Er du ein av dei mange som har sett dei første episodane av den nye sesongen av «Våre beste år»?
Då har du garantert lagt merke til at eit forfalska brev er ein sentral del av handlinga.
Brevet hamnar til slutt hos den kjende partileiaren (partiformann den gongen) i Frp, Carl I. Hagen - som i serien les det opp framfor eit stort pressekorps i Oslo.
Men det som er humor og drama i TV-serien skjedde heilt på ekte før kommunevalet i 1987.
– Falsk nyheit
Manusforfattar Ole Martin Ihle forklarer kvifor dei valde å ta tak i akkurat denne episoden.
– Årsaka er at vi tykkjer det er ei ganske morosam hending. Samtidig er den beslekta med dagens nyheitsbilde. Ein tidleg falsk nyheit, kan du seie. Vi syns det var ein morosam parallell til media i dag.
For det var eit forfalska brev Carl I. Hagen leste opp også i verkelegheita.
Rett nok ikkje i Oslo, men under eit valmøte i Rørvik i Nord-Trøndelag.
Under valmøtet i 1987 tok Carl I. Hagen ordet og sa:
– Eg vil gjerne svare med å lese noko for dykk.
VG avslørte sanninga
Han las opp eit brev som skulle vere frå ein muslimsk innvandrar ved namn Mohammad Mustafa.
Brevet inneheldt påstandar om at islam ville ta over Noreg, og at det norske flagget burde endrast.
I brevet blei det også hevda utan grunn at moskéar ein dag vil vere like vanleg som kyrkjer i Noreg.
VG sitt oppslag om det falske brevet 8. september 1987.
Foto: Atekst / VGJournalistar i VG klarte raskt å finne Mohammad Mustafa, som nekta for å ha skrive brevet. Han uttalte:
– VG klarte å finne meg i løpet av nokre få kveldstimar. Ein partiformann burde klart det same.
Men kven som skreiv og sende det verkelege falske brevet i 1987, har aldri blitt oppklara.
Frå TV-serien «Våre beste år».
Inngjekk forlik
Carl I. Hagen beklaga offentleg dagen etter at brevet blei avslørt som falskt.
– Beklagar, eg burde ha sjekka betre. Eg er teken med buksa nede. Nokon har klart å lure meg.
Hagen har ikkje svart på NRK sin førespurnad om intervju til denne saka.
I 1988 inngjekk Hagen og Mustafa eit forlik. I ei skriftleg erklæring frå Hagen heiter det:
– Eg beklagar at eg las opp brevet, og forstår at det har ført til lidingar for Mustafa og hans familie.
NRK Dagsrevyen då søksmålet mot Carl I. Hagen blei kjend.
Trass i at brevet er avslørt som falskt, har det blitt delt fleire gonger på sosiale medium – ofte i grupper som støttar Frp-politikarar.
Delingane har utløyst hatske kommentarar mot muslimske innvandrarar og har bidrege til å spreie feilinformasjon.
TV-serien «Våre beste år» skildrar 80-talet på godt og vondt, alt sett i ein humoristisk samanheng.
Carl I. Hagen og Mohammad Mustafa skværa opp med eit rettsforlik.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTBEndra norsk politikk
I sesong 2 som er ute i NRK TV no, blir høgrebølgja på 80-talet eit heilt sentralt tema.
Difor var det også heilt rett å bruke «Mustafa-brevet» som eit viktig element i handlinga, meiner Ole Martin Ihle.
Han peikar på kommunevalet i 1987 som eit vendepunkt i norsk politikk, fordi det var første gong Frp blei eit stort parti med 10,4 prosent av stemmene.
– Noko av grunnen til det er jo kanskje dette Mustafa-brevet, som sette i gang innvandringsdebatten i Noreg for fullt.
– Til trass for at brevet viser seg å vere falskt, så brydde folk seg liksom ikkje. Debatten var i gang, seier Ihle.
Christian Mikkelsen spelar rolla leiar i Fremskrittspartiets Ungdom i serien.
Uvisst kven som stod bak
I serien blir det spekulert i kven som kan ha skrive brevet. Ihle fortel at dei har dikta ei forklaring.
I TV-serien er det ein frå FpU som har laga det falske brevet, men «ingen» veit om det var slik det skjedde.
– Det som ein ikkje veit, er jo kven som faktisk skreiv det. Så då løper vi vidare med den hesten, kan du seie. Det ligg noko spennande i dette mystiske brevet, som er god dramaturgi, meiner Ihle.
Siri kjemper mot falske nyheiter. Ole Martin trenger pene jenter til ein musikkvideo, og Simone møter ein sexy anarkist.
Publisert 08.10.2025, kl. 20.20