Kva skjer med USA viss Trump overkøyrer domstolane?

1 day ago 8


Donald Trumps handlingar som president har møtt motstand frå føderale dommarar i heile USA.

Men dei siste dagane har presidenten slått tilbake.

Ingen dommarar skal kunna blokkera handlingane til presidenten, meiner Trump.

Og viss dommarane set spørsmålsteikn ved politikken til regjeringa, bør dei bli stilte for riksrett og fjerna, meiner den amerikanske presidenten.

Etter knapt to månadar som president, prøver Trump å kontrollera meir og meir av rettsvesenet.

– No står me ved eit vippepunkt, seier Eirik Løkke, rådgjevar i tankesmia Civita, til NRK.

Dette treng du å vita om Donald Trumps åtak på domstolane:

Dette har skjedd

  • Kva er bakgrunnen for det som no skjer?

    Donald Trump ønskjer å deportera tusenvis av migrantar frå USA. Fram til no har det ofte skjedd utan nokon som helst vurdering i rettsvesenet.

    Trump lener seg på ein over 200 år gamal lov kalla «Alien Enemies Act» for å senda innvandrarar ut av landet.

    Forsøket vart raskt stansa av dommar James E. Boasberg. Han ville vurdera om deportasjonane var i strid med grunnlova.

    Trump-administrasjonen valde å ignorera ordren frå dommar Boasberg.

    Føderale dommarar har stoppa fleire handlingar frå Trump-administrasjonen.

    I tillegg til ordren om å senda migranter ut av landet, er også Trumps ordre om å stengja ned bistandsorganisasjonen USAID og presidentordren om å hindra transpersoner frå å tjenestegjere i militæret stansa.

  • Kva har Trump sagt?

    Trump har kalla dommarar som stiller spørsmål ved hans agenda for «radikale venstrevridne dommarar», og anklagar dei for å villa øydeleggja USA.

    Trump og fleire republikanarar har gått kraftig til angrep på både dommar Boasberg og andre dommarar. Dei meiner dommarane bør bli stilla for riksrett og bli fjerna.

    Som følgje av dette aukar truslane mot dommarar veldig i USA, ifølgje ABC News.

    Fleire dommarar har sagt dei risikerer å bli uthengd eller truga viss dei set spørsmål ved Trump-administrasjonens handlingar, skriv TV-kanalen.

  • Kan ein dommar berre bli fjerna?

    I teorien er svaret ja.

    Men høvet for at det faktisk skjer, er lita, seier Eirik Løkke.

    Ein dommar kan berre bli fjerna ved riksrett. For å kunna stilla ein dommar for riksrett, må dommaren ha begått eit alvorleg tillitsbrott eller ein kriminell handling.

    Å stille spørsmål ved Trumps handlingar, eller å stoppa presidentordrar i ein domstol, er ikkje godt nok grunnlag for å stilla nokon for riksrett, meiner fleire republikanarar, ifølgje New York Times.

    Det krevs også 67 stemmer i Senatet for å kunna stilla ein dommar for riksrett. Det er ikkje sannsynleg i dag, meiner Løkke.

  • Korleis fungerar domstolane?

    Domstolane i USA fungerar annleis enn domstolane i Noreg.

    Dei er delt inn i to grupper: Domstolar i delstatane og dei føderale domstolane.

    Kvar enkelt stat har eigne rettssystem og kan ha fleire eigne lovar. Dommarar i delstatane har óg høve til å stoppa presidentordrar.

    Dei føderale domstolane gjeld for heile landet og er delt inn i tre. Øvst er høgsterett, som består av 9 dommarar. I USA er det tradisjon for at republikanske presidentar nemner konservative dommarar, medan demokratar nemner meir liberale dommarar.

    Dét er ein svakheit med det amerikanske systemet, seier tidlegare høgsterettsdommar Magnus Matningsdal.

Kva er det Trump prøver på?

– Det er sjølve rettsstaten Trump angrip, seier Eirik Løkke.

– Han vil delegitimera dommarane. Han prøver å heva seg over den dømmande makta.

Trump ønskjer ikkje at dommarar skal kontrollera om det han gjer er lovleg eller ikkje, meiner Løkke.

