Kristian­sund tapte mot Brann

1 day ago 7


Med ein svært direkte stil sjokkerte Brann gjestane frå Nordmøre. På ein halv omgang hadde dei sendt tre ballar i nettet, og meir skulle det verte.

Finne var sentral i overkøyringa. I tillegg til å skåre to gangar skapte bevegelsane hans panikken hos KBK.

Viktig var også Heggebø. Han skåra vakkert til 2–0 og auka til 3–0 frå straffemerket. Mot spelets gang fekk Kristiansund inn to reduseringar før pause.

Sigeren kom få dagar etter Branns 0-3-smell heime mot Molde. Den tok bergensarane opp i 23 poeng og gav framleis heng på serieleiar Viking.

Branns hovedtrener Freyr Alexabdersson etter eliteseriekampen i fotball mellom Brann og Kristiansund på Brann stadion.

Branns hovudtrenar er nøgd med dagens resultat.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Feil på feil

Finne fann nettmaskene på ein målvaktretur etter fire minutt. Det skjedde etter eit forferdeleg tilbakespel av Rezan Corlu, og KBKs kaptein Dan Peter Ulvestad greidde ikkje å rydde unna.

Bortelaget feilberekna også spretten då Heggebø fekk ballen og dobla leiinga. Same mann gjorde ein sikker straffeskåring ikkje lenge etterpå.

Moglegheita kom etter at bursdagsbarnet Adrian Sæther (24) hadde felt Joachim Soltvedt. Målvakta gjekk rett veg, men klarte ikkje å stoppe markkryparen.

– KBK får altså køyrt seg så grådig. Eg har ikkje sett eit så offensivt og direkte Brann-lag som dette før i år, sa TV 2s reporter Tore Gloppen frå indre bane.

Brann jubler etter eliteseriekampen i fotball mellom Brann og Kristiansund på Brann stadion.

Brann jublar etter eliteseriekampen.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Hardt ut mot sine eigne

Ruben Alte tente KBK-håpet med ei frisparkperle, og fem minutt før kvila straffa Mustapha Isah eit passivt Brann-forsvar.

Vertane skulle likevel gå i garderoben med to måls luke. Berre minuttet etterpå la Finne på til 4–2. Det blei først blåst for offside, men ein VAR-sjekk viste at det var feil.

– Det skjer mykje, og det skjer fort. Forskjellen er at vi er meir effektive, sa Finne beskjedent til TV 2 i pausen.

Alte tok på si side eit oppgjer med eige lag.

Kristiansund før eliteseriekampen i fotball mellom Brann og Kristiansund på Brann stadion.

KBK før kampen.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

– Vi starta kampen med å klø oss i ræva, og då blir det tøft mot eit så bra lag, freste han og kalla KBKs spel for «juniorfotball».

Det blei langt rolegare i 2. omgang, og dei siste 45 minutta gjekk utan scoringar.

Neste runde i Eliteserien er først om tre veker. Brann skal nordover for å møte regjerande meister Bodø/Glimt 21. juni, mens Kristiansund tek imot Rosenborg dagen etter.

(©NTB)

Publisert 01.06.2025, kl. 19.13 Oppdatert 01.06.2025, kl. 19.24

Read Entire Article