I Bunia, heilt aust i Den demokratiske republikken Kongo, var slektningar, legar, frivillige og folk frå Raudekrossen samla til gravferd på tysdag.
Dei tok eit siste farvel med doktor Tibenderana Katho Blaise som vart sjuk etter å ha behandla ebolapasientar.
Han var ein av dei mange som står i fyrstelinja i ein heilt spesiell situasjon. For medan ebolaviruset smittar, både her aust i Kongo og i Uganda, herjar opprørsgrupper i området.
Livredde legar
Leiaren for helseforeininga i Ituri seier til nyheitsbyrået Reuters at dei er svært uroa over det som skjer. Men seier han kjenner på ei sterk plikt til å hjelpa.
– Me er redde, me er svært redde for det er me som skal ta oss av dei sjuke. I dag kjem det sjuke hit, i morgon vil det koma fleire sjuke. Me er redde, me er verkeleg redde. Men me kan ikkje overlata dei sjuke til seg sjølv. Me skal behandla dei, seier doktor Robert Unenu.
I Kongo har det vore konflikt og humanitær krise i fleire år.
Fleire enn 6 millionar menneske er internt fordrivne i landet. Fleire enn 26 millionar menneske har ikkje tilgang til nok mat, og meir enn 4 millionar born under fem år er underernærte.
Soldatar frå M23-militsen passar på laboratoriet i Goma under eit besøk den 19. mai 2026.
Foto: JOSPIN MWISHA / AFP,NTBPasientar rømmer
Legar som jobbar i smitte-områda fortel at fleire pasientar har rømt frå sjukehus på grunn av åtak.
Dei fortel også at lagera er i ferd med å bli tomme for nødvendig utstyr, skriv Reuters.
Det finst ikkje godkjente vaksinar eller behandlingsformer mot den svært smittsame ebola-varianten Bundibugyo.
I fullt verneutstyr spyler og desinfiserer Røde Kors-arbeiderne hverandre. De har nettopp vært inne i et bolighus for å hente ut en mann som døde av ebola, og har nå lagt ham i en trekiste. Bildene viser alvoret i situasjonen, der hjelpeorganisasjonene nå jobber på spreng for å stanse det nye ebolautbruddet.
Foto: ReutersDei siste 50 åra har over 15.000 menneske i Afrika mista livet som følge av sjukdommen.
Tysdag har Kongos naboland Uganda stadfesta to nye ebola-tilfelle. Dermed er sju menneske i Uganda registrerte smitta, skriv nyheitsbyrået Reuters.
WHO åtvarar om fare for spreiing
– Landa som grensar til Den demokratiske republikken Kongo er spesielt utsette og bør straks innføre tiltak mot viruset.
Det sa sjefen for Verdas helseorganisasjon (WHO) Tedros Adhanom Ghebreyesus før avreise til Kongo.
Han ber nabolanda til Kongo innføra tiltak straks.
– Utbrotet spreier seg raskt. Me er i ferd med å trappa opp operasjonen, men akkurat no har epidemien overtaket, sa Ghebreyesus.
Onsdag bestemte Uganda seg for å stenga grensa til nabolandet DR Kongo på grunn av ebolautbrotet, skriv nyheitsbyrået Reuters.
Grensa vert stengd i fire veker.
Sjukdom og krig
Han har sjølv reist til Kongo for å sjå på arbeidet som vert gjort for å få bukt med situasjonen.
– Øst-Kongo står framfor ein «katastrofe-kollisjon» av sjukdom og konflikt i Ituri-provinsen, skriv Ghebreyesus på X.
Han skriv vidare et det er vanskeleg å bygga tillit og å få isolert dei sjuke medan bombene fell.
Regionen har vore under militært styre sidan 2021. Då vart dei sivile styresmaktene erstatta i eit forsøk på å nøytralisera opprørsgrupper i området.
WHO har erklært utbrotet for ei internasjonal folkehelsekrise.
Det er det nest høgaste beredskapsnivået organisasjonen opererer med.
Hjelpearbeidarar frå Røde Kors gravlegg eit ebola-offer på ein kyrkjegard i Rwampara i Kongo.
Foto: Moses Sawasawa / AP,NTBInteressert i det som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonens podkast:
Publisert 27.05.2026, kl. 15.57 Oppdatert 27.05.2026, kl. 15.59
















English (US)