Kristiansand startar vaksinering

5 hours ago 3


16.oktober startar vaksineringa mot influensa og korona i Kristiansand kommune.

Smittevernoverlege Priscilla Hilton oppmodar alle i risikogruppene for alvorleg sjukdom om å ta begge vaksinene.

– Influensavirusa endrar seg frå sesong til sesong og det er grunnen til at ein bør ta ny influensavaksine kvart år. Difor tilrår vi at personar i ulike risikogrupper og helsepersonell i nær pasientkontakt tek vaksina, seier ho.

nettsida si skriv Kristiansand kommune at vaksineringa vil skje på Kongens senter. Der er det mogleg å ta både influensa- og koronavaksine på same dag.

Personar fødde i 1960 får også tilbod om vaksine mot lungebetennelse til redusert pris.

Read Entire Article