Kva skal eg gjere med livet mitt?

1 day ago 7


Drit i status og senk skuldrene. Men ta eit val.

Det er snart søknadsfrist for å søke høgare utdanning.

Før midnatt 15. april skal valet takast. Uæææ.

Det er faktisk ein overflod av moglegheiter.

Det finst nesten 1400 studium å velje mellom her i landet.

Er du éin av dei som går rundt og tenker:

«Kva skal eg gjere med livet mitt?»

Denne saka er til deg.

Maren Aas Nakken jobba skikkeleg hardt i 20-åra. Det vart mykje overtid og tårer. Etter kvart innsåg ho at ho berre gjorde andre rike. Då starta ho sitt eige selskap.

Gerd Johanne Braadland

Maren Aas Nakken (35)

Yrke: Dagleg leiar og manager i Mothership Stories

Utdanning: Bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda (HVO).

🥕: Eg jobbar med folk som er lidenskapelege. Det gjer kvardagen min rikare!

– Kva bør folk tenke på når dei skal velje studie?

– Folk må kjenne litt etter og tenke på kva dei trivst med. Viss du er skikkeleg lost, så teikn opp eit kart. Skriv ned kva du synest er gøy og kva eigenskapar du har, som er bra.

Du kan også spørje ein nabo eller ein ven om kva du er god på.

– Ikkje gjer det kompisen din skal. Eller høyr på kva andre meiner. Då blir ein eit bittert menneske, trur eg.

– Korleis får ein eit bra liv?

– Altså, hobbyar. Det er så viktig. Då ladar du jobbhovudet ditt. Det gir også balanse. Det trur eg heile livet handlar om.

  • Maren Aas Nakken i et møte med en annen kvinne på Mothership-kontoret.

    Maren sa opp toppjobben i Oslo, selde leilegheita og flytta heim til foreldra i Bergen. Då fekk ho kapital til å starte opp sitt eige selskap. No er ho manager for influensarar.

  • Maren sitter i en sofa med en bærbar datamaskin på kontoret.

    Folk bør tenke mindre på yrke og meir på eigne eigenskapar. Då blir valet enklare.

    Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK
  • En gruppe mennesker som sitter ved et bord med en bærbar datamaskin

    Risikoen er stor for å bli bitter om du høyrer på det andre meiner du skal gjere. Uansett kva du vel: Jobb er ikkje alt. Hobbyar er kjempeviktig for å ha eit bra liv, meiner gründeren.

Robert Næss er investeringsdirektør i Nordea. Han representerer ulike kundar og kjøper og sel aksjar på vegne av dei.

Preben Nedreberg Holmøy

Robert Næss (60)

Yrke: Investeringsdirektør i Nordea

Utdanning: Bachelorgrad i dataingeniør ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), master i siviløkonomi ved Norges Handelshøyskole (NHH).

🥕: Jobben er utfordrande. Du kan aldri seie deg fornøgd.

– Kva bør unge tenke på når dei skal velje studie?

– Tenk på kva jobbar du kunne tenke deg. Du kan godt ta eit studium som ikkje er det mest spennande, så lenge det gir deg interessante jobbar.

Alle bør vere litt sjakkspelarar. Finn først ut kva du eigentleg vil, så blir utdanninga ein konsekvens av det.

– Kva er den største feilen du kan gjere?

– Det er å velje eit studium litt sånn bevisstlaust. Det synest eg er feil. Då sløsar du med di og andre si tid. Då er det betre å jobbe og få litt erfaring.

  • Robert Næss er investeringsdirektør i Nordea

    Robert Næss mener at unge bør tenke mindre på lønn. Velg heller ut fra hvor du vil kunne utvikle deg og bli flink. Da kommer lønnen av seg selv.

  • Robert Næss er investeringsdirektør i Nordea.

    Alle bør gå litt i seg selv: Tenke over hva som er deres sterke og svake sider og hvor de kan ha fortrinn. Det holder ikke å være interessert i noe, mener Næss.

  • Robert Næss foran skrivebord

    Når du har tatt valget, er folkene rundt deg en viktig pekepinn på om du er på rett sted. – Hvis du ikke trives med studievennene dine, så er du kanskje på feil spor. De rundt deg viser hvordan kulturen vil være i fremtidige jobber, sier han.

Du må «gutse» og ha tru på deg sjølv. Ta plass, ikkje vere sjølvkritisk, meiner tingrettsdommar Therese Skodvin.

Gerd Johanne Braadland

Therese Skodvin (39)

Yrke: Dommar i Hordaland tingrett

Utdanning: Mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB).

