Snikkaren Tommy Ingebrigtsen byggjer eit liv for seg og familien.
I eit forblåst fiskevær i Nordland ...
... har han funne plassen sin.
Men vel på plass på øya står han brått i ei livskrise som endrar alt.
Då finn snikkaren trøyst på ein heilt spesiell måte.
Tommy Ingebrigtsen (36) lirkar ut ei skuffe i skatollet heime i stova på Vokkøya.
Ho er overfylt med ferdige og halvferdige små og store akvarellar. Dei fleste viser hav som herjar og båtar som stampar seg fram.
På gardsplassen utanfor stoveglaset er det spor frå dagens utearbeid. Gravemaskina støttar seg til ein jordhaug.
Tommy er snikkar og skal sette opp ny låve på garden han deler med kjærasten Marit Skogsholm (36) og har begynt å grave ut tomta.
Arbeidsnevane til snikkaren festar eit lite stykke papir med blå teip til stovebordet.
Han finn fram ein kopp med vatn og ein med kaffi. Vatnet er til målarsakene. Kaffien til målaren. Han tek seg god tid. Dette er ei viktig stund for han.
– Kall det gjerne terapi, fortel han.
Eit uvanleg val
Tommy er ein nordlending som fiksar det meste. Latteren og dei kjappe replikkane kjem lett.
Men Tommy har også fått kjenne på noko tyngre og mørkare.
For åtte år sidan tok Tommy og kjærasten Marit eit uvanleg val. Dei braut opp frå bylivet i Bodø og flytta langt ut i Vestfjorden til fiskeværet Helligvær og til øya Vokkøya.
Dei skulle berre teste øylivet eit halvår. Sjølv om dei fleste hadde flytta frå det gamle fiskeværet, skjønte paret fort at dette var plassen dei skulle vere. Her ville dei starte familie og dele livet saman. Dei gjekk i gang med å byggje opp garden.
Marit og Tommy flytta til eit fiskevær for å starte livet i lag.
Tøff beskjed
Det var stormar, vegløyse og eit enklare liv dei hadde førebudd seg på, men det var noko heilt anna som skulle gjere kvardagen ekstra vanskeleg.
Knapt eit år etter at dei flytta ut i havgapet, fekk snikkaren den tøffe beskjeden.
– Eg oppdaga ein liten kul på armen og hadde jo ei viss kjensle av at kanskje det her var noko skummelt.
Tommy hadde fått kreft.
Likevel var det ikkje kreftsjukdomen som skulle bli den hardaste kampen.
Møtte veggen
Øylivet måtte vente. Tommy måtte bli frisk.
Sjølv om prognosane var gode, var det fare for tilbakefall.
Kvardagen var brått endra for snikkaren, og bak det blide og tøffe ytre skjulte det seg no noko mørkare.
Han skjønte alvoret og vart redd for kva dette skulle bety for framtida.
– Eg møtte veggen. Det var ei kjempetung tid for meg. Psykisk.
Marit prøvde å hjelpe Tommy med å tenkje på andre ting enn sjukdomen.
– Det var ei stor påkjenning. Eg prøvde å hjelpe han med å ta litt avstand frå sjølve sjukdomsdelen. For kreften kunne eg ikkje gjere noko med, men eg kunne vere der for han ved å finne på andre ting, fortel ho.
Kunsten til morfaren
Marit vart ei viktig støtte. Og det var ho som til slutt pusha han til å gjere alvor av ein gamal hobby.
Det er på ei kunstutstilling i Kvæfjorden Tommy først møter hobbyen sin igjen. Ein hobby som skal bety mykje for han.
Utstillinga markerte det som skulle ha vore 100-årsdagen til morfaren hans, Petter Fredriksen. Morfaren var fiskar og kunstnar. Han hadde utdanning frå Paris og ei stor kunstsamling. Denne dagen blir alt morfaren nokon gong hadde teikna og måla stilt ut.
– Det var utruleg inspirerande å sjå alt han hadde fått til, fortel Tommy.
Kunsten til bestefaren tente ein glød i han. I oppveksten hadde morfaren lært Tommy å teikne litt.
Marit oppmoda han til å byrje å måle og teikne og kjøpte målarsaker til han.
Medan han venta på operasjonen starta snikkaren så smått å måle og teikne igjen. Han merka at det gjorde noko med han. Tommy fann fram penslane oftare.
Akvarellane vart ei redning for Tommy då han stod midt i ei livskrise.
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRKDet gav han kontroll på dei vonde tankane, og han ramla inn i ei boble der ingenting anna eksisterte.
– Det var berre eg, og det eg skulle måle.
Heime på Vokkøya henta han inspirasjon. Frå utsikta mot havet, båtane som reiste forbi, den røffe og vakre naturen og det rike dyrelivet. Det vart ei viktig avkopling.
Ein halvert biceps
Vinteren og våren 2018 budde han mykje på sjukehus i Bergen. Milevis unna Vokkøya. Her fekk han strålebehandling og vart operert.
Marit blei med han til kvar einaste behandling.
– Det var utruleg fint. Ho er god til å få meg til å tenke på andre ting når eg fell inn i eit negativt tankespinn.
Før operasjonen fekk snikkaren beskjed om at det ikkje var sikkert at dei kunne berge nervebana til handa og armen.
– Men då hadde det gått så langt at eg brydde meg ikkje noko om det. Eg ville berre overleve.
På oppvakninga etter operasjonen merka Tommy at han heldigvis kunne røre på armen.
– Då var eg bra lukkeleg. Då visste eg at eg i alle fall kunne teikne og måle. Eg kunne jo ikkje snikre og sånn med ein gong. Men eg kunne i alle fall gjere noko.
