Kyrre Gørvell-Dahll (33) har signert kjærasten Victoria Karlskås Andersen (25) til managementet sitt.
Det var i 2022 at dei to blei eit par.
Gørvell-Dahll driv managementet Palm Tree Mangement saman med Myles Shear. Ifølge deira heimeside har dei signert Victoria Nadine.
Artistar som Sam Feldt, Gryffin, Mads Songve og Kygo sjølv er allereie signerte.
Victoria Nadine på Spellemannprisen 2021.
Foto: Annika Byrde / NTBNRK har forsøkt å ta kontant med Palm Tree Mangement utan å lykkast.
Gir ut låt saman
Ifølge fleire innlegg på sosiale medium skal dei sleppe ein låt med tittelen «Can`t Get Enough».
Victoria Nadine har varma opp for Kygo dei siste månadane på hans verdsturne.
I januar gjekk ho på scena i Mexico City framfor 65.000 tilskodarar. Dette var ein av dei største konsertane på turneen.
– Villaste dagen i mitt liv. Gjekk over all forventning, sa ho til VG i etterkant.
Skjermdump av innlegget på Instagram der Kygo og Victoria Nadine reklamerer for låten «Can`t get Enough».
Faksimile: @victorianadine/@kygomusic / InstagramKygo har dei siste åra hatt fleire låtar som har gjort stor suksess med over ein milliard avspelingar på Spotify.
Med hittar som «Firestone», «Stole the Show» og «It Ain`t Me» har bergensaren selt ut konsertar verda over.
I 2023 hadde Kygo ei inntekt på 63,7 millioner kroner. Les om det her:
Spellemannsnominert
Victoria Nadine har også hatt suksess med si artistkarriere med låtar med fleire millionar avspelingar.
No er det altså ikkje berre på heimebane dei to slår seg saman.
Victoria Nadine er frå Skien og blei kjent gjennom musikkonkurransen Idol i 2016.
Med songen «Be Okay», som blei gitt ut i 2021, blei ho nominert til Spellemannprisen i kategoriane årets nykommar og årets låt.
I 2023 blei ho nominert til årets låt i musikkonkurransen P3 Gull.
Publisert 16.04.2025, kl. 18.09