Kva har skjedd på Grønland?

2 weeks ago 6


I desse dagar er verdas auge festa på Grønland, og fleire spør seg: Kva kjem til å skje på øya?

Trump og USA truar Danmark sin suverenitet over Grønland.

Noreg har også prøvd det tidlegare, utan hell.

Berre fordi danskane drog dit med ein båt for 500 år sida, betyr ikkje det at dei eig landet, har Trump sagt.

Vi skal sjå nærare på historia til den største øya i verda.

OLIVIER MORIN / AFP / NTB

For 4500 år sidan, samtidig som det blei bygd pyramidar i Egypt, kom dei første menneska til Grønland.

Dette var små grupper, som vandra austover frå Ellesmere Island, øya er ein del av dagens Canada.

Det er berre 25 kilometer med hav som skil den kanadiske øya og Grønland – islagt hav.

– Denne strekninga er frosen over det meste av året, sjølv den dag i dag.

Det fortel polarhistorikar Susan Barr.

Pre-inuittane kunne dermed vandre over isen til Grønland.

– Dei følgde dyra og moglegheitene, seier Barr.

Dei vandra inn nordvest på øya, og spreidde seg etter kvart langs kysten.

Gjennom historia har klimaet endra seg på Grønland – det har vore varmare og kaldare periodar.

I milde tider, var det mogleg for menneske å leve der. Når klimaet endra seg, og det blei kaldare, forsvann menneska.

– Enten så døydde dei, eller så drog dei tilbake til Canada. Det veit vi ikkje, seier Barr.

Maleri av Carl Rasmussen, Public domain, via Wikimedia Commons

Då den norsk-islandske oppdagaren Eirik Raude, far til Leiv Eiriksson, kom til Grønland i 982, var landet aude.

Gjennom tusenvis av år har befolkningstalet på Grønland variert kraftig – utan at det nokon gong har vore særleg folksamt.

Raude var den første europearen som busette seg Grønland.

Han var mannen som døypte landet til «Grønland», sjølv om store delar av landområdet er dekt av ei iskappe.

Oppdagaren var dømd «fredlaus» både i Noreg og på Island – det betydde at han måtte forlét landa.

Raudes håp var at namnet skulle freiste folk til å følgje han vestover.

En person står i snøværet iført en mørk jakke med en stor krage. Snøfnugg faller rundt dem, og landskapet i bakgrunnen er dekket av et tynt lag snø. Det er trær og busker i nærheten som gir en vinterlig kontekst til scenen. Belysningen er dempet, og det ser ut til å være tidlig på dagen.En person står i et snødekt landskap med nakne grener i bakgrunnen. Vedkommende har kort, hvitt hår og bærer en mørk jakke med en fluffy krage. Snøen dekker jakken, og det ser ut til åsnø med snøfnugg som faller. Lysforholdene indikerer muligens en overskyet dag.

Polarhistorikar Susan Barr har mykje kunnskap om Grønland.

Håvard Myhre / NRK

Barr tar namnevalet i forsvar:

– Det kan også vere relativt grønt heilt i sør, der dei norrøne etablerte seg. Det er jo sauegardar der no, det er ein del buskar og gras. Det er fullt leveleg.

Raude utforska store delar av Grønland sin vestkyst. Der fann han restar av buplassar og båtar som tilhøyrde ein framand kultur.

Historikarar trur derimot ikkje at dei norrøne trefte på inuittar med det første.

Thule-folket kom over Beringsundet til Alaska på 500-talet. På 1200-talet innvandra Thule-inuittar austover til Grønland.

Dette var forfedrane til dagens inuittbefolkning som bur på øya.

– Vi veit at dei norrøne og inuittane kom i kontakt med kvarandre på denne tida, fordi vi finn norrøne reiskapar i restar av enkelte thule-busetnadane, seier Barr.

Fire inuitter som smiler til kamera. De har langt mørkt hår, og brune jakker.

Inuittar frå Nordgrønland. Avbilda i 1903, under Roald Amundsens «Gjøa-ekspedisjon».

Foto: Severin Worm-Petersen / Public domain

I 1261 blei Grønland innlemma i Noregsveldet, etter at dei norrøne bygdene inngjekk ein avtale med den norske kongen Håkon Håkonsson.

Dei norrøne grønlendarane skulle betale skatt til Noreg, mot at det blei tilført nødvendige varer til Grønland.

Dei viktigaste importvarene var korn, jern og tre. Varene blei frakta i båtar frå Island.

Då svartedauden kom, på midten av 1300-talet, sa det stopp for handelen mellom Grønland og Noreg.

Åra gjekk, og kontakten mellom Grønland og resten av Norden blei stadig mindre.

Då Noreg blei underlagt Danmark i 1536, hadde den norrøne befolkninga på Grønland forsvunne.

– Vi veit ikkje kva som skjedde med dei. Det er lagt fram fleire teoriar, men ingen veit, seier Barr.

– Det var kanskje ikkje livsgrunnlag for dei lenger, i og med at dei etter kvart ikkje fekk noko hjelp frå Island.

Etter at dei norrøne forsvann, fortsette Thule-inuittane å folkesette Grønland. I ein periode hadde grønlendarane avgrensa kontakt med omverda.

Den norske presten Hans Egede blir kalla for «Grønlands apostel». I over eit tiår arbeidde han iherdig med å få til ei misjonsreise til Grønland.

