– Dei ser at personen som er på jobb er oppteken med andre kundar, og då slår dei til, seier gallerieigar Bernt Biseth.
Søndag ettermiddag vart Galleri BI-Z i Kristiansand sentrum utsett for eit tjuveri.
Tjuven stakk av med eit bilete og ein statue med ein verdi på til saman 40.000 kroner.
Ifølgje Biseth skal personar som kom med tjuven ha stått utanfor butikken og passa på.
Mann pågripen
Politiadvokat Ole Martin Paulsen seier til Fædrelandsvennen, som skreiv om tjuveriet først, at ein mann nå er pågripen.
– Han sit i arresten i Kristiansand og vil bli forsøkt avhøyrt i løpet av tysdagen. Av omsyn til den vidare etterforskinga kan eg ikkje seie noko meir per no knytt til tjuveria, seier Paulsen til avisa.
Bernt Biseth har drive galleri i Kristiansand i mange år. Det er sjeldan dei har opplevd tjuveri.
Foto: Geir Ingar Egeland / NRKSåg sitt snitt
Galleriet har halde til i Kristiansand i over 60 år.
Biseth fortel at det er sjeldan dei har blitt utsett for tjuveri som dette.
– Det er kanskje 15 år sidan vi har hatt noko tilsvarande der folk har forsynt seg, seier han.
Overvaking frå galleriet viser at to menn tek ei runde rundt i lokalet før den eine av dei knabbar med seg gjenstandane då den tilsette på jobb ikkje følgjer med.
Normalt har dei to tilsette på jobb også på søndagar, men dette var ikkje tilfelle då tjuveriet vart gjort.
– Det er normalt ein veldig roleg dag der folk stikk innom når dei tar ein tur til byen.
Videoen viser tydeleg korleis mannen plukkar med seg ein statue og eit bilete frå galleriet.
Foto: Galleri BI-Z– Må vere på vakt
Galleriet vil gjere fleire tiltak for at noko liknande ikkje skal skje igjen.
– For det første må vi vere på vakt. Og så må vi kanskje ha inn vektarar på enkelte dagar, seier Biseth.
Han vil også ha fleire kamera i lokalet.
– Vi må sjølvsagt også passe betre på dei små objekta våre som har ein høg verdi. Dei må sikrast ekstra godt, seier han.
Publisert 18.03.2025, kl. 13.39