Den fyrste norske symfonien: Det eksisterer ei oppfatning av at Otto Winter-Hjelm (1837–1931) var den fyrste norske symfonikaren. Dette har særleg vore formidla etter at KORK (bilete) spela inn den fyrste symfonien hans (1861) i 2020, skriv innsendaren. (Foto: Julia Marie Nagelstad)
KRONIKK: Det er i hovudsak Haydn og Beethoven som har etablert synet vårt på kva ein «ekte» symfoni skal vere.
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Kva er den fyrste norske symfonien? Sidan vi ikkje har stort av musikkultur frå dansketida, skulle ein tru at Kultur-Noreg femna om dei fem symfoniane til Berlin-familien i Trondheim:
Vi har att tre av Johan Daniel (1714–1787), to av Johan Henrich (1741–1807). Ein veit ikkje sikkert kven av symfoniane til Johan Daniel som er den eldste, men helst er det den som er kalla hans andre, som både har minst orkester og enklast form.
Dette er likevel eit fargesprakande verk som utmerkar seg ved bruken av instrumentet zink. Symfonien er faktisk det siste 1700-talsverket med ei virtuos zink-stemme, og slik eit monument både i norsk og i europeisk historie.
Fleire syndarar
Likevel eksisterer det ei oppfatning av at Otto Winter-Hjelm (1837–1931) var den fyrste norske symfonikaren. Dette har særleg vore formidla etter at KORK spela inn den fyrste symfonien hans (1861) i 2020.
At vi samlar oss om Berlin-ane som dei fyrste norske symfonikarane hadde vore ein god start
Her syndar både utgjevaren Simax, Cappelens musikkleksikon, Store norske leksikon og klassiskmusikk.com; hjå NRK har eg funne tre sider med påstanden, sendingar ikkje medrekna.
Høvet for denne teksta du les no, er at påstanden blei gjenteke på NRK Klassisk så seint som den 23. mai. Dette er feil, men det er ofte interessant og opplysande å sjå på kvifor slike feiloppfatningar oppstår.
Fyrst av alt: Kva ein symfoni?
Ser ein i ei vanleg musikkordbok, vil det vanlegvis stå noko som at det er eit verk for orkester i fire satsar, der fyrste- og sistesatsen er hurtige, andresatsen langsam og tredjesatsen ein danseinspirert sats kalla menuett og trio.
Vidare står det kanskje at genren ikkje er prega av soloistmateriale, men heller av at ein varierer og utviklar det musikalske materialet. Dette stemmer med den seinare symfonien, men skal ein forstå opphavet til genren, må ein grava djupare.
«Sinfonia» er det italienske namnet på symfonien, som har vore brukt som utnamn på verk som etter 1800-talets syn ikkje kvalifiserer som symfoniar
Symfonien har opphav i fleire genrar, men det er særleg to som er viktige: operaouverturen og konserten. Båe desse formene har opphav i Italia, som òg er opphavslandet til symfonien, og inneheld helst tre satsar, i tempoa hurtig-langsam-hurtig.
På vandring
Dei tidlegaste frittståande symfoniane lånte mykje frå båe genrane. Frå rundt 1720 finn ein den fyrste skulen av symfonikarar i Milano, som er representert av verka til to menn, Giovanni Battista Sammartini og Antonio Brioschi. Symfonien flytta seg etter dette nordover til sentrum som Wien, Mannheim, Berlin, Paris og London; innan 1750 skreiv ein symfoniar i nesten heile Europa.
Rundt denne tida la ein del sør-tyske og austerrikske komponistar til menuettar som tredjesats, men det var fyrst mot slutten av hundreåret at dette blei ein internasjonal standard.
Ikkje «papa Haydn»
Då Joseph Haydn - populært kalt papa Haydn - byrja å skrive symfoniar var det allereie ein etablert genre – så han er på ingen måte «symfoniens far» – men han var spesielt underfundig i å utnytte potensialet til genren, og skapte rett og slett ein internasjonal massedød av symfonikarar.
Etter cirka 1780 hadde dei fleste komponistar (inklusive Mozart!) rett og slett flykta til andre former, og den haydnske skrivemåten blei ein internasjonal standard som nesten ingen kunne måle seg med. Beethoven sprengte 20 år seinare rammene til symfonien som form, og 1800-talets symfoni er difor langt større og meir krevjande enn 1700-talets.
Det er då i hovudsak Haydn og Beethoven som har etablert synet vårt på kva ein «ekte» symfoni skal vere.
Haydns føregangar?