Donald Trump på vei ut av Air Force one.

Trusselen om riksrett kan føra til at dommarar blir redde for å dømma mot Trump, seier Eirik Løkke.

Foto: Chris Szagola / AP / NTB

Det er ikkje uvanleg at amerikanske presidentar ønskjer seg meir makt, understrekar jurist Sofie Høgestøl ved Universitetet i Oslo.

– Eg trur nok at alle amerikanske presidentar kan bli skulda for å ha testa grensene i nokre saker. Men det Trump gjer nå, verkar så grunnleggjande systematisk. Det skil seg frå resten.

Lykkast Trump?

– Ikkje førebels, meiner Eirik Løkke.

– Trump seier han skal følgja ordrar frå domstolane. Samstundes trugar han dei med riksrett. Ambivalensen frå han på dette området er djupt problematisk, seier han.

Etter at Trump gjekk til åtak mot fleire føderale dommarar og truga med riksrett, tok leiar av USAs høgsterett John Roberts kraftig til motmæle.

Roberts er konservativ og vart utnemnd som høgsterettsdommar av George W. Bush i 2005.

Dommer John Roberts i samtale med president Donald Trump.

Er ein misfornøgd med avgjersler i retten, kan ein anke, påpeikar leiar av USAs høgsterett John Roberts til Donald Trump.

Foto: OLIVIER DOULIERY / AFP / NTB

– Riksrett er ikkje rett svar på usemje rundt juridiske avgjersler, sa Roberts i ei fråsegn.

Er ein misnøgd med avgjersler, kan ein anka, held dommaren fram.

Trump nekta på si side for at han ikkje villa følgja ordre frå ein dommar.

– Eg villa aldri gått mot ei rettsavgjersle. Du kan ikkje gjera det. Men me har veldig mange dårlege dommarar, sa Trump ifølgje CNN.

Sundag gjekk også sjefen for innvandringsbyrået ICE ut og sa at presidenten ikkje vil gå mot ei rettsavgjersle, ifølgje Reuters.

Trugselen om riksrett kan likevel vere nok, meiner Eirik Løkke.

– Ein effekt kan bli at dommarar blir redde for å dømma i samsvar med lova, seier han.

– Det har blitt farlegare å vera dommar nå. Dei må leva med fleire trugslar når Trump uttalar seg på den måten han gjer.

Folk demonstrerer mot Donald Trump i Denver, Colorado.

Folk demonstrerer mot Donald Trump i Denver, Colorado.

Foto: JASON CONNOLLY / AFP / NTB

Kva inneber dette for amerikansk demokrati?

– Eg er ganske oppgjeven over systemet i USA, seier tidlegare høgsterettsdommar i Noreg, Magnus Matningsdal.

Grunnleggjande for demokratiet er maktfordelingsprinsippet, forklarar han.

Det er lovgjevande, utøvande og dømmande makt.

I USA ser det slik ut:

  • Kongressen lagar lovene og set rammene for budsjettet i landet
  • Presidenten set dette ut i live, ut frå rammene kongressen gjev
  • Domstolane kontrollerer at det presidenten gjer er innanfor lovverket

Ein viktig funksjon for den dømmande makta, er at ho skal ha ei korrigerande rolle overfor dei andre statsmaktene, forklarar Matningsdal.

– Om nokon gjer noko som er i strid med lova og saka hamnar for retten, set domstolen foten ned, seier han.

USAs høyesterettsbygning i Washington D.C.

Bygningen til USAs høgsterett i Washington D.C.

Foto: SAUL LOEB / AFP / NTB

Å følgja maktfordelingsprinsippet skal vere sjølvsagt i alle velfungerande demokrati, slår Matningsdal fast.

– Kva skjer i USA om Trump overkøyrer domstolane?

– Det blir eit einevelde, ikkje eit demokrati, seier han.

Høgsterettsdommaren får støtte frå Eirik Løkke.

Viss Trump endar opp med å ikkje følgja ordren til domstolen, vil det amerikanske demokratiet i realiteten vere borte, meiner han.

– Reint konkret tyder det at kven som helst kan bli slengde i fengsel. Kven som helst kan bli deporterte.

