Fredag morgon opplyser politiet at ei kvinne døydde etter brannen i Bergen torsdag kveld.
– Kvinna som vart tatt ut av leilegheita vart i natt erklært død på Haukeland universitetssjukehus. Pårørande er varsla, skriv operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt i ei melding klokka 08.54 fredag morgon.
Sak er oppretta. Avdøde vil verta obdusert, skriv politiet vidare.
Det var rett før klokka 21 om kvelden at det kom meldingar om at fleire alarmar, og ein tryggleiksalarm, var utløyst i ei leilegheit i eit større bustadkompleks i Fyllingsdalen i Bergen.
Det bur til saman 51 personar på adressa, og fleire av desse er eldre som har direkte oppfølging frå heimetenesta i Bergen kommune.
Brannvesenet var først på staden etter at det kom melding om brann i Fyllingsdalen torsdag kveld. Her innsatsleiar Jan Aase frå Bergen brannvesen og politiet sin innsatsleiar, Casper Kaland.
Foto: Benjamin Dyrdal / NRKFleire prøvde å sløkkja
Både brannvesen, ambulanse og politi rykte ut til staden. Brannvesenet var først framme.
– Det var masse røyk i leilegheita, og dei første mannskapa på staden konsentrerte seg om å få ein person ut. Dei starta livreddande innsats, forklarte innsatsleiar Jan Aase i Bergen brannvesen til NRK sin reporter torsdag kveld.
Brannen vart raskt sløkt, og allereie klokka 21.11, meldte brannvesenet at det var kontroll på brannen.
Ifølgje politiet kom den første meldinga om at røykvarslarar hadde gått klokka 20.51.
– Helse var også raskt på plass og tok seg av pasienten, seier Aase.
Totalt fem personar vart frakta til sjukehus etter brannen. Fire av dei for nærmare undersøkingar etter å ha pusta inn røyk.
Både politi, brannvesen, og ambulanse rykte ut etter at det kom meldingar om at fleire alarmar gjekk i ein bustad i Fyllingsdalen torsdag kveld.
Foto: Benjamin René Dyrdal / NRKUklar årsak
Dei skal ha vore inne i leilegheita og prøvd å sløkkja brannen, ifølgje operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.
– Det har brunne på kjøkkenet i leilegheita, opplyste Dahl-Michelsen.
Kva som er årsaka til brannen er førebels ikkje avklart.
– Eg har ingen ytterlegare opplysingar om brannårsaka, seier operasjonsleiar Tore-André Brakstad i Vest politidistrikt fredag morgon.
Til saman er 51 personar registrert på adressa der det brann. Dei fekk gå inn i leilegheitene sine allereie klokka 21.45.
Brannen i leilegheita var sløkt kort tid etter at den første meldinga kom.
Foto: Benjamin René Dyrdal / NRKPublisert 03.10.2025, kl. 08.55 Oppdatert 03.10.2025, kl. 09.25