Egede frykta at dei norrøne på Grønland ikkje hadde fått med seg reformasjonen, og at dei framleis var katolikkar.

I 1721 reiste den første ekspedisjonen frå Bergen. Den bestod av tre skip og 40 personar, i tillegg til Egede og kona hans.

Presten fann ingen norrøne på Grønland, men han møtte på øya si stadig veksande inuittbefolkning.

Misjonsverksemda blei starten på den nordiske koloniseringa av Grønland.

Gamlebyen i Nuuk, hovedstaden på Grønland.

Statuen av Hans Egede står høgreist i Nuuk.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

– FN har dokumentert at Hans Egede brukte tukt og fysisk straff, snakka stygt om inuittane og antyda at dei skulle brukast som slavar. Tradisjonar og tru blei forbodne, til dømes tradisjonelle tatoveringar og trommedans, seier forskar Anna Arntzen.

Egede var med på å grunnlegge Godthaab, som i dag heiter Nuuk og er hovudstaden på Grønland.

I Nuuk står det reist ein statue av presten – denne er omstridd.

En kvinne med boblejakke står på en snødekt gate.

Anna Arntzen bur på Grønland og forskar på effektane nordisk kolonisering har på det grønlandske samfunnet i dag.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Ved Kieltraktaten i 1814, som følge av Napoleonskrigane, gjekk Noreg frå å vere under den danske kongen, til å vere under den svenske.

– Nokon smarte menneske i Danmark ordna avtalen slik at Grønland, Island og Færøyane ikkje blei overført til Sverige – sjølv om dei hadde vore del av det norske kongedømmet i mellomalderen, fortel Susan Barr.

I 1814 fekk Danmark difor formelt overhøgda av Grønland.

Det er ikkje lenge sidan Noreg utfordra Danmark sin suverenitet på Grønland.

I 1931 gjorde norske fangstfolk ein privat okkupasjon av eit område nordaust i landet.

– Dei hadde drive med fangst i dette området, og meinte at denne delen av Grønland skulle tilhøyre Noreg, seier Barr.

En kvinne i rød jakke stå på en plen med et Grønlandsk flagg foran seg.

Susan Barr, i raud jakke, var på besøk i det ein gong okkuperte «Eirik Raudes land» i 1991.

Foto: Privat

Aktivistane døypte det okkuperte området til «Eirik Raudes land». Okkupasjonen blei godkjent av den norske Bondeparti-regjeringa.

Danmark tok saka inn for den internasjonale domstolen i Haag. Dommen kom i 1933, der tapte Noreg på alle punkt, og okkupasjonen blei oppheva.

Henry Burroughs / AP / NTB

9. april 1940 blei Danmark okkupert av Tyskland, og kontakten med Grønland blei kutta. Danmark sin ambassadør i USA, Henrik Kaufmann, gjorde i 1941 ein avtale med USA om at amerikanarane skulle overta forsvaret av Grønland.

Etter slutten av krigen forlét amerikanarane basane sine på Grønland.

Då Danmark gjekk inn i Nato, nokon år etter krigen, fekk USA igjen rett til å ha militære basar på Grønland. USA har éin militærbase på Grønland i dag, «Pituffik Space Base».

JOHN RASMUSSEN / AFP / NTB

I 1979 fekk Grønland «heimestyre». Det vil seie at dei har eigne val, og kan styre i sitt eige land.

– Dei har eige parlament, og dei har sjølvstyre i alt unntatt forsvars-, utanriks – og pengepolitikk, seier Barr.

I ei folkeavstemming i 2009 stemte grønlendarane for å få utvida sjølvstyre.

Som følge av dette kom «sjølvstyrelova». I sjølvstyrelova heiter det at grønlendarane – ved folkeavstemming – har rett til å krevje rett til fullt sjølvstende frå Danmark.

– Derfor har det blitt gjentatt av grønlendarar mange gonger sidan Trump sine truslar starta, at det er grønlendarane sjølv som bestemmer Grønland si framtid, fortel Anna Arntzen.

Det politiske fleirtalet på Grønland ønsker å krevje sjølvstende på sikt.

– Nesten alle dei grønlandske partia ønsker sjølvstende, men det er forskjell på korleis og kor fort dei ønsker at dette skal skje, seier Arntzen.

To personer står side om side under en pressekonferanse. Den ene personen, iført en blå hettegenser, ser oppmerksomt ut mot forsamlingen. Den andre personen, kledd i en grå jakke, har hodet vendt mot siden. Bakgrunnen er nøytral, med uklare detaljer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Grønlands regjeringssjef Jens-Frederik Nielsen og Danmarks statsminister Mette Frederiksen.

Foto: Liselotte Sabroe / Reuters / NTB

Arbeidet dei siste tiåra har bana veg for sjølvstende for Grønland.

Vegen har vore lang.

– Det går i dag føre seg ein avkolonisering i den grønlandske politikken, samfunnet og kulturen, fortel Arntzen.

– Grønlendarane vil leve etter sine eigne verdiar, og bygge opp samfunnet i sitt eige land på ein måte som passar dei.

Interessert i kva som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonen sin nyaste podkast:

Publisert 17.01.2026, kl. 20.08 Oppdatert 18.01.2026, kl. 04.28

Read Entire Article