Flere migranter som er deportert fra USA er blitt sendt til fengsler i El Salvador, kjent for å være svært brutale. Migrantene anklages for å være involvert i gjengkriminalitet.

Reuters/Myndighetene i El Salvador

Kan Trump bli stansa?

Tidlegare presidentar har også prøvd å utfordra systemet, understrekar Sofie Høgestøl.

Men ingen har prøvd å setta systemet til sides slik som Trump gjer no.

Viss kongressen vil stansa ein president, kan dei stilla personen for riksrett.

Folk demonstrerer i St. Louis mot Trump-administrasjonens immigrasjonspolitikk.

Folk demonstrerer i St. Louis mot Trumps immigrasjonspolitikk.

Foto: Laurie Skrivan / AP / NTB

Tradisjonelt villa kongressen truleg kontrollert presidenten i større grad enn det dei no gjer med Trump, meiner Høgestøl.

Men det er republikanarane som kontrollerer kongressen no.

– Dei er fullt ut på lag med Trump.

Trump utfordrar spelereglane så mykje at me er på veg inn i ukjent farvatn, meiner Eirik Løkke.

– Kven er det som til slutt skal setta ned foten viss Trump går ut over fullmaktene?

Donald Trump går mot Air Force One.

Trump prøver å heva seg over rettsstaten, meiner Eirik Løkke.

Foto: Nathan Howard / Reuters / NTB

Fakta om presidentordrar i USA

  • Kva er ein presidentordre?

    I USA er ein presidentordre det same som ein instruks til statsapparatet, og kan bli samanlikna med ei forskrift frå regjeringa i Noreg.

    Ein president står fritt til å oppheve ordrar frå tidlegare presidentar.

  • Kvifor bruke presidentordrar?

    Presidenten kan signera og senda ut presidentordrar utan at det er gjort noko vedtak i Kongressen, som er den lovgjevande forsamlinga i landet.

    Det er ein måte å tvinga gjennom eigen politikk eller politiske vedtak på, i saker som presidenten ikkje klarar å få vedteke i Kongressen.

  • Er dei moglege å overstyra?

    Ja. Fleire av presidentordrane Trump har signert har blitt stoppa, eller forsøkt stoppa, av domstolane. Sjølv om ein president signerer ein ordre, er det avgrensa kva han kan gjere.

    Eit fleirtal i Kongressen kan også hindra at ein ordre blir gjennomført, til dømes ved å fjerne nødvendig finansiering.

  • Eit utval presidentordrar frå Trump

    På 10 dagar signerte Trump fleire presidentordrar enn nokon annan president har gjort på sine fyrste 100 dagar i Det kvite hus. Totalt har han signert 93 ordrar, ifølgje styresmaktene.

    Eit utval kjende og mindre kjende ordrar:

    • 25 prosent toll på stål og aluminium

    • Avvikla kunnskapsdepartementet

    • Erklærte ei nasjonal energikrise og krise på grensa til Mexico

    • Fjerna mangfald- og inkluderingstiltak i regjeringa (DEI)

    • Utvida tilgangen til kunstig befrukting

    • Fjerna påbod om bruk av papirsugerør

    • Forlet Verdas helseorganisasjon og Parisavtalen

    • Endra namn på Mexicogolfen til Amerikagolfen

    • Benåda tiltalte etter storminga av Kongressen 6. januar

Kva kan skje vidare?

– Det me no ser er ein veldig sjølvsikker Trump. Han har eit lojalt lag rundt seg, og han har ein plan, seier Sofie Høgestøl.

Ho trur Trump kjem til å fortsetta å utfordra grensene for maktbruk.

– Det er ingenting som tyder på at dei vil gje seg. Det me ser er heller ei eskalering, meiner ho.

Den tidlegare høgsterettsdommaren Matningsdal trur derimot ikkje at Trump kan halde fram som han sjølv ønskjer i all framtid.

– Når representantane i kongressen ser konsekvensane av politikken hans, kan han få dei mot seg. Det har ikkje skjedd enno, seier han og legg til:

– Eg trur Trump vil få problem etter kvart.

Interessert i utanriks? Lytt til siste episode frå urix-podkasten:

Publisert 24.03.2025, kl. 14.59

Read Entire Article