Laksetrapp skulle hjelpe naturen – gjorde det motsette

1 day ago 1


Den blå og friske Beiarelva er omtala som ei av Noregs beste lakseelver.

Elva dansar og svingar seg nedover Beiardalen i Beiarn kommune i Nordland.

For bygda er elva sjølve livsnerven. Den gir ikkje berre liv til innbyggarane i form av klårt vatn, men også inntekter frå laksefiske i elva.

I 2007 vart Beiarelva eit nasjonalt laksevassdrag, med Beiarfjorden som nasjonal laksefjord.

Noreg står i fare for å mista villaksen, har klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen slått fast. Aldri før er det registrert så få gytande laks i norske elver – og aldri har laksefisket vore så strengt regulert som no.

Kvart år gir Miljødirektoratet og NVE fleire titals millionar i støtte til laksetrapper, kalking, og restaurering av gyteområde. I 2022 var det Beiarelva sin tur.

Stortinget løyvde 26 millionar kroner til å bygge ei laksetrapp i Beiarelva, for å betre vilkåra for villaksen.

– Draumen om nye laksetrapper i Beiarelva har vore heldt i live i fleire tiår. No nærmar det seg ei realisering, skreiv organisasjonen for dei 24 grunneigarlaga, Beiarelva SA, på sine nettsider.

Millionsprekk

Etter at millionane kom på bok, starta gravemaskinane jobben med å bygge veg og sprenge ut massar ved elva.

Men allereie kort tid etter vart det bråstopp i bygginga. Millionane som dei fekk var oppbrukte.

Det var lokalavisa Saltenposten som skreiv om saka først.

Att står eit halvferdig prosjekt og eit grått anleggsområde i naturen.

  • Beiarelva  som renner gjennom en skog

    Ei stor grøft er sprengt ut av landskapet

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Beiarelva  som renner gjennom en skog

    Ein anleggsveg ligg tett opp mot vassdraget

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Beiarelva  som renner gjennom en skog

    Spor etter borehol

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Beiarelva  som renner gjennom en skog

    Nokre av dei ferdige laksetrappene

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Beiarelva  som renner gjennom en skog

    Fjellet er sikra med boltar

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Beiarelva  som renner gjennom en skog

    Ei steinbru er laga over deler av elva

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Beiarelva  som renner gjennom en skog Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Det var ikkje meininga at det skulle bli sånn, seier Beiarn-ordførar André Kristoffersen.

Ordfører Andre Kristoffersen i Beiarn kommune

Ordførar i Beiarn, Andre Kristoffersen (Sp), seier at det utfallet aldri var meint å skje.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Kommunen såg fyrst på prosjektet som eit godt tilskot. Men saka har blitt ei vond for innbyggarane, legg han til.

Kvifor pengane prosjektet fekk frå staten ikkje heldt heilt i mål er eit mysterium ingen vil svare på.

Men kva er det som har gått gale her?

– Det veit eg ikkje, seier styreleiar Bjørnar Brændbo i grunneigarlaget.

Han har tidlegare vore næringssjef i Beiarn kommune og nyleg valt som styreleiar.

Men ifølge heimesida til grunneigarlaget er grunnen til stansen auka kostnadar for prosjektet, manglande momsrefusjon og manglande hjelp frå kommunen.

en mann som står foran en elv og trær

Nyvalt styre leiar i Beiarelva SA, Bjørnar Brændmo.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

Brændmo føler seg veldig trygg på at dei har følgt lover og regler i heile prosessen.

– Eg føler meg sikker på at dei naudsynte løyva som me har trunge, er gitt. Prosjektet har ikkje noko skjult. Det føler eg meg trygg på.

Han legg til at dei skal lage ein statusrapport for å få oversikt over prosjektet for å finne ut kva som har gått gale og kva som må gjerast.

Ber om fleire millionar

Ifølgje Saltenposten har prosjektet så langt kosta kring 39 millionar kroner.

Styreleiaren hevdar dei manglar cirka 30 millionar kroner for å fullføre prosjektet.

Brændmo meiner staten må bla opp meir pengar for å ferdigstille laksetrappa.

  • en elv som renner gjennom en skog

    Prosjektet frå lufta

    Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK
  • en foss over steiner

    Elva sitt laup møter anleggsprosjektet

    Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK
  • en elv som renner gjennom en skog

    Grøfta som er sprengt ut av den gamle laksetunellen

    Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK
  • en foss i en skog

    Merker etter boring og sprengt berg

    Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

– Prosjektet må ferdigstillast slik at den trua villaksen kan få tilgang til 2,7 mil meir av elva. Me har ei målsetting om at me får ferdigstilt det i 2026 og at trappene er operative i 2027.

