Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.
Beitedyr har påverka plantemangfald i fjellområde meir enn ein tidlegare har trudd, viser ny internasjonal studie.
Beitedyr, spesielt storfe, har hatt større innverknad på plantemangfaldet i Alpane dei siste 4000 åra enn tidlegare trudd, viser ei ny internasjonal studie frå UiT Norges arktiske universitetet. (Foto: MostPhotos)
Ei forskargruppe leia av professor Inger Greve Alsos utfordrar oppfatninga om at klimaendringar åleine har vore den viktigaste drivaren for endringar i økosystema.
Funna viser at storfe, som kom til Alpane for rundt 4200 år sidan, har hatt ein betydeleg positiv effekt på plantemangfaldet dei siste 2000 åra.
– Dei har fremja ei rikare blanding av blomstrande plantar og grasartar, seier Greve Alsos, professor i biologi på Noregs arktiske universitetsmuseum.

UiT-professor Inger Greve Alsos meiner at beitedyr har vore avgjerande for å motverka effektane av klimaendringar, som temperaturauke, ved å halda oppe artsrike økosystem. (Foto: Jørn Berger Nyvoll)
Kunnskap fra eldgammalt DNA
I studien har forskargruppa identifisert 603 planteartar og fleire ville og tamme pattedyr. Dette har de gjort ved hjelp av databasen PhyloAlps og avansert analyse av eldgammalt DNA frå 14 innsjøar i Alpane.
– Vi kan no rekonstruera nærværet av ville dyr ved hjelp av SedaDNA. Dette gir eit meir detaljert bilete av samspelet mellom klima, dyr og plantar. Dette var ikkje mogleg med klassiske metodar som pollenanalyse, fortel Sandra Garcés Pastor, forsker og førsteforfattar i studien.
Både klima, mennesker og dyr har prega artsmangfaldet
Resultata viser at klima var den viktigaste drivkrafta bak endringar i vegetasjonen i den tidlege holocen, tidsepoken som var for 11.000–6000 år sidan.
Menneskeleg aktivitet, særleg beiting frå husdyr, har hatt større innverknad på biomangfaldet dei siste 5000 åra.
Ifølgje analysane har sau og storfe spelt ei avgjerande rolle i å halda oppe og auka artsmangfaldet i fjellområda.
Dei viser også at ville dyr som hjort, gemse og steinbukk bidrog til å skapa opne leverområder og redusere konkurransen mellom plantar.
Betydning i generasjonar
Studien, publisert i tidsskriftet Nature Communications, peikar på viktigheita av tradisjonell arealbruk i Alpane.
Dette kan få mykje å seia for dagens forvaltning av slike fjellområde. Studien kan også fungere som støtte for strategiske tiltak for klimatilpassing.
– Vi har fått ny innsikt i korleis menneskeleg aktivitet og beitedyr kan spela ei nøkkelrolle i å sikra artsmangfaldet i fjellområde, både i dag og for framtidige generasjonar, fortel Greve Alsos.
Referanse:
Sandra Garcés-Pastor, Inger Greve Alsos mfl.: Wild and domesticated animal abundance is associated with greater late-Holocene alpine plant diversity. Nature Communications, 2025. Doi.org/10.1038/s41467-025-59028-2
Om Sedimentary ancient DNA (SedaDNA)
- Eldgammalt DNA som ofte finst i jordsmonn og sediment på botnen av innsjøar, elvar, hav eller i gruver. Der har det har lege uforstyrra i tusenvis av år.
- Ei revolusjonerande teknologisk utvikling gjer det mogleg for forskarane å gjennomføra avanserte DNA-analysar, sjølv om det ikkje finst synlege spor i eit område, verken i form av arkeologiske funn eller fossil.
- Fortel om liv som har levd her for ikkje berre tusenvis, men millionar av år sidan. Fortel også korleis vi som menneske har vore med på å endra levevilkåra for andre artar.