🥕: Det er spennande. Du får vere tett på veldig mykje som skjer i samfunnet. Eg lærer nye ting og utviklar meg heile tida.

– Kva bør unge tenke på når dei skal velje studie?

– Du må våge å «gutse» litt og tru på deg sjølv. Gå etter det du har lyst til, sjølv om det verkar skummelt.

Og når du har valt: Tør å ta plass og ikkje ver for sjølvkritisk. Det som er spennande, kan òg vere krevjande. Men prøv å stå i det til du finn ut om det er noko for deg.

  • Therese som sitter ved dommerbordet i en rettssal i Hordaland tingrett.

    Først var ho advokat. Så blei ho dommar. – Du kjem veldig tett på traumatiske opplevingar som folk ber med seg, utan at du får gjort så mykje med det. Det er krevjande, seier ho.

  • Therese Skodvin tar på seg kappen i Hordaland tingrett.

    Ho prøver å behandle folk likt og med respekt. Og minne seg sjølv på: Sjølv om det er ein vanleg arbeidsdag for henne, kan det vere livsviktig for personane som er til stades i rettssalen.

  • Therese Skodvin på dommerkontoret i Hordaland tingrett

    Korleis få eit bra liv? Finne balanse i ting. Og nyte det du får vere med på. Også i arbeidskvardagen.

Det er aldri for seint. Dagrun Waag Linchausen var nesten 50 år då ho bestemte seg for å bli lege.

Gerd Johanne Braadland

Dagrunn Waag Linchausen (71)

Yrke: Lege (tidlegare legevaktsjef i Bergen)

Utdanning: Siviløkonomi ved Norges Handelshøyskole (NHH) og medisin ved Universitetet i Bergen (UiB)

🥕: Du kan gjere ein forskjell for nokon.

– Kva bør unge tenke på når dei skal velje studie?

– Ikkje la status styre det du vel. Viss du er god i jobben din og mot kollegaene dine, så nyt du ein respekt som langt overgår det.

Dagrun møtte veggen etter mange år i næringslivet. Då starta ho heilt på nytt. Ho var nesten 50 år då ho bestemte seg for å bli lege.

– Vel du feil, kan du alltid velje om igjen. Den moglegheita har vi, alltid.

  • Dagrun Waag Linchausen som snakker i mobiltelefon på Bergen legevakt

    Dagrun Waag Linchausen (71) var legevaktsjef på Bergen legevakt då ho gjekk av med pensjon. Framleis tek ho mange vakter på legevakta.

    Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK
  • Dagrun går med rask gange på Bergen legevakt. Her iført hvit uniform

    Ta eit val. Helst basert på noko du har lyst til å gjere. Det å gå rundt og lure og aldri ta eit val, er enda verre. Kanskje det blir gøy? Ingen angrar uansett på det dei har gjort, seier ho.

    Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK
  • Dagrun Waag Linchausen

    Når du kjem ut i arbeid, så hugs: Dersom du gjer ein god jobb (gjer ditt beste) så trivst du også betre, meiner Dagrun.

    Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

Sverre Dingsøyr (32) er frå Høyanger og trodde før at alle hadde ein meining om han. No har innsett at det ikkje er så viktig.

Tare Reklev Øverbø

Sverre Dingsøyr (32)

Yrke: Prosessteknikar i Norsk Hydro

Utdanning: Fagbrev i kjemi og prosess

🥕: Å jobbe med dedikerte folk!

– Kva bør unge tenkje på når dei skal velje utdanning?

– Du må gi litt f*** i kva andre tenker. Det er viktig å lytte til andre, men ver kritisk når du lyttar. Still spørsmål tilbake.

Sverre gjekk fyrst fire år på lærarutdanning, men fant ut at det ikkje var noko for han. Han føler at han sløsa bort åra.

– Eg følte vel eit lite press frå familie og sånt. Dei forventa at eg skulle bli noko anna enn industriarbeidar eller mekanikar. Det vil eg sterkt frårå andre.

Uansett kva du blir, er ikkje det A-L-T.

– Å bli lukkeleg handlar ikkje berre om jobb, finn deg noko å kople av med. Fritidsinteressene kan vere akkurat like viktig.

  • Sverre Dingsøyr på vei ned en trapp, på jobb hos Norsk Hydro.

    Sverre Dingsøyr synest at unge bør gi meir f***. Han angrar på at han høyrde på familien sin. Press gjorde at han starta på eit studie som ikkje var noko for han.

