Langtids­ufør friskmeldt etter fjorten dagar

5 hours ago 4


Legen og psykologen sit seg saman ved datamaskina i Bergen.

I andre enden av samtalen er ein 32-åring ved Leikanger ved Sognefjorden.

Desse tre har snakka saman slik ofte. I ei intens veke hadde dei fire digitale møter kvar dag.

– Korleis går det? Korleis har dei siste dagane vore?, spør professor i psykologi Gerd Kvale.

– Den siste veka har eg gjort ting som var utenkelege for kort tid sidan, er svaret.

– Eg er så takksam for att eg har fått vore med på dette etter at livet har vore så lenge på vent.

Gerd Kvale og Eirik Søfteland

Psykolog Gerd Kvale og endokrinolog og indremedisinar Eirik Søfteland har ein av mange digitale møter med Kristine.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Sjuk i tre år etter covid

Kristine Hetlesæter hadde nettopp flytta til Leikanger ved Sognefjorden for å byrje i ny jobb hjå Statsforvaltaren i Vestland.

Så fekk ho covid-19.

Kristine vart ikkje frisk att på tre år.

– Eg måtte kvile nesten heile dagen. Eg sto og såg ut vindauga der verda heldt fram. Hos meg gjekk alt i halv fart.

Kristine klarte ikkje å gå turar med hunden. Ho klarte ikkje å halde leilegheita si ryddig.

Jobben var berre ein fjern draum.

– Det var tungt. Eg hadde jo inga aning om når eg kunne bli friskare.

Kristine Hetlesæter

Kristine måtte kvile mesteparten av tida då ho var sjuk.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Eigentleg hadde ho gitt opp å vere tilbake i arbeidslivet det neste året.

Så fekk ho ein e-post frå forsikringsselskapet sitt.

Det var byrjinga på ein snarveg tilbake.

Blodraude tal

Å få menneske tilbake i jobb etter lang tids fråvær, har i fleire år vore ei satsing for styresmaktene.

Sjukefråvær kostar samfunnet mange milliardar kroner årleg. Og forsikringsselskapa går med store underskot på uføreforsikringar.

I Frende Forsikring tenkte fagsjef Anne Vikne at noko måtte gjerast.

Ho fekk høyre om eit nystarta selskap i Bergen som hadde tankar om korleis ein kunne få folk tilbake i jobb.

Dei inviterte sine kundar til å delta i pilotprosjektet.

– Det har vore heilt fantastisk. Allereie no har vi fleire kundar som er heilt eller delvis tilbake i jobb etter å ha vore ute av arbeidslivet lenge, seier Vikne.

Anne Vikne, senior fagsjef, Frende Forsikring

Anne Vikne, senior fagsjef for porteføljekvalitet i Frende Forsikring.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det er litt tidleg å seie om selskapet vårt går i pluss på å betale for behandlinga. Men for einskildpersonane og for samfunnet er det jo ikkje tvil om at dette har ein stor gevinst. .

Ei «aha-oppleving»

Dei som snakkar med Kristine frå bak datamaskina er psykologiprofessor Gerd Kvale og indremedisinar Eirik Søfteland.

Søfteland har i tiår jobba med å få menneske med kroniske plager tilbake i jobb.

No jobbar han for fullt med det nyutvikla behandlingsopplegget gjennom selskapet SafeChoice Dei held til på innovasjonssenteret Eitri.

Det er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus, Universitetet i Bergen og Vestlandets Innovasjonsselskap.

– Då eg høyrde om dette for første gong tenkte eg at det var for godt til å vere sant. Men resultata vi har oppnådd taler for seg sjølv, seier Søfteland.

Intens veke med oppfølging

Kort fortald går behandlinga ut på at ei gruppe fagfolk ser på kva behov kvar einskild pasient har.

Så set dei saman eit behandlingsteam som gjev pasienten tett oppfølging i ei intens veke.

Det kan vere med ein fysioterapeut, ein kiropraktor, ein psykolog eller ein av dei femten andre ekspertiseområda dei har til råde.

Medan det vanlege er at ein pasient vert tilvist til ulike ekspertar, får ein no ein heilskapleg behandling med fortløpande oppfølging.

Slik fekk Kristine rettleiing til å gjere dei vala som var rett for henne.

Korreksjonar, utfordringar og nokon å snakke med.

Når kunne ho presse seg litt til?

Når trengde ho kvile?

Kva var farleg for henne?

Kva kan hjelpe?

Professor i psykologi på UiB, Gerd Kvale.

Psykologiprofessor Gerd Kvale står bak fleire nye behandlingsopplegg, men meiner dette er det mest spanande ho har jobba med.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Redd for at tilbodet forsvinn

Psykologiprofessor Gerd Kvale står bak fleire ulike behandlingsmetodar for ulike sjukdomar, og har blitt kåra til ei av dei viktigaste fagpersonane innan helse i verda.

Mellom anna er ho ein av arkitektane bak eit behandlingsopplegg for long covid i Helse i Hardanger og 4-dagars behandlinga for tvangslidingar. Det er ei prislønte behandling som har fått feste over heile verda.

– Men dette er det mest spennande eg har jobba med, seier Kvale om det digitale behandlingsopplegget.

Dei har rekna seg til at dei allereie har spart samfunnet for 80 millionar kroner ved å få folk tilbake i jobb.

– Dette er perfekt som tilbod til dei med langtidssjukemelding på grunn av langtidssjukemelding og kroniske helseplager, meiner Kvale.

Likevel er dei redd for at dette ikkje passar inn i helsevesenet. Det utfordrar i stor grad måten ein arbeider på i dag.

Difor er dei redde for at metoden ikkje får ein plass i Nav-systemet.

– Ja, det er vi uroa for, seier Kvale.

– Vi kan jo dokumentere at dette fungerer. Så vi treng berre at einkvan i byråkratiet våger å tenke litt nytt.

Kristine Hetlesæter og hunden Nansen på topptur

Kristine Hetlesæter og hunden Nansen på topptur til Tylderingen (1104 moh.) i Sogndal. Ein slik tur var heilt utenkeleg for få veker sidan.

Foto: privat

Fått livet tilbake

Eigentleg hadde Kristine Hetlesæter innstilt seg på at ho kom til å stå utanfor arbeidslivet i alle fall eit år til.

Men frå midten av desember har ho jobba for fullt hjå att.

– Eg vert glad kvar dag eg går inn døra på jobben. Tenk at eg kan fungere som normalt!

Ho er ikkje redd for tilbakefall.

– Kroppen fungere som den skal. Eg er rett og slett frisk.

Kristine Hetlesæter møter behandlarane sine.

Kristine Hetlesæter møtte til slutt behandlarane sine, etter mange digitale møter.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Publisert 18.01.2025, kl. 19.47

Read Entire Article