  • Beiarelva som renner gjennom ein skog

    Fleire kilometer med anleggsveg leiar fram til elva

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Beiarelva som renner gjennom ein skog

    Ein anleggsveg har blitt bygd for å få fram tungt maskineri.

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • en elv med steiner og trær

    Ved Høgforsen i Beiarn

    Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK
  • Beiarelva som renner gjennom ein skog

    Eit av områda der trappene nesten er klar til bruk.

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Beiarelva som renner gjennom ein skog

    Eit borekrone som brukast til å drille i fjell ligg att.

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Det var ikkje berre Stortinget som løyva pengar til laksetrappa i Beiarleva.

Statskog er ein av grunneigarane langs elva, og løyva 3 millionar kroner til prosjektet.

Kvifor har de løyva pengar til bygging av laksetrapp?

– Vi forventa at dette på sikt vil styrke villaksstamma i Beiarelva, og at det igjen gir positive ringverknadar for lokalsamfunnet og næringsgrunnlaget i bygda, svarer regionsjef Tore Bjørnstad i Statskog Nordland.

Statskog tykkjer situasjonen som har oppstått er beklageleg. Men Bjørnstad har framleis tru på at Beiarelva SA vil finne ei løysing.

BYGGEPLASS: Slik ser det ut langs Beiarelva

Brynjar Myrtveit Osgjerd / NRK

Ordføraren håpar også på staten

Ordførar André Kristoffersen (Sp) i Beiarn kommune likar ikkje situasjonen kommunen har hamna i.

– Kommunestyret gav ein positiv tilslutning og prosjektet var heilfinansiert. Me så fram mot at prosjektet skulle bli ferdig, seier han.

No håper også ordføraren at staten kjem på banen for å ordne opp i rotet.

– Slik eg ser det no er det berre ein måte å få dette ferdig på, det er at staten kjem inn og finansierer prosjektet slik at det kjem på plass.

Men om dette vil skje er langt frå sikkert, ifølge statlege myndigheiter.

– Når det eventuelt blir aktuelt å tildele ytterlegare midlar må me komme tilbake til i forbindelse med ordinære budsjettprosessar, opplyser statssekretær Kristoffer Hansen i Klima- og miljødepartementet.

Vurderer å melde saka til politiet

Naturvernforbundet reagerer sterkt på inngrepet langs og i elva, og vurderer å melde saka til politiet.

Truls Gulowsen

Truls Gulowsen i Naturvernforbundet reagerer sterkt på inngrepet i Beiarelva.

Foto: Naturvernforbundet

Dei meiner at byggeprosjektet allereie frå starten har vore svært lite gjennomtenkt.

– «Laksetrapprestaureringa» i Beiarn har kome fullstendig ut av kontroll i gjennomføringsfasen. Resultatet er ein heilt irrasjonell og ulovleg øydelegging i eit verdifullt nasjonalt laksevassdrag, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.

For Naturvernforbundet verkar det uklart kven som faktisk står bak prosjektet i Beiarelva.

– Bortsett frå grunneigarlaget, er det ikkje klart kva kommunen, statsforvaltar og Miljødirektoratet si rolle er her, og kven som har kontrollert prosjektet. Det understrekar at naturen har svakt rettsvern, hevdar han.

Frode Solbakken, som leiar av Naturvernforbundet i Nordland, mistenker at saka handlar om meir enn ei laksetrapp.

https://potion.felles.ds.nrk.no/program/d7286f2e-639b-48d4-a86f-2e639b08d482

Frode Solbakken, Naturvernforbundet i Nordland.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

– Det har vore snakk om at Statskog skulle inn i skogen nær elva og drive med tømmerdrift.

Han legg til:

– Her skulle ein prøve å gjere alle til laks for å ha et lite ordspel. Så har det bore heilt av stad, seier Solbakken.

Statskog avviser at det vil bli tømmerdrift i skogen langs med elva.

Beiarelva som renner gjennom en skog

Slik ser mange av laksetrappene som er støypt langs elva.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Det er ingen konkrete planar om dette i nær framtid, svarer Bjørnstad i Statskog Nordland.

– Nokon må skaffe pengar

Tore Vatne er seksjonsleiar på klima og miljøavdelinga hos Statsforvalteren i Nordland.

Han forklarer at Statsforvalteren gav løyve til å utbetre laksetrappa langs elva slik at førekomsten av laks skulle auke.

– No har me ei halvferdig trapp og det er ikkje det resultatet korkje me eller andre ventar på. Det er pengar det står på, nokon må skaffe pengar, avsluttar Vatne.

en person som sitter ved et bord med en bærbar datamaskin

Tore Vatne, statsforvaltaren i Nordland.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Publisert 21.07.2025, kl. 19.06

Read Entire Article