«Latterleg om kjønnsorgan på avvegar»

3 days ago 3


Når lo eg høgt av ein roman sist? Altså, beint fram skratta?

Ta Tander – eit høveleg namn for ein loesk antihelt – som ein heilt alminneleg tysdag har hatt det stritt på jobben.

Ikkje nok med det, han må sykle heim i under­kjølt regn.

Eit klask i dusjen

Etter å ha handla fiske­grateng og mjølk, tek han seg ein varmande dusj. Det er då det skjer:

Kuken fell i golvet med eit ille­varslande klask.

Kva no?

Det er eit spørsmål Tander stiller seg, for kva er ein mann utan pikken sin?

Lesaren blir og nyfiken. Kva slags tekst vert no dette? Er vi på veg ut av realismen og inn i surrealismen?

Latterleg Loe

Det er ikkje så enkelt som at vi berre har med eit kjønns­organ på avvegar å gjere.

Den stakkars Tander seier sjølv om kuken sin at han ikkje har hatt for vane å gjere uventa sprell:

Det er dei himmel­ropande originale koplingane Erlend Loe gjer mellom viktig og uviktig, som får latteren til å sprengje seg fram.

Og under den open­berre humoren ligg ein beiskare harselas med kvinne­frigjeringa – og med samtida sin hang til å stakkarsleg­gjere minoritetar.

For kva når alle og ein kvar kan kjenne på utanfor­skap? Er det samfunnet sin plikt å trøyste dei?

Slik sluttar boka:

To bøker i ei

Til deg som stussar over at eg siterer Erlend Loe på nynorsk:

Denne vesle boka kan lesast begge vegar. Det er den same historia som blir fortald i kvar si målform, jamfør tittelen.

Den nynorske varianten sit ekstra godt i mine øyre. Eg lo ikkje like høgt, sidan eg hadde lese bokmåls­varianten først. Men kjensla av samtids­satire vart desto sterkare.

Satiren er kan hende løynd under all situasjons­komikken, men han ligg også oppe i dagen.

Som narren i mellom­alderen kjem Loe frå det utan å bli tatt for å vere anti-woke, eller for å springe dei unge, frustrerte mennene sitt ærend.

For kven vil vel kople synet hjå norske ung­gutar om at likestillinga har gått for langt, til den heller latter­vekkjande og surrealistiske diktinga til Erlend Loe?

Tissen vår

Tander er ein mann i sin beste alder. I 45 år har han og kuken vore eitt. No er han ein lem fattigare. Kona Nina, som han fyrst freistar å skjule tapet for, kallar han rett ut vår tiss.

Det er klart at tapet får ekte­skaplege konsekvensar.

Ei dame som er FAU-representant i klassa til begge barna sine, let seg ikkje pelle på nesa.

I fare for å spolere gledene ved lesar­opplevinga, skal eg ikkje gå i detaljar. Men at dette er ein Loe mange vil kjenne att, er sikkert og visst. Karakterar som Doppler stig raskt fram i med­vitet. Også Kurt, den kjensle­styrte og uføre­seielege truck­føraren Kurt, hadde ei driftig kone i livet sitt.

Og som i Kurt-bøkene møter vi barn som snakkar med ein vaksnare klok­skap enn alderen skulle tilseie. Slikt får smilet fram.

Kvifor kjem boka på begge målformer? Få svaret i Forfatterintervjuet:

Berre moro?

Jau, det er moro. Også når Tander skal informere foreldra sine, som er eit klassisk beste­borgarleg par som har bridge-lag ein onsdag kveld. Er det rett av Tander å fortelje kva som har hendt?

Tander tenkjer lakonisk at Alle fire høyrde til ein generasjon som hadde vakse opp utan å snakka om kjensler, intime delar av kroppen eller noko som helst vanskeleg. Barn­domen deira hadde vore sosial­demokrati, oppgangs­tider og dugnad i buretts­laget, ein skikka seg og skapte seg ikkje, og ingen mista tissen.

Er det for mange som skapar seg, i våre dagar?

Om si eiga rolle, tenkjer Tander:

Gudhjelpemeg, for ei utsegn!

Her er stikk til samlivs­terapeutar, til prestar – det hadde vel ikkje vore Loe utan eit pek til religionen – til den best­seljande sjølv­hjelps­litteraturen, til kapitalistar, hysteriske bod­rundar, ja til syklande menn og kvinner på yoga likeins.

Loe leikar med trendar i tida og ingen slepp fri.

Og nettopp difor slepp Erlend Loe sjølv fri.

Narren kan drive ap med alt og alle. Og om ikkje det renn ein tåre bak latteren, så er her sting nok til at boka ikkje kan avskrivast som rein under­haldning.

Til­for­lateleg, ja, og med ein sakleg­dom som er totalt avvæpnande.

Som Tander ynskjer seg, når han dreg til lege­vakta for å ta ein prat med dei:

Publisert 08.09.2025, kl. 00.00

Read Entire Article