Kvitta seg med bilen – sparer 5000 kroner i månaden

2 weeks ago 9


– Eg tippar eg sparer rundt 5000 kroner i månaden. Det er ganske mykje, overraskande mykje, seier Ahmed Hussein Ali.

Han investerte i elsykkel for to år sidan.

En person iført hjelm og refleksvester står utendørs om kvelden. Det er mørkt, med begrenset belysning fra gatebelysning i bakgrunnen. Snø og is er synlig på bakken, noe som indikerer vinterforhold. Omgivelsene ser ut til å være et boligområde med parkerte biler og bygninger i nærheten.

Ahmed Hussein Ali har inntrykk av at stadig fleire gjer som han og byter ut bilen med sykkel.

Foto: Tomas Berger / NRK

Spørsmålet han stilte seg, var om det ville løne seg økonomisk samanlikna med å ha ein ekstra bil.

– Vi hadde to bilar, men vi lurte på om vi ville kutte kostnadene ved å ha ein elsykkel sidan vi uansett syklar korte turar til butikken og barnehagen, fortel Ali.

Sidan barnehagen ligg på veg til arbeidsplassen, kombinerer han jobbpendling med henting og levering i barnehagen.

Så langt har elsykkelen gjort bil nummer to overflødig, sjølv på dei daglege småturane.

– Det går ganske greitt. Og ungane er veldig glade i å sitte på sykkelen. Vi har sykkelvogn i tillegg. Så det er berre å smekke opp og køyre i veg. Strålande fornøgde.

En person iført refleksvest sitter på en sykkel i en gate etter mørkets frembrudd. Omgivelsene inkluderer flere bygninger, snø og gatebelysning. I bakgrunnen kan man se en gruppe personer i samtale. Bildet er tatt i et urbant område med lite trafikk.

Ali fortel at barna også er glade for bytet.

Foto: Tomas Berger / NRK

Opplever ein auke i salet

Hos Gaarder sykkelsport i Fredrikstad merkar dei stor pågang av mange faste kundar, men også nye. Han fortel at salet av både elsyklar og piggdekk har auka.

– Vi har fått ein veldig auke i elsyklar. Mange vel kanskje å selje den eine bilen, og så har dei ein sykkel til pendling til og frå jobb, seier Eriksen.

En mekaniker arbeider med en sykkel i en verksted. Verkstedet er fylt med verktøy og sykkeltilbehør, med flere bokser og hyller i bakgrunnen. Mekanikeren justerer sykkelens ramme og håndtak. Det er en arbeidsbenk synlig til venstre i bildet.

Sykkelreparatør Kai Eriksen har hatt ein travel vinter. Her legg han om til piggdekk for ein av dei faste kundane sine som syklar heile året.

Foto: Tomas Berger / NRK

Nærare 200 prosent auke

Sport Holding, som blant anna eig kjeder som Sport 1, Intersport og Anton Sport, opplyser at sal av elsparkesyklar og piggdekk har auka jamt sidan koronapandemien.

Hos XXL merkar dei også ein auke i såkalla vintertenester.

Jan Christian Thommesen, pressekontakt for XXL, seier dei ikkje prøver å lure kundane med tilbod i Black Week.

Thommesen seier XXL merkar økt pågang.

Foto: Bård Gudim

– Så langt i januar har vi nærare 200 prosent auke mot fjoråret. I same periode i fjor var det ein tilsvarande auke mot året før der igjen, seier kommunikasjonsdirektør i XXL, Jan Christian Thommesen.

Også Kajakk og Fritid merker ein auke i sal av piggdekk og elsyklar til heilårsbruk.

Rekord under pandemien

Norsk Sportsbransjeforening estimerer at salet av elsyklar har auka drastisk dei siste 10 åra, med ein rekord på rundt 85.000 selde syklar nasjonalt under pandemien.

Trond Evald Hansen er administrerende direktør i Sportsbransjeforeningen

Hansen anslår at det er selt rundt 600.000 elsyklar i Noreg sidan 2012.

Foto: Tom Balgaard / NRK

– Det har gått litt opp og ned, men dei siste tre åra ser vi at det har stabilisert seg på rundt 50.000 elsyklar kvart år, seier administrerande direktør i Norsk Sportsbransjeforening Trond Evald Hansen.

Han anslår at det er selt rundt 600.000 elsyklar i Noreg sidan 2012.

Enorm vekst i talet på medlemmar

Generalsekretær i Sykkelforeningen

– Ein tydeleg tendens er at dei som har kjøpt elsykkel, syklar oftare, seier Eline Oftedal, generalsekretær i Syklistforeningen.

Foto: Jakob Eriksen Berhard

Eline Oftedal er generalsekretær i Syklistforeningen. Ho merkar veldig godt at interessa for sykkel aukar, og meiner at veldig mange fleire har skaffa seg elsyklar.

I ei undersøking om nordmenns sykkelvanar oppgav 10 prosent av den norske befolkninga at dei sykla, ifølgje Oftedal.

– Vi merkar det ikkje minst på den enorme veksten i talet på medlemmar og ei stor interesse for alt som har med sykling å gjere – enten det er pendling eller sykling med barn.

– Fantastisk

I Fredrikstad har Ali lagt merke til at fleire syklar året rundt. Han er heller ikkje aleine om å ha gjort overgangen frå bil nummer to til elsykkel.

– To kollegaer har også gått over til elsykkel i staden for bil nummer to, fortel Ali.

Han saknar ikkje å ha to bilar, og merker at det har vore godt for den fysiske og mentale helsa å sykle meir.

– Eg har begynt å like å vandre litt rundt med sykkelen min. Dei dagane eg er sliten, slapp, eller dei dagane eg treng ein liten pause, så er det å ta med seg sykkelen ut, for å sykle fantastisk.

Publisert 06.02.2026, kl. 04.57

Read Entire Article