Ku satt fast i myra i Vågå – redningsaksjon pågjekk

1 week ago 3


– Hovudet og ryggen er over myra, men elles sit kua bom fast. Ho har sett seg ganske godt fast, men utover det verkar kua frisk og rask, seier brannsjef i Vågå brannvesen, Roar Strand.

Det sa brannsjef i Vågå brannvesen, Roar Strand, klokka 11.30.

Da hadde dei ein pågåande redningsaksjon etter ei ku som sat bom fast i myra i Vågå i området rundt Lemonsjøen.

Uvanleg oppdrag

Klokka 12.30 opplyser Strand at kua er redda opp.

– Den er på veg ut av myrområdet. Den blir teke med på ein liten gå- og joggetur, seier Strand.

Han fortel at det er ikkje kvar dag at dei får slike oppdrag.

– Det viser jo mangfaldet i type hendingar vi blir kalla ut på.

Slik redda dei kua

Ifølge Strand skal kua vere oppegåande etter den dramatiske hendinga.

Brannvesenet brukte dyreredningsutstyr frå brannstasjonen i Heidal. I aksjonen brukte dei skjener, tau og ATV.

Brannvesenet veit ikkje korleis kua klarte å kome seg ut på myra og sette seg så grundig fast.

Publisert 08.08.2025, kl. 11.56 Oppdatert 08.08.2025, kl. 12.52

Read Entire Article