– Eg har fått fleire skumle historier om babyar som er blitt smitta av RS-virus, og blitt veldig sjuke.
Kristi Pedersen Madsen er i mammapermisjon med sonen Frantz på sju månader.
Då ho var gravid, valde ho å bruka 2.500 kroner på vaksine mot RS-viruset. Slik beskytta ho Frantz mot luftvegssjukdom som viruset kan gi, og som spedbarn er ekstra sårbare for.
– Eg hadde termin i februar, når faren for RS-virus er veldig stor. I tillegg har han ein storebror i barnehage, og som lett dreg med seg sjukdomar heim. Då følte me at det aller tryggaste var å ta vaksinen.
RS-virus er den vanlegaste årsaka til at barn under eitt år blir lagde inn på sjukehus.
Ein pasient med infeksjon forårsaka av RS-virus blir behandla på eit sjukehus i Sankt Augustin i Tyskland.
Foto: ReutersFemdobla bruk av vaksinen
Fleire enn 3.500 kvinner i alderen 15–50 år er vaksinerte med vaksinen Abrysvo sidan han blei godkjend i august 2023, ifølgje vaksinasjonsregisteret SYSVAK.
Dei fleste av desse har truleg tatt vaksinen fordi dei er gravide, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI).
Bruken av vaksinen er aukande, og det er om lag fem gonger så mange som har tatt vaksinen i år, samanlikna med i fjor. Vaksinen er berre tilgjengeleg med resept frå lege.
To vaksinar mot RS-virus blei tilgjengelege i Noreg for to år sidan. Den eine, Abrysvo, kan brukast av gravide mellom svangerskapsveke 24 og 36 for å beskytta spedbarnet det første halvåret.
Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK– Kan føra til at berre dei ressurssterke i praksis har eit val
– Her bør me handla raskt, seier professor Hedvig Marie Egeland Nordeng ved Farmasøytisk Institutt på Universitetet i Oslo.
Professoren meiner Noreg heng etter mange andre land.
– Anten må alle spedbarn få antistoff, eller så må alle gravide få eit gratis tilbod om vaksine.
Ei ny undersøking ho og kollegaer ved UiO har gjennomført blant fleire enn 900 gravide i Noreg, avdekker at informasjonen og råda gravide får om vaksinen er tilfeldig og sprikande. Og at prisen er ein barriere.
– Mange svarer at dei ikkje ville ta vaksinen dersom dei må betala sjølve.
– Kvinner med høg helsekompetanse og erfaring frå tidlegare svangerskap, klarte i større grad å orientera seg og ta aktive val. Førstegongsgravide og kvinner med lågare helsekompetanse opplevde oftare usikkerheit, særleg når informasjonen blei gitt tilfeldig. Dette kan i praksis bety at det først og fremst er dei ressurssterke som reelt har eit val, seier Nordeng.
Professor Hedvig Marie Egeland Nordeng ved Farmasøytisk Institutt på Universitetet i Oslo er prosjektleiar for ein studie på haldningar og synspunkt til vaksinasjon mot RSV under svangerskapet.
Foto: PrivatMange land har innført vaksine eller antistoff
Frå i haust får alle gravide i Danmark tilbod om RS-vaksine. Frå før tilbyr både Storbritannia og USA vaksinen til gravide.
Eit alternativ til vaksinen, er å gi antistoff til nyfødde. Blant landa som har innført dette, er Sverige og Finland.
I fleire av desse landa opplever dei ein markant nedgang i talet på innleggingar.
– Me ser på både vaksine til gravide og antistoff til spedbarn, der det blir ei vurdering om me skal ha det eine eller det andre, seier overlege Jacob Dag Berild i Folkehelseinstituttet (FHI).
Illustrasjon av RS-virus.
Foto: Getty Images/iStockphotoHan meiner både sjukdomsbyrda med mange innleggingar, at vaksinen er effektiv og at prisen kan skapa ulikskap i helse, talar for å ta det inn i vaksinasjonsprogrammet.
– Det er ikkje så mykje som talar imot, men den er litt dyr samanlikna med ein del andre vaksinar. I tillegg er RS eit sesongvirus. Risikoen for sjukdom, og dermed behovet for vern, vil variera noko gjennom året.
Saman med Direktoratet for medisinske produkt, jobbar dei no med ein rapport med faglege tilrådingar til helse- og omsorgsdepartementet. Rapporten skal etter planen leverast innan 1. november.
Jacob Dag Berild er overlege ved Folkehelseinstituttet.
Foto: Helle Westrum / NRK– No greier Direktoratet for medisinske produkt ut eit antistoff mot RS-virus for barn. Me vil etterpå vurdera om eit slikt tilbod skal bli del av barnevaksinasjonsprogrammet, seier statssekretær Usman Ahmad Mushtaq i Helse- og omsorgsdepartementet.
Kristi Pedersen Madsen på Tysnes håpar alle gravide skal få tilbod om gratis RS-vaksine.
– Slik det er no, verkar det jo som at me gravide tek kostnaden for helsevesenet. Ikkje berre for å sørga for at våre eigne ungar ikkje blir sjuke, men også for at dei ikkje skal hamna på sjukehus og ta opp plassar og kapasitet der.
Kristi Pedersen Madsen er for tida heime i permisjon med Frantz på sju månader.
Foto: Eli Bjelland / NRKPublisert 01.10.2025, kl. 05.07