Kritiserer Kiwi-kampanje: – Forvirringa er ganske komplett

9 hours ago 3


– Det blir vanskelegare og vanskelegare for kundane å gjere bevisste val.

Det seier Thomas Iversen i Forbrukarrådet.

Dei er kritiske til at butikkane gir enkelte rabattar på hylleprisen – andre i kassa – medan nokre kampanjar berre er til medlemmer som får pengar på bonuskonto.

Då må kunden drive prosentrekning i butikken for å finne ut totalprisen.

– Forvirringa er ganske komplett for mange, seier Iversen.

Thomas Iversen, seniorrådgiver i Forbrukerrådet på

Forbrukarrådet jobbar med å rettleie forbrukarar og påverke samfunnet i forbrukarvennleg retning.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Det som utløyste kritikken er ein kampanje frå den største daglegvarekjeda i landet.

«KIWI gjør påsken sunnere – gir 30 prosent bonus på all frukt og grønt»

Fram til etter påske får alle i kundeklubben Kiwi Pluss ekstra bonus på desse varene. Dette kjem i tillegg til priskrigen som kjem før kvar påske.

Då kan du vente priskutt på varer som påskemarsipan, grillpølser og smågodt.

Logo til dagligvarekjeden Kiwi.

Kiwi har over 690 butikkar og over 14.000 tilsette over heile landet.

Foto: Audun Braastad / NTB

– Absolutt alle får tilbod på usunne varer, medan berre dei i kundeklubben får tilbodet på dei sunne. Det ville vere mykje betre med like tilbod. Altså reine avslag på både på grønsaker og sjokolade, utan å gå via kundeklubb, seier Iversen.

Avviser kritikken

Kiwi avviser kritikken blankt.

Her meiner vi Forbrukarrådet bommar kraftig, seier kommunikasjonsdirektør Kristine Aakvaag Arvin.

Kristin Åkvåg Arvin i Kiwi

Kristine Aakvaag Arvin er kommunikasjonsdirektør i den største daglegvarekjeda i landet, Kiwi.

Foto: Kiwi

Ho meiner at responsen frå kundane viser at bonus er populært. Arvin påpeikar at 2,3 millionar nordmenn har meldt seg inn i Kiwi Pluss.

Ho er ueinig i at bonus gjer det meir komplisert å rekne seg fram til sluttprisen.

– Vi ønsker å gjere det så enkelt som mogleg, seier Arvin.

– Kundane vi snakka med i butikken seier det er forvirrande. Kan du då seie at det er enkelt?

– Dei tilbakemeldingane vi får er at kundane er veldig nøgde med Kiwi Pluss-programmet, seier ho.

Gir butikkane store fordelar

Coop og Norgesgruppen har hatt bonusordning i årevis.

I februar starta også Rema 1000.

Dermed driv alle dei store matkjedene i landet med denne strategien.

Ifølgje professor i marknadsføring, Fred Selnes, gir kundeklubbar tre store fordelar for butikkane.

  • Lojalitet: Kundane får betre tilbod jo meir dei handlar og dette motiverer til å alltid handle ved same kjede.
  • Gratis kommunikasjon: Kunden registrerer seg med kontaktinfo. Då kan kjeda sende reklame på e-post, SMS eller i appen på telefonen. Dermed må dei bruke mindre pengar på annonseplass i til dømes aviser.
  • Kundedata: Kjedene får masse informasjon medlemmer i kundeklubben. Den registrerer kva du kjøper, kor ofte du handlar og kva tilbod du slår til på. Det gjer at dei kan lage betre strategi for å nå ditt handlemønster.

– Jo flinkare kjeda er til å lage lojalitetsprogrammet sitt, jo betre lønnsemd får dei. Dersom dei ikkje er med på dette, så kan dei tape litt kvart år og på sikt ende med ein mindre del av marknaden, seier Selnes.

– Kan dette vere positivt også for kundane?

– Ja, særleg for dei forbrukarane som er mest prisbevisste. Dersom du er medlem i fleire kundeklubbar og kan handle ulike tilbod i ulike butikkar, så er det pengar å spare, seier Selnes.

Professor Fred Selnes.

Fred Selnes er professor i marknadsføring ved Handelshøyskolen BI.

Foto: Berit Roald / NTB

Publisert 25.03.2025, kl. 15.52

Read Entire Article