 100 små barn med på ei sovestudie. Der blei hjerneaktiviteten og pusteaktiviteten følgt nøye gjennom natta.
Mot slutten at natta blei babyane lagt forsiktig over på magen.
– Det var skremmande å sjå kor hjelpelause dei blei då. Det var ei sterk stadfesting på at spedbarn er sårbare, seier Markestad.
Ifølge LUB blir det no forska mindre på krybbedød enn tidlegare. Mellom anna fordi det er vanskelegare å forske på det når det skjer sjeldnare.
– Men vi må ikkje slutte å snakke om det og kva vi kan gjere for å førebygge krybbedød. Då er vi redde for at tala kan auke igjen, seier Kalstad.
43 år utan Geir
I Solund tel Sølvi sin barneflokk igjen fire.
Året etter at dei mista Geir i 1982, fekk dei ein ny baby. Ei jente.
For Sølvi var den første tida med den nye babyen alt anna enn harmonisk.
I barnesenga hadde dei fått installert alarm som gjekk av viss babyen slutta å puste. Men den kunne ikkje brukast i vogn. Difor brukte dei ikkje vogna.
– I mange år hadde eg problem med å sjå ned i barnevogner der det låg sovande babyar. Eg synest alltid dei såg døde ut.
Sølvi er glad for alle som har blitt redda av snuoperasjonen.
Men 43 år etter at ho mista Geir, etterlyser ho framleis fleire svar om krybbedødmysteriet. Kva mekanismar det er som slår inn, eventuelt ikkje slår inn.
Geir er alltid med henne.
– Det er der heile tida, sjølv om eg ikkje tenker på det heile tida. Men det er viktig å snakke om det, og at dei som kjem etter veit kva som har skjedd.
Hei!
Takk for at du las saka mi!
Eg jobbar med å fortelje historier frå Vestland. Tidlegare har eg mellom anna laga podkast-serien Nokke for seg sjøl.
Har du tips til andre historier som kan bli podkast? Send meg gjerne ein e-post!
Vil du høyre meir om krybbedødmysteriet? Høyr Øyeblikket her:
Publisert 02.02.2025, kl. 21.18