    Foto: Tage Reklev Øverbø
  • en stabel med tønner

    No er han prosessteknikar på Norsk Hydro i Høyanger. Her sørger han for at alle har ein sikker og god kvardag på jobb.

    Foto: Tare Reklev Øverbø / NRK
  • en mann i en oransje vest som jobber på en maskin.

    Dersom nokon gir deg råd, ver litt kritisk. Still spørsmål til råda du får. «Kvifor er det lurt?», til dømes.

    Foto: Tare Reklev Øverbø / NRK

Oddvar Torshiem er bildemakar, grafikar og forfattar. Det er ein beinhard jobb. Det er ikkje noko kjære far og mor. Eg har klart meg på mystisk vis, seier han.

Tare Reklev Øverbø

Oddvar Torsheim (86)

Yrke: Bildemakar, grafikar og forfattar

Utdanning: Kunstnar ved Kunst- og designhøyskolen i Bergen og Det Kongelige Danske Kunstakademi i København

🥕: Prosessen og utviklinga ved å skape noko fysisk.

– Kva bør unge tenkje på når dei skal velje utdanning?

– Det er viktig å ta val og ta ein sjanse. Det sa Piccaso og. Det er ikkje dumt å høyre litt på foreldra. Men den indre stemma er viktigast.

– Kva er den største feilen ein kan gjere?

– Ein må ikkje venne seg til å henge for mykje i barar. Det er veldig freistande å stikke av frå alt saman. Mange tenkjer at ein slappar av på fest, men det gjer ein ikkje. Ein stikk av.

– Korleis veit ein når ein har valt rett?

– Når noko kjem attende og attende, og ein lykkast med det ein gjer, må ein ha gjort noko rett.

  • Ein gammal mann som sit i ein stol i et rotet rom. Mannen har på seg et raudt skjerf og er kunstnar.

    Rot i systemet eller system i rotet? Torsheim meiner sjølv det siste.

    Foto: Tare Reklev Øverbø / NRK
  • ein gammal mann med skjerf

    Eit råd til ungdommen? Aldri gi opp.

    Foto: Tare Reklev Øverbø / NRK
  • ein person som ser på et maleri

    Ta eit val. Ikkje høyr for mykje på omgivnadene dine, seier Torsheim.

    Foto: Tare Reklev Øverbø / NRK

Anja Bakken Riise har våga å ta plass. Det har gitt ho jobbane. Ikkje studiane.

Preben Nedreberg Holmøy

Anja Bakken Riise (37)

Yrke: Leiar i Framtiden i våre hender

Utdanning: Bachelorgrad i utviklingsstudium ved Oslo Met

🥕: Eg får bruke masse tid på noko eg verkeleg brenn for!

– Kva bør unge tenke på når dei skal velje studie?

– Studer noko du er nysgjerrig på eller vil lære meir om. Ikkje tenk på kva du skal bli til slutt. Du kan ta nye val undervegs. Senk skuldrene.

Studia har vore lite avgjerande for jobben ho har i dag. Det har vore viktigare å ta plass og tørre å søke på krevjande jobbar. Sjølv med lite erfaring.

– Kva er den største feilen du kan gjere?

– Den er å høyre på foreldra sine. Ikkje høyr på kva andre synest at du passar til. Kjenn etter sjølv.

  • Anja Bakken Riise holder hånden på en mikrofon på kinnet.

    Anja Bakken Riise testar mikrofonen før ho skal delta i ein paneldebatt under klimafestivalen Varmere Villere Våtere i Bergen.

    Foto: Preben Nedreberg Holmøy
  • en person som holder en mikrofon i hånden

    Jobben? Papirarbeid, politisk strategi og paneldebattar. Ho skriv talar, kronikkar og innlegg. Nokre gonger deltek ho i paneldebattar. Som i dag.

    Foto: Preben Nedreberg Holmøy
  • Anja Bakken Riise prater med folk før hun skal opp på scenen under festivalen Ville Våtere Varmere i Bergen.

    Studia har hatt veldig lite å seie for jobben Anja Bakken Riise har i dag. Det at ho var med i studentorganisasjon var vel så viktig, fortel ho.

    Foto: Preben Nedreberg Holmøy

Då er du kanskje litt klokare før du skal ta ditt neste val.

Og hugs: Fristen er 15. april.

Hei!

Tusen takk for at du leste saken! Tenker du på noe? Har du noe på hjertet som jeg burde skrive om? 

Jeg blir veldig glad for en e-post. 

Publisert 14.04.2025, kl. 10.19 Oppdatert 14.04.2025, kl. 10.28

Read Entire Article