Tommy vart friskmeld, og dei kunne reise tilbake til kvardagen på øya si. Halve bicepsen var vekke og Tommy sjukmeld frå jobb.
Tommy er endeleg tilbake på øya si etter operasjonen og lang tid på sjukehus.
Foto: PrivatHelseangst
Den første tida etter operasjonen kjende Tommy på ei stor lette.
Men etter ei stund kom ein skremmande tanke: Kva om kreften kjem tilbake?
– Då vart alt veldig tungt, og dei vonde tankane sneik seg innpå meg igjen. Det er fort gjort å få helseangst, fortel Tommy.
Operasjonen var stor. Og han kunne framleis ikkje jobbe. Det vart mykje tid til å tenkje.
– Det er jo ikkje kroppen som får det største arret. Det er psyken.
På eit tidspunkt måla Tommy opp mot fire akvarellar for dagen.
Foto: PrivatTommy tok fram penselen att, og motiv frå havet og øya blei foreviga av farge og vatn. Den sommaren målar han fire akvarellar kvar dag.
«Mannskit»
Heime i stova på Vokkøya er det knapt mogleg å få kontakt med Tommy. I djup konsentrasjon skapar han eit blått landskap til ei gamal jekt.
I vindauget bak han ser ein bølgjene slå lett mot land og ferja mellom Bodø og Moskenes som glir forbi uti fjorden. Det tek ikkje lang tid før penselstroka har forma ei mast med brunraude segl. Det er lett å sjå at han let seg fascinere av nordlandsbåtar.
Sjølv kallar han mange av måleria sine for noko skikkeleg «mannskit».
– Når eg er ferdig med eit måleri, og eg er litt misfornøgd, så set eg det opp på hylla i stova. Så går det nokre dagar, så ... Nei, kanskje det var litt fint likevel, seier han og ler.
Sjølv om det er kjekt å sjå dei ferdige måleria er det sjølve prosessen som er viktigast for Tommy.
– Tankane berre flyg av garde og tida står stille. Det er ei fin flukt i kvardagen.
Far for første gong
Året etter operasjonen fekk Tommy og kjærasten ei gladmelding. Dei skulle bli foreldre for første gong, og garden deira har også vakse med både sauer og høner.
Tommy og Marit då dei venta eldstedottera.
Foto: PrivatMen kort tid etter gladmeldinga fekk Tommy også ein annan beskjed. På den siste rutinekontrollen på sjukehuset i Bodø skjedde det han frykta.
– Dei fann skuggar på lungene og på skjoldbruskkjertelen, som dei var usikre på kva var.
Dei negative tankane var på plass att. Han vart redd for tilbakefall.
– Det var eit kjempeslag i fleisen for meg. Då kjendest det som at det var det siste eg kom til å få oppleve. At eg kanskje ikkje får oppleve mi eiga dotter ein gong. Det var blytungt.
Tommy frykta det verste.
Mentalt sterk
Hobbyen vart livsviktig. Tommy skulle bli pappa, og han nekta å la mørket vinne. Han ville vere sterk – både i kroppen og i hovudet.
– Eg ville jo vere tipp topp på alle moglege måtar.
Sjølv om skuggane på bileta viste seg å vere ufarlege, sat støkken i lenge. Kroppen var frisk, men den mentale oppryddinga tok tid. Akvarellane hjelpte han med å få uttrykkje kjenslene og tankane gjennom penselen.
– Eg jobba mykje med psyken min og tankesettet mitt.
Ei gåve i livet
På gardstunet på Vokkøya er det ikkje berre lam, villsau og høner som no spring rundt.
Tilde (5) og Maja (3) følgjer spent med når pappa Tommy kjem køyrande med gravemaskina. Saman med dei kjenner han seg som ein superhelt.
– Kvar ein dag med jentene er ei gåve i livet, seier Tommy.
Helseangsten vart på mange måtar tøffare å overvinne enn sjølve kreftsjukdomen.
Ein redsel for å miste det han hadde i vente.
Kunsten gjorde det enklare å takle angsten. Ein måte å meistre noko på og hjelp til å fokusere på dei rette tinga.
Han kjenner seg sterkare mentalt. Sterk for Marit, og for døtrene.
– Eg har blitt betre rusta. Det har eg. Eg prisar meg lukkeleg for kvar dag eg er frisk, fortel Tommy.
Kopplam om våren skapar fine stunder for heile familien på Vokkøya. Tilde (t.v.) og Maja (t.h.) er ivrige hjelparar.
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRKKan ikkje berre vente på framtida
I sommar vart det bryllaup på Vokkøya, og paret kunne endeleg seie «ja» til kvarandre. Marit kjenner at dei har kome godt ut av dei tunge periodane, og saman lært seg å fokusere på dei tinga som verkeleg betyr noko.
Marit og Tommy på bryllaupsdagen i sommar saman med jentene Maja (3) og Tilde (5).
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK– Det er viktig å leve her og no, og ikkje berre vente på alt som kjem, seier Marit.
Tommy er samd med kona.
– Dei dagane eg kan sleppe alt heilt og berre leike og herje med jentene, det er den finaste tida eg har i livet, seier han.
Tommy legg ned penselen for i dag og losnar den blå teipen. Nok ein nordlandsbåt i blått havgap kan leggast til samlinga.
– Eg synest ikkje dette er det beste eg har gjort, men godt nok, seier han og ler.
På kort tid har det kvite arket fått liv. Nordlandsbåtar er noko av det Tommy målar mest.
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRKSjå Tommy Ingebrigtsen og Marit Skogsholm i sesong 24 av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

















English (US)