På 1800-talet såg ein symfonien som ein heiltysk genre, eit uttrykk for ei tyske folkeånd, og difor ynskte tyske forfattarar å framheva at genren oppstod i Stor-Tyskland. Her fann ein ei livline i menuetten.
Det bør vere ukontroversielt å seie at dansketida i norsk kunst gjerne er rekna som mindre interessant enn nasjonalromantikken.
Då ein ikkje kjente til stort av tidlegare symfonikarar enn Haydn, meinte ein at han hadde introdusert han frå tysk folkemusikk gjennom suiten. Ein suite er ei samling av ei stiliserte dansar, og ho var aldri populær i Italia.
Slik kunne tyske musikkforskarar insinuera at det italienarane skreiv ikkje var ekte symfoniar, men at det var dansen, som var teken frå tysk folkekultur, som skapte den eigentlege symfonien.
Denne tankegangen nådde eit toppunkt i 1903, med gjenoppdaginga av Mannheim-komponisten Johann Stamitz. Her fann musikkvitaren Hugo Riemann symfoniar i fire satsar som var eldre enn Haydn, og han konkluderte med at «Stamitz er den lenge ettersøkte føregangaren til Haydn!»
Storm i vassglass
I tida etterpå synte det seg at Stamitz slett ikkje var fyrst om dette: allereie tidlege italienske symfoniar kunne ha menuettar som finale.

Kven har eigentleg skrive Noregs fyrste symfoni, Johan Daniel Berlin eller Otto Winter-Hjelm? (Foto: Bilete brukt med løyve frå NTNU Vitenskapsmuseet)
«Oppdaginga» var i denne samanhengen ein storm i eit vassglas, men på grunn av prestisjen til Riemann og ynsket om ein heiltysk symfoni står Stamitz og menuetten likevel att som milepålar. I mangel på norske spesialistar har denne nasjonalsjåvinistiske historieforståinga fått stå i norske tekster heilt til i dag.
Slik har ein enda opp med omgrepet «sinfonia». Eg skreiv nyleg ein artikkel for Studia musicologica norvegica om nett dette. Dette er det italienske namnet på symfonien, som har vore brukt som utnamn på verk som etter 1800-talets syn ikkje kvalifiserer som symfoniar.
Ein genre utan historie
For å verna om forståinga av at symfonien byrja i Tyskland, har ein definert alle tidlegare symfoniar ut: Etter dette synet skal det ikkje eksistere nokon symfoni før Haydn (eller Stamitz), og gjer det det, er dette feil. Frå eit 1700-talsperspektiv skapar dette eit kunstig skilje, som eigentleg berre gjer symfonien til ein genre utan historie.
Ein kan nok òg mistenkje at fleire av aktørane på eitkvart nivå veit dette. Simax skiftar mellom å kalla symfonien til Winter-Hjelm «Norges første symfoni» og «Norges første klassisk-romantiske symfoni», NRK likeins mellom «Norges første symfoni» og «Norges første stort anlagte symfoni».
Var dette faktisk den tidlegaste norske symfonien, var presiseringane overflødige. Klassiskmusikk.no skriv at dette «mer presist [er] den første symfonien av en nordmann enn […] den første norske symfonien.»
Her prøver ein nok å koma seg fri med at Johan Daniel var fødd i Preussen, men Johan Henrich var like norsk som Olav V. Om det er dette som er referert til her, tykkjest det å vera eit dårleg forsøk på å redda seg unna med ein påstand som ein veit ikkje stemmer.
Moglegvis spelar òg norsk sjølvbilete ei rolle. Det bør vere ukontroversielt å seie at dansketida i norsk kunst gjerne er rekna som mindre interessant enn nasjonalromantikken. Slik passar det seg kanskje at den fyrste symfonien vi erkjenner som symfoni skulle vere eit nasjonalromantisk verk?
Lat oss samla oss om Berlin-ane
La oss heller snu på skillingen: Med Berlin-slekta har vi både musisering og komposisjon på høgt internasjonalt nivå i Noreg under dansketida. Dette ser ein ikkje berre gjennom komposisjonane deira, men òg i notematerialet etter familien i Gunnerusbiblioteket, som Sigurd Imsen og «TSO Tidlig» nyleg gav oss ein fantastisk CD frå.
Denne samlinga gjev eit unikt innblikk i kva vi trass alt kunne oppnå her i landet på 1700-talet, og det er noko som fortener både å bli feira og forska meir på.
At vi samlar oss om Berlin-ane som dei fyrste norske symfonikarane hadde vore ein god start.
Vi vil gjerne høre fra deg!
TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?