I samband med eit bustadprosjekt meiner fylkeskommunen og politiet at entreprenørfirmaet Sartor & Drange la grusveg over steinalderbuplassen datert til kring 4000 år f.Kr.
I tillegg skal ein vassleidning ha gått innom sikringssona rundt kulturminnet, ifølgje førelegget.
Entreprenørfirmaet avviser å ha gravd i kulturminnet, men legg seg flate for å ha kome nærare enn tenkt.
– Vi ser at politiet legg til grunn at vi har gjort dette forsettleg. Vi erkjenner og beklagar at vi har handla aktlaust, men vi har ikkje hatt noko økonomisk vinning på å legge traseen innafor sikringssona, seier administrerande direktør i selskapet, Arild Bøthun.
Dei godtek ikkje førelegget på 1,5 millionar kroner for brot på Kulturminnelova.
Entreprenøren grov grøft for å hente vatn til sprinklaranlegget i bustadane. Etterpå blei det lagt grus over denne grøfta.
Foto: Therese Grimstad Pisani / NRKGrøft – ikkje veg
Bøthun avviser også at dei har etablerte ein veg, men forklarer at dei la grus over ei grøft dei grov til pumpehuset. Han presiserer at berre ein liten del av traseen kom innom sikringssona til kulturminnet.
Medan politiet meiner entreprenørfirmaet ikkje undersøkte om det var kulturminne, seier Bøthun at dei var klar over det. At dei kom innom sikringssona skuldast ein glipp, seier han.
Dei sende då søknad om dispensasjon for traseen.
Skissa viser traseen som går gjennom kulturminnet i Øygarden.
Grafikk: Vestland fylkeskommuneBøthun er budd på reaksjon, men ikkje av ein slik storleik.
– Vi er samde om at vi har etablert ei grøft innanfor sikringssona for kulturminnet, men det er viktig å presisere at vi ikkje har skadd kulturminnet. Vi legg oss flate for det som har skjedd, og vedgår at det er kritikkverdig og vi aksepterer ein reaksjon. Men vi meiner storleiken på bota ikkje står i høve til det vi har gjort, seier Bøthun.
Kunne vore unngått
Karoline Hareide Breivik, leiar for arealplan i Vestland fylkeskommune, seier at det aktuelle kulturminnet er del av ein større steinalderlokalitet som Universitetet i Bergen grov ut i 2010 i samband med ein reguleringsplan i området.
– Det er mange steinalderlokalitetar ute i Øygarden. Det var jo ein ynda plass i steinalderen grunna den lette tilgangen til sjøen, seier Breivik.
Kulturminnet er automatisk freda grunna alder, og krev dispensasjon frå Kulturminnelova før ein kan fylle masse over eller grave ut.
– Ville entreprenøren fått dispensasjon om dei søkte i forkant?
– Vi skal vekte om det er samfunnsnytte i tiltak opp mot dei nasjonale kulturminneinteressene. Men slik eg har forstått det her, så trur eg nok at vi ville kunne gitt den.
Uvisst skadeomfang
Kva skader kulturminnet har fått er uvisst, fordi det no ligg under dei påførte massane. Det er berre ein mindre del av den søraustre delen av kulturminnet som ikkje har påførte massar, opplyser fylkeskommunen.
Fylkeskommunen og entreprenøren er no i dialog for å få kartlagt kva som har skjedd med kulturminnet. Det inneber i så fall ny dispensasjon til gravearbeid.
– Det viktigaste for oss, er å sikre eventuelle restverdiar og kunnskapen som framleis kan ligge i bakken under vegen, seier Breivik.
– Det må entreprenøren stå for.
Dersom Hordaland tingrett finn entreprenørfirmaet skuldig, aukar bota til 1,8 millionar kroner. Dei blir også kravd for 30.000 kroner i skadeerstatning til fylkeskommunen.
Det er sett av tre dagar til saka i midten av januar.
Arkeologar har funne spor frå steinalderen fleire stader på Bjorøy i Øygarden. Dei fleste fredningane er fjerna, men ikkje staden der entreprenøren la trase.
Publisert 02.10.2025, kl. 15.05