Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_49cd95a155c6bf6640e568406d009864, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Kval utfordrar fiskarane: – Det har blitt eit kjempestort problem for oss - NorwayToday

Kval utfordrar fiskarane: – Det har blitt eit kjempestort problem for oss

3 hours ago 4


Dagleg leiar i reiarlaget Ervik&Sævik i Herøy, Rita Christina Sævik, meiner diskusjonen om korleis Noreg forvaltar kvalbestandane er viktig å ta.

– Det har blitt et kjempeproblem for oss fordi mengda av kval i sjøen har auka såpass mykje at det har blitt vanskeleg for oss å utøve eit forsvarleg og effektivt fiske, seier ho.

Rita Christina Sævik, daglig leder i rederiet Ervik & Sævik AS

Rita Christina Sævik meiner Noreg må jobbe meir med å skape internasjonal aksept for kvalfangst.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Stor risiko

Sævik seier at det er mest utfordrande på sildefiske i fjordane i Troms og Finnmark. Der er det no så mykje spekkhoggarar og knølkval at det er stor risiko for å få dei i nota.

– Det er dei to artene som har blitt eit hovudproblem. Og så er det per dags dato ikkje lov å drive fiske på eller uttak av dei. Det ser vi som ei kjempeutfordring.

Ein knølkval kan bli 14–17 meter lang, og veg mellom 30 og 40 tonn. Dersom dei går i nota utgjer det stor fare for skade både båt, mannskap, kval og fiskeutstyr.

Fiskeridirektoratet slår fast at det er høg risiko for å få kval i nota under sildefisket, og at alle hendingar skal rapporterast.

Kval ved ringnottrålaren Christina E på sildefiske i Kvænangen i Troms i januar 2025.

Kval ved ringnottrålaren Christina E på sildefiske i Kvænangen i Troms i januar 2025. Reiaren Rita Sævik seier dette har blitt eit stort problem.

Foto: Tellus Works

– Dei et jo fisken vår

Ho meiner også at vi veit for lite om kor mykje kvalbestandane påverkar økosystemet i havet.

Forskarar har funne ut at sel og kval et 25 millionar tonn sjømat i året i nordaustlege Atlanterhavet. Vi fiskar nesten 4,2 millionar tonn i året.

– Dei et jo fisken vår, og dei et fleire gangar meir enn det fiskarane faktisk fiskar. Så det er ein av dei tinga eg meiner ein har for lite kunnskap om i dag. Den reelle konsekvensen desse store bestandane gir på fiskebestandar nedover i næringskjeda, seier ho.

Ein flokk spekkhoggarar filma av fiskar Alexander Olsen ved Røst i 2021.

– Men det er sterk internasjonal motstand mot kvalfangst. Kva tenker du om det?

– Det har med haldningar å gjere. Og som fiskarjente er eg vand med å gå litt mot straumen. Det å skulle endre haldningar tar gjerne tid, men ein må begynne på vegen.

Rita Christina Sævik, daglig leder i rederiet Ervik & Sævik AS

Rita Christina Sævik har bede fiskeriministeren om å starte arbeidet med å få forståing internasjonalt for at Noreg må kunne forvalte kvalane på same måte som vi gjer med andre rovdyr.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– Kan ikkje få utvikle seg fritt

Sævik står ikkje åleine om dette kravet. Ho har støtte i store delar av næringa. Reiar Geir Lundberg i Troms seier det har blitt eit kjempeproblem med kval under sildefiske i fjordane i nord for alle båtane på feltet.

Første vågekval skutt på kvalfangstskuta Kato på Finnmarkskysten

I Noreg er det berre vågekval som blir fangsta. I 2026 er kvoten på 1641 vågekval, ein auke på 235 dyr frå året før.

Foto: Elisabeth Myklebust

– Noko må gjerast for å redusere denne bestanden. Det kan ikkje få utvikle seg fritt. Tenk kor mykje den et som kunne vore brukt til menneskemat, pluss at nokre kvalartar også er veldig god og næringsrik mat.

Geir Lundberg har filma kval rundt nota under fiske i Kvænangen i Troms i 2024. – Når det ikkje er farleg for bestandane bør man kunne hauste av alt som er mogleg dersom mennesket framleis står øvst på «rangstigen», seier han.

Geir Lundberg

Geir Lundberg meiner det bør vere fullt mogleg å hauste av kvalbestandane, og at norske styremakter må jobbe for å forklare utfordringane internasjonalt.

– Vi kan ikkje berre beskytte dei fordi dei er store og pene dyr som turistane gjerne vil sjå og dykke med.

en gruppe turister sett bakfra kikker utover havet, der flere påter er på vei i samme retning

Kvalsafari er blitt ein populær turistaktivitet.

Foto: Oda Andrea Opheimsbakken / NRK

Også dagleg leiar i Pelagisk Forening, Mariann Frantsen, ber om at noko må skje med forvaltning av spekkhoggarar og knølkval. Ho representerer friskebåtreiarar som fiskar etter mellom anna sild, makrell og lodde.

Fransen seier bransjen i årevis har blitt møtt med at det ikkje er marknad for kjøtet når dei har tatt opp problemet.

– Men det er verken kvote eller direktefiske på desse artane. Dei fleste er innforstått med at det er eit vanskeleg tema, men vi kan ikkje fråskrive oss ansvaret av den grunn, seier Frantsen, som også er styreleiar i Merkevareforeningen Norsk Hval

Mariann Frantsen, daglig leder Pelagisk Forening.

– Vi har kanskje ikkje nødvendigvis svar på kva vi skal gjere, men vi må tørre å ta diskusjonen, seier Mariann Frantsen i Pelagisk foreining.

Foto: Roar Bjånesøy

Forstår fiskarane

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss seier ho forstår godt at fiskarane er fortvila over situasjonen, men at det er eit krevjande spørsmål.

– Det handlar kanskje mest av alt om marknad. Per i dag er det Japan som er vårt største marknad utanfor Noreg. Så veit vi at det er sensitivt. Det er ein del motstand mot fiske av kval, seier ho.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss måtte svare på spørsmål om kval på organisasjonen fiskebåt sitt landsmøte.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Forskarane slår fast at det har blitt veldig mykje meir spekkhoggarar og knølkval i fjordane i Finnmark. Dei har sett i gang eit prosjekt med lydsignal for å skremme vekk kvalane frå båtane.

– Det er noko vi har sett i løpet av dei siste 20 åra. Så det stemmer absolutt at det har blitt meir kval inne i fjordane, seier forskar ved Havforskingsinstituttet Erik Martin Biuw.

 Forskar ved Havforskingsinstituttet Erik Martin Biuw

Forskar ved Havforskingsinstituttet Erik Martin Biuw er samd med Rita Sævik at det trengst meir forsking på korleis kvalane påverkar økosystemet i havet.

Foto: Simen Wingstad / NRK

Han seier det ikkje er noko i deira data som tyder på at det generelt har blitt meir kval enn tidlegare.

– At vi ser meir kval inne i fjordane no, tyder meir på at det har blitt ein konsentrasjon.

Forskaren trur heller ikkje det er ei løysing å skyte meir kval for å unngå at dei et så mykje fisk.

– Det må skytast enorme mengder i så fall for at det skal ha effekt. Så det er eigentleg helt urealistisk å tru at ein kan skyte kval for å få meir fisk.

Sjå ut i naturen om sildefiske og spekkhoggarar.

Publisert 02.03.2026, kl. 05.10

